Anonymt portrettfoto, trulig frå borgarmeistertida i Dartmouth (1910–11). Ethelbert Lort Phillips (fødd 1857, død 15. oktober 1943 i Darthmouth) var ein engelsk forretningsmann og hobby naturalist som elles er kjent for å ha tilbrakt mykje tid på Indre Nordmøre, der han blant anna let byggje fire sportsvillaer, eller turisthytter som vi heller kallar dei i dag. Ethelbert Edward Lort Phillips vart fødd i 1857 som det andre av fire born av Richard Ilbert Lort Phillips ( 1819– 1860) og Frederica Isabella de Rutzen (d. 1904). Ethelbert Lort Phillips var forretningsmann i Dartmouth i Devon i Sørvest-England, og han var òg borgarmeister der i 1910– 11. Som naturalist var han særleg interessert i ornitologi, og mellom 1884 og 1895 tilbrakte han mykje tid på jakt i Afrika, der han òg samla inn naturhistoriske data. Han gav somaliatrasten sitt vitskaplege namn, Turdus ludoviciae (1895), Første gongen Lort Phillips kom til Norge var i 1886, da han reiste til Nordmøre for å fiske laks i Driva. Les mer …
Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid. Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/ rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig. Les mer …
|