Milnbrygga som rommar Norsk Klippfiskmuseum i Kristiansund. Foto: Harald Oppedal
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del av Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfisk bryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser korleis kleppfiskproduksjonen har føregått i Noreg gjennom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett av kleppfisk. Les mer …
Nils Ingvar Aanes Foto: Norske skolefolk (1952) Nils Ingvar Aanes (fødd 6. juli 1891 i Frei på Nordmøre, død 17. januar 1981) var lærar, gardbrukar, organist og aktiv fråhaldsmann ( D.N.T.). Mellomnamnet er også skreve Ingvard.
Han var son av snikkar Halstein Aanes og Elen f. Aasen. Nils Ingvard Aanes tok eksamen ved Levanger lærerskole i 1912 og gjekk seinare fleire kurs.
Som nyutdanna var han 1912-12 vikar i Grimstad krins, Straumsnes på Møre. Aanes arbeidde som lærar i Årsund, Rakstang i Straumsnes, 1913-16. I 1917 vart han tilsett ved skulen i Rypdal i dåverande Sylte (Tresfjord) kommune. Seinare vart han skulestyrar i Tresfjord.
Frå 1921 var Nils Aanes òg organist i Tresfjord kyrkje, medan han i 1927 vart formann i soknerådet. I bolken 1918-33 var han formann i Tresfjord lærarlag og hadde elles mange kommunale ombod. Les mer …
Halfdan Cock-Jensen Foto: Ukjent. Halfdan Cock-Jensen (fødd i Larvik 10. desember 1865, død i Lørenskog 23. november 1923) var lærar, bladmann, organisasjonsmann og landbrukskunnig. Han er best kjend som stiftar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag (1913) saman med Henrik Egeberg. Cock-Jensen hadde ikkje sjølv bakgrunn frå noko småbrukar- eller bygdemiljø, men var fødd inn i ein skipparfamilie i Larvik. Det låg openbert ein sterk idealisme bak engasjementet hans for småbrukarsaka. Det heiter i nekrologen over han i Tidsskrift for Smaabruk i 1923: «Hans virksomme ånd, hans varme hjertelag for de undertrykte og det som burde rettes på i samfundet, gav ham aldri ro eller anledning til å tenke på sig selv eller spare sine egne krefter.» Les mer …
Minnesmerket står i ein park rett ved Kirkelandet kyrkje. Foto: Chris Nyborg (2017)
Minnesmerket over kristiansundsjødane som omkom under holocaust vart avduka søndag 29. juni 2003. Bronsestatuen på sokkel av fjøresteinar frå Klubba er laga av bildehoggar Tore Bjørn Skjølsvik. Minnesmerket er finansiert ved privat innsamling, gåver og støtte frå Kristiansund kommune. Føre andre verdskrigen var Kristiansund på Nordmøre blant dei byane i Noreg som hadde størst andel jødiske innbyggjarar. Med Nazi-Tysklands okkupasjon av Norge 9. april 1940 vart det slutt på det stort sett trygge livet for kristiansundsjødane — først med tysk terrorbombing av Kristiansund, og seinare med antijødiske lovar, og hausten 1942 med arrestasjonar og deportasjon av alle jødar nazistane greidde å finne. Les mer …
|