Haugly gjesteheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugly gjesteheim
Hovden 51.jpg
Haugly 5.8.2005. I bakgrunnen til høgre på biletet skimtar ein Shell-stasjonen.
Foto: Aanund Olsnes
Utskilt: 1953
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 21
Type: Bustads- og næringseigedom

Haugly gjesteheim ligg like nedanfor Hovden VaresenterHovden i Bykle kommune. Tomta her vart utskilt frå bnr 2 for Bjørgulv K. Breive i 1953. Året etter bygde han huset her, der han og kona sidan dreiv og tok imot gjester til servering og overnatting.

Bjørgulv var frå Flaten Breive, og eldste son åt Knut Olavsson Breive og kona Birgit Bjørgulvsdotter, fødd Reini.

Gunhild T. Breive medan ho endå heitte Haugen til etternamn. Dette biletet, som tykkjest vera teke kring 1930, kjem frå samlinga til Gerd Fosse Hovden.
Gunhild og Bjørgulv K. Breive i 1960-åra. Biletet kjem frå Birgit Lidtveit via Ingebjørg Vegestog.

Bjørgulv Knutsson Breive, f 1900, d 1989

g 1945 m Gunhild Tellefsdtr. Haugen, f 1913, d 1991. Born:
  • Birgit, f 1946 g m Kjetil Lidtveit, sjå Fredtun, bnr 315
  • Anne Lise, f 1950, pleieass., reinhaldsleiar, g m Oddbjørn Skjævesland, Øyslebø, f 1947, busett Hokksund, born:
  • Laila, f 1972
  • Frank, f 1977

Gunhild var frå Evre Haugen i Byklum, dotter åt Tellef Jonsson Hoslemo på det bruket og kona Asjær Mikkelsdotter, fødd Holen. Bjørgulv var i utgangspunktet snikkar av yrke, men vart etterkvart meir forretningsmann. På 1960-talet bygde han bensinstasjon (Shell) på tomta mellom gjesteheimen og kjøpesenteret, og dreiv sidan også denne. Han var også engsjert i tamreindrift, og leiar i Byklehei Reinsamlag frå kring 1953 til 1962.

I 1974 overlet han gjesteheimen til dottera Birgit og mannen hennes. I 1974 overtok dei også bensinstasjonen. Birgit har sidan drive gjesteheimen. Bensinstasjonen har dei rusta opp i 1979, og sidan 1982 sett bort drifta av til andre. Det me vidare har å melde om Birgit og familien hennes, står i bolken om bustadhuset deira, Fredtun, bnr 315.


0941 Bykle komm.png Haugly gjesteheim er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Fjellgardstun • Neste bolk: Urheim (Bykle gnr 2/23)