Hals skule (Aure): Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
(koord) |
m (Olve Utne flyttet siden Hals skule til Hals skule (Aure)) |
(Ingen forskjell)
|
Sideversjonen fra 29. apr. 2019 kl. 10:03
Hals skule, Halsskulen, var ein folkeskule på Tustna i Aure kommune. Skulebygninga vart tømra i 1890-åra på grunn frå garden Hals. Skulekretsen inkluderte matrikkelgardane Hals, Innersetra og Storsetra på Tustna så vel som Innerberg og Fjelnesdalen på Stabblandet. Skulen har eitt klasserom, og i tillegg er det eit lærarkammers, yttergang og mørkloft. Hals skule vart nedlagt i juni 1972 og er no skulemuseum.