Forside:Smøla kommune

1573 Smola komm.png
Smøla er ei øy og ein kommune på Nordmøre og den aller nordlegaste kommunen i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Hitra i Trøndelag fylke over Ramsøyfjorden i aust og til Aure kommune over Edøyfjorden i sør. I vest, vestom Griphølen, ligg fiskeværet Grip i Kristiansund kommune, og sjølve Kristiansund ligg på andre sida av Talgsjøen i sørvest. Personar frå Smøla blir kalla smølværingar eller smølaværingar. Kommunen består av ei stor øy (Smøla, stundom kalla Fastsmøla), nokre mellomstore øyar (Jøa, Rossvolløya, Kuli og Edøya) og over 5000 mindre øyar, holmar og skjer, noko som gjer at kommunen har heile ⅓ av den totale kystlina i fylket.
Ingen artikler