Hals skule (Aure)
(Omdirigert fra «Hals skule»)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Sørveggen på Hals skule.
Foto: Olve Utne (2008).
Hals skule, Halsskulen, var ein folkeskule på Tustna i Aure kommune. Skulebygninga vart tømra i 1890-åra på grunn frå garden Hals. Skulekretsen inkluderte matrikkelgardane Hals, Innersetra og Storsetra på Tustna så vel som Innerberg og Fjelnesdalen på Stabblandet. Skulen har eitt klasserom, og i tillegg er det eit lærarkammers, yttergang og mørkloft. Hals skule vart nedlagt i juni 1972 og er no skulemuseum.