Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
SKAM-Tatoveringer, et lite potpuri. SKAM-fans har tatovert ulike sitat fra den populære TV-serien.
Foto: Eva Rogneflåten
(2018)
NEG 248 TV og mediebruk er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2013 med tittel Medienes plass i dagliglivet. Utsendar var Torunn Selberg ved Universitetet i Bergen og Line Grønstad. Denne spørjelista har samanheng med NEG 156 Bruken av TV frå 1990, også den sendt ut av Torunn Selberg.   Les mer …

Polarhelter. Fridtjof Nansen og karene som gikk på ski over Grønland 1888-1889. Postkort med portretter av grønlandsekspedisjonens medlemmer Ole (Nielsen) Ravna, Samuel (Johansen) Balto, Otto Neumann Knoph Sverdrup, Fridtjof Nansen, Oluf Christian Dietrichson og Kristian Kristiansen (Trana). Ett bilde fra Godthaab og kart over Grønland er også med.
Foto: Nasjonalbiblioteket
(1889)
NEG 218 Helter og forbilder er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2007 med tittel Helter og forbilder. Utsendar var Audun Kjus i samband med eit forskingsprosjekt om helteforteljingar i skule og undervisning.   Les mer …

Far og barn på tur i parken.
Foto: Nasjonalbiblioteket
NEG 110 Arbeidsdeling mellom menn og kvinner er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1965 med tittel Arbeidsdeling mellom menn og kvinner. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Brødbaking i gammel bakerovn på Øvre Askestad i Røyken. Ragnhild Askestad grisler brød.
Foto: Askestad / Registrert av OSØ 27-03-1998. Røyken historielags samling fra 1998-2001.
NEG 4 Baking er ei av spørjelistene til Norsk etnologisk gransking. Den vart sendt ut i 1947 med tittel Baking. Utsendar var Rigmor Frimannslund.   Les mer …

Slakting av gris til jul. Arbeiderbladet, 4. desember 1935/NB.
NEG 151C Tradisjoner (til barn og ungdom) er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1989 med tittel Tradisjon, Spørreliste til barn og ungdom. Utsendarar var Göran Rosander og Anne Moestue.   Les mer …

Norsk Skogmuseum.
Foto: Tom Bjørnstad

Norsk Skogmuseum, tidligere Norsk Skogbruksmuseum, er et nasjonalt museum for skogbruk, jakt og innlandsfiske. Museet, som ble etablert i 1954, ligger rett utenfor Leiret i Elverum. Utstillingene består av et friluftsmuseum og innendørsutstillinger.

De nordiske jakt- og fiskedagene arrangeres årlig på museet.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen


 
Andre artiklar