Hals (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. okt. 2007 kl. 13:52 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: :''For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå '''Hals'''.'' ---- {{Infoboks_matrikkelgård| navn=Hals| kommune=Aure| fylke=Møre og Romsdal| gardsnr=225| postnr...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals.

Hals
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Aure
Postnummer: 6590

Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Solåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I sørvest grensar garden mot Ersvika.

Hals sett frå vegen rett innanfor StabbenStabblandet. Vi ser korleis halvøya har form av ein «hals». (Foto Olve Utne)

Gardsbruk

Bnr. 1: Oppistua

Oppistua sett frå Solåsundet. (Foto: Olve Utne)

I Skattematrikkelen 1647 står Michell Hals nemnt med 3 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står kongen med 1 spd. skyld.

Bnr. 2: Bukta


Bnr. 3: Halsbogen


Bnr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)


Bnr. 5: Stranda

Stranda. (Foto: Olve Utne)


Bnr. 6: Søstua

Søstua sett frå Solåsundet. (Foto: Olve Utne)


Bnr. 7: Bortistua

Bortistua med Stamparhaugen og Tuvå i bakgrunnen. (Foto: Olve Utne)


Bnr. 8: Nesset


Bnr. 9: Dalan (Dalen)

Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:], dativ ["dɑɽɔ]) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk.

Bnr. 10: Slettet

Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]), som opphavleg hørte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 (Innersetra). Innanfor den halvparten av bruket som hørte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagt i 1972, men skulehuset står framleis der og blir bruka som skulemuseum.

Bnr. 11: Haugen (Sollien)

Marie Isaksdt. Kalland.

Bruket «Sollien», oftast kalla «Haugen» (uttale: [hʌ:’n] (Mal:N/Mal:A) / ['hʌ:ja] (Mal:D)) vart frådelt bnr. 1 (Oppistua) ved skylddeling i 1899, men skøytet vart først gjeve i 1918. Kjøparen, som òg bygde husa her, var Edvard Andersson frå Vullum i Halsa. Han og kona, Marie Isaksdt. Kalland (f. 1856) selde bruket i 1923 og flytta til Gullstein.

Peder A. Ersvik (18911977) frå Ersvika kjøpte bruket i oktober 1923. Han var gift med Gurå Olsdt. Brakstad (1896– * ). Slekta deira eig framleis gardsbruket.

Bnr. 12: Bjørkheim


Bnr. 14: Glemmen


Bruk utan bruksnummer

  • Tåa
  • Iverteigen

Kjelder

Skattematrikkelen 1647 : XIII: Møre og Romsdal fylke. Oslo (Universitetsforlaget), 1975. ISBN 82-00-01449-5