Bernhard Rutledal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. feb. 2014 kl. 17:09 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (sortering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bernhard Rutledal (fødd 22. august 1902 i Rutledal i Gulen kommune, død 11. september 1998 i Balestrand) var lærar. Fleire av syskna arbeidde òg i skulen.

Han var son av bonde Hans Rutledal (1865-1959) og Sygni f. Slengesol. Faren var ordførar i Gulen 1911-31. Bernhard Rutledal tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1914 og arbeidde fyrst som vikar i Hyllestad og Gulen. I 1926 vart han tilsett ved Sudøyane skule i Gulen. I åra 1949-1969 arbeidde han ved Seljedalen skule og Flatbygdi skule i Vik kommune. Rutledal var og organist og songkorleiar i mange år. Heime i huset sitt i Balestrand hadde han eige kyrkjeorgel.

Rutledal vart gift med Anna Høyvik, dotter av treskjerar Ivar Høyvik og Eli f. Sætre.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket

  • Sæbø, Arne Inge: Skulesoge for Vik. Utg. Vik lokalhistoriske arkiv og Skald. 2005. ISBN 82-7959-071-4.