Forside:Arkivvesen

Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Utendørs pinsegudstjeneste på Bygdetunet Brår i Tønsberg, 2009.
Foto: Per Bjerkø
(2009)
NEG 219 Kirkens ritualer i årets løp er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2007 med tittel Kirkens ritualer i årets løp. Utsendar var Ann Helene Bolstad Skjelbred i samband med eit dokumentasjonsprosjekt på Norsk Folkemuseum finansiert av Norsk kulturråd.   Les mer …

Musikkorps med medlemmer fra Hokksund og Steinberg i Øvre Eiker kommune omkring år 1900.
Foto: Eiker Arkiv
NEG 104 Diverse musikkinstrumenter er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1964 med tittel Diverse musikkinstrumenter. Utsendar var Reidar Sevåg. Denne spørjelista del av ein serie på 3 spørjelister om eldre norsk musikkultur sendt av Sevåg i 1964. Dei to andre er NEG 103 Blåseinstrumenter og NEG 102 Enkle låteredskap.   Les mer …

Tresking på Berg i Nordlia i 1895. Til venstre den såkalte lokomobilen med dampmaskina, til høgre treskeverket. Reimer sørga for kraftoverføring. Berg var trulig medlem av aksjelaget Nordliens Damptærskemaskine, i likhet med et tjuetalls større garder i Nordlia. Foto: Mjøsmuseet.
NEG 54 Treskje- og reinskemaskinar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Treskje- og reinskemaskinar for korn. Utsendar var Andreas Ropeid. Denne spørjelista er sendt ut som del 3 av 3 av spørjelistene som har tresking som emne. Sjå også NEG 52 Tresking 1 og NEG 53 Tresking 2.   Les mer …

NEG 37 Høgtidsmat – årsfestar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1953 med tittel Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Denne spørjelista har samanheng med og utfyller NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar frå 1953, NEG 32 Servering av smør frå 1951 og NEG 23 Bordskikk til hverdags frå 1950. I 2009 vart det sendt ut ei ny liste som dokumenterer korleis emnet hadde endra seg deg drøye hundreåret imellom, NEG 228 Store begivenheter - fest og markering.   Les mer …

Blandaball med koka potet, kålrabi og gulrøter og med flatbrød og vatn til.
Foto: Olve Utne.
NEG 24 Måltider og mat er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Måltider og mat. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Torvhesje på Galtedalsmyran som høyrde til Nordistog Tveito i Lårdal.
Foto: Olav L. Tveito (1967).

Lårdal torvstrøylag blei truleg oppretta ei gong på byrjinga av 1900-talet. I rekneskapsprotokollen frå laget går det fram at eit "Torvstrøanlæg" blei starta i 1906. Anlegget var eit aksjeselskap, og i løpet av året vart det kjøpt 29 aksjer av 10 kroner. I den same protokollen ser det ut til at selskapet har endra namn til Eik torvstrøyfabrik i 1909. Anlegget låg ein eller annan stad i Lårdal i noverande Tokke kommune.Fylkesagronom Ambr. Sollid skreiv i 1909 at Lårdal hadde lite skikka mosemyr, og ein måtte reise langt for å finne egna myrer. Torva frå Lårdal blei turka på hesjer med eit tett tak over. Etter at den var tørr blei den transportert 2-3 kilometer til «rivehuset», der torvstrøriveren blei drive av vasskraft. Kvar dette anlegget låg er det i dag ingen som veit.

Torvstrøet blei oppbevart i rivehuset fram til det vart henta av gardsbrukarane. Grunna den lange transportetappa frå hesjene til rivehuset blei produksjonskostnaden høg samanlikna med produksjonen elles i regionen, og det er grunn til å tru at produksjonen ved anlegget ikkje varte spesielt lenge. "Torvstrømyren er neppe ovet 2 maal stor, men meget dyp", skriv Sollid, og seier det også fanst ein del privat torvstrøproduksjon i den gamle kommunen.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen


 
Andre artiklar