Torgeir Berulvson
Torgeir Berulvson (fødd 13. mars 1864 på Galteland i Evje (no Evje og Hornnes kommune), død 1950) var skulemann.
Slekt
Torgeir - i kirkeboka ført som Torje - vart fødd 13. mars 1865 på Evje. Foreldra var gårdbruker Børuf Tellefsen og Ingebor Terjesdatter Galteland.[1] Torgeir Berulvson var gift med Ingebjørg Øverland. Ingebjørg er fødd 23. mai 1859 i Seljord. Hennar foreldre var Kitil Høieson Øverland og Maren Jørgensdotter Øverland.[2][3]
Ingebjørg og Torgeir fekk:
- Borghild Berulvson, fødd 1890 i Kristiania.
- Magne Ingemund fødd 1892. Han døydde av skarlagensfeber 3. februar 1896, 3 3/4 år gamal.[4]
- Maalfrid Berulvson, fødd 31/7 1897 i Seljord.
- Ingemund Berulvson, fødd 4/2 1900 i Landvik.
Familien bur på Vigmarken i Landvik i 1900.[5] I 1910 bur dei på garden Augland (Ugland) i Fjære, gnr 18, bnr 10. Torgeir er då omtala som amtsskolebestyrer & gaardbruker[6].
Ingebjørg Berulvson arbeider som husmor og lærerinde i haandarbeide i 1900.
Augland i Fjære
Berulvson kjøper gard i Fjære på auksjon 6. november 1908. Han gjer kr 9.700 for eiendommen.[7] I 1918 sel Berulvson garden til O. R. Føreid for kr. 44.000.- I 1927 sel Føreids dødsbu garden til Sara Lund Ugland for kr 16.050.- Ho var gift med Johan M. Ugland.(Det er mogeleg at desse handlene ikkje alltid er heile garden...)
Utdanning
Han tok eksamen ved Kristiansand stiftsseminar i 1883
Arbeid
Torgeir Berulvson kom i 1892 til ungdomsskulen i Aust-Agder. Denne skulen styrde han i tretti år, fyrst som amtsskule, sidan som folkehøgskule og til slutt som fylkesskule.
- Hausten 1894 er Amtsskolen i Froland.[8]
- Hausten 1895 er amtsskulen i Øyestad.[9]
- I 1898 er skulen i Vestre Moland[10]
- Våren 1900 er skolen i Reddal ved Grimstad.[11]
- Berulvson og amtsskulen er i Høvåg i 1910.[12]
I 1900 får Berulvson 200 kroner i lærarstipend frå Kyrkjedepartementet.[13]
Saman med skuledirektør Skard har Berulvson ansvar for eit "lærarskeid" i Kristiansand frå 25. juli til 20. august 1910.[14] Frå 1921 var han overlærar ved Kristiansand lærarskule.
Anna arbeid og interesser
Han var med i styret for Kristiansand folkemuseum frå 1923, frå 1939 som formann[15].
Berulvson var mykje med i fråhaldsarbeid og målarbeid. Han fekk Klostermedaljen og var heidersmedlem i Noregs mållag. Hausten 1898 er han, saman med mange andre sentrale kulturfolk, med og innbyr til Den norske Markanden, der formåelt er "at vække sansen for vor nationale kultur".[16]
I eit stykke i 1898 skriv Aasmund Olavsson Vinje at Berulvson "er og kar til aa syngja ei folkevise. Han song, las og snakka, so det var ein hugnad".[17]
I 1906 vert Berulvson nominera til stortingsmann frå venstrelag i Landvik og i Fjære.[18]
Sjå Fjære maallag.
Taler
Berulvson var ein aktiv mann i ymse rørsler. Han deltok på mange stemner og heldt mange taler.
- Om målsaken på Ungdomsstevne i Froland 13. og 14. juni 1897.[19]
- Om "Gamalnorsk bokheim" på lærarkurs i Seljord sumaren 1898, saman med m.a. Viggo Ullmann og Aasmund Olavsson Vinje.[20]
- "Menneske eg møtte. Om Lars Liestøl" - i Rikskringkastingen[21]
Skriftleg arbeid
Sakprosa
- "J. Løvland" i "Setesdals ungdomsskole 1876-1926"
- "Prost Bruhjells arkivutskrifter" i boka "Fjære kirke", utgitt av Fjære historielag 1940.
Debattinnlegg
- ""Vestlandsposten" og Sladderet", Fedraheimen 30/1/1886
Dikting
- "Ei Beledros" (novelle) - Fedraheimen 6/1 1886
- "Gamle Mor" (dikt) - Fedraheimen 19/3/1887
- "I naturi", i "Syn og Segn 6/1922.
Minner og utklipp
1912: Losje Terje Viken annonserer sin årsfest
1915: Torgeir Berulvsons skriv om "Samling", del 1
1915: Torgeir Berulvsons skriv om "Samling", del 2
1950: Et samtidig minneord ved Eirik Gunnheim. (Fra Nordisk Tidende 9/11 1950)
Referansar
- ↑ SAK, Evje sokneprestkontor, F/Fa/Faa/L0005: Ministerialbok nr. A 5, 1843-1865, s. 180 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060207011030
- ↑ SAKO, Seljord kirkebøker, F/Fa/L012a: Ministerialbok nr. I 12A, 1850-1865, s. 153 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051005050161
- ↑ https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052179002645
- ↑ Den 17de mai 6/2/1896
- ↑ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037201001002
- ↑ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036557001879
- ↑ SAK, Vestre Nedenes/Sand sorenskriveri, G/Ga/L0015: Panteregister nr. 12a, 1770-1957, s. 11
- ↑ Vestlandske tidende 5/9/1894
- ↑ Den 17de mai 30/8/1895
- ↑ Den 17de mai 18/8/1898
- ↑ Grimstad adressetidende 3/3/1900
- ↑ https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036561000779
- ↑ Den 17de mai 30/6/1900
- ↑ Stavanger Aftenblad 10/8/1910
- ↑ FVN 31/1/1997
- ↑ Den 17de mai 18/8/1898
- ↑ Den 17de mai 16/8/1898
- ↑ Nedenæs Amtstidende 25/7/1906
- ↑ Folketanken (Risør) 16/6/1897
- ↑ Den 17de mai 20/7/1898
- ↑ Indre Akershus Blad 15/7/1939
Kjelder og litteratur
- Usignert artikkel i Norsk Allkunnebok band II. Oslo 1951.
- Torgeir Beulvson i Historisk befolkningsregister.
Artikler omkring Fjære historielag:
Foreningshistorien: Fjære historielags første år |
Mellomkrigsår og første reetablering |
1940: Boka om Fjære kirke |
Fjære historielag 1940-1977 |
Reetableringen av Fjære historielag |
Juletrær til Orknøyene |
Fjære historielag i et nytt årtusen |
Fjære bygdebok |
Fjærefolk |
Fjære historienemnd
Historiefortellere: Torgeir Berulvson | Eirik Olson Bruhjell | Klemmet Lofthus | Peder K. Grevstad | Karl Ugland | Ole S. Fiære | Olav Uldal | Bjarne Moy | Kjetil Torbjørn Frogner | Anne Tone Aanby | Per Fuhr Assev | Johan Anton Wikander | Reidar Marmøy