Fredtun (Bykle gnr 2/315)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. okt. 2014 kl. 11:09 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{Infoboks gard | målform = nn | bgfarge = | navn = Nordbø | bilde = | bildetekst = | altnavn = | førstnevnt = | ryddet = | utski...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordbø
Utskilt: 1977
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 334
Type: Bustadseigedom

Nordbø er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset nedlengst i Kleivi, rett imot Shell-stasjonen, vart opp- sett av Kjetil Lidtveit og kona hans i 1976. Kjetil er son åt Såve Torbjørnsson Lidtveit og kona Åshild Kjetilsdotter, fødd Hovden (sjå Furumo, bnr 51).

Kjetil Såvesson Lidtveit, f 1946

g m Birgit Bjørgulvsdotter Breive, f 1946. Born:
  • Sverre Bjørn, f 1975, snikkar, p.t. [2005] Ny Ålesund, ug
  • Gunn Åse, f 1978, bed.øk., p t (2004) Longyearbyen, ug
  • Anne Liv, f 1988

Birgit er dotter åt Bjørgulv Knutsson Breive og kona Gunhild Torleivsdotter, fødd Haugen (sjå Haugly gjesteheim, bnr 21). Kjetil er maskinist i Agder Energi. Birgit eig og driv Haugly Gjesteheim, bnr 21, som ho overtok frå faren i 1974. Vidare arbeider ho som skreddar, og saumar dalebukser. Ho held også kurs i det faget.

I 1979 overtok ho og Kjetil også bensinstasjonen Tappen (Shell), bnr 383, frå far hennes. Der har dei sett bort drifta til andre. Endeleg tek me med at Birgit og systera Annelise Skjævesland har kvar sin ideelle tredjepart i fjelleigedomen Veringsdalen, gnr 1, bnr 8 og 10, som dei overtok etter far hennes og syskena hans i 1994.

Den siste tredjeparten av den eigedomen vart overteken av syskenbarnet Arne Kristian Helgøy på Nærbø, Jæren, som er son åt ei dotter av Sigrid Lund i Stavanger (sjå Breive Flaten, gnr 1, bnr 6).


0941 Bykle komm.png Fredtun (Bykle gnr 2/315) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder