Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artiklene
Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] (nominativ/akkusativ) / ["nʌ:tɔ.] (dativ)), er ein matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommune på Nordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 1879–1880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla Nordheimsundet (før: Nautsundet i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der. Les mer …
Frederik Schmidt (fødd 27. mai 1771 i Asminderød på Sjælland, død 16. februar 1840 i Himmelev, også på Sjælland) var teolog, forfattar, eidsvollsmann og stortingsmann. Han var oppvaksen i Noreg, og verka mellom anna som sokneprest på Eiker i drygt tjue år før han flytta til Danmark for godt, der han var fødd og periodevis hadde opphalde seg også seinare. Han var sterkt knytta til Danmark og den danske embetsmannskulturen, høgkulturelt interessert, rasjonalistisk orientert og litterært aktiv. Alt dette let seg tidstypisk godt sameine med ein romantisk inspirert Noregs-patriotisme. Han var sterkt oppteken av allmugens kulturelle og materielle framgang, og politisk sett var han ein nasjonaldemokratisk innstilt folkets ven. Les mer …
Hans Hansen Helgesen (fødd i Oslo den 4. oktober 1793, død i Rendsburg i Holstein den 28. februar 1858) var offiser og eventyrar. Han er ein av dei som i Danmark blir omtala som De tre norske graner for sin innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850. «Granene» inngår i heltegalleriet til både det danske og det norske offiserskorpset. Før dette hadde Helgesen ein karriere bak seg mellom anna som prøyssisk offiser på tampen av Napoleonskrigane og som hestehandlar og kanskje smuglar i Frankrike, og han kjempa under julirevolusjonen der. Helgesens gate i Oslo er oppkalla etter han. Helgesen voks opp i det som i dag blir kalla Gamlebyen i Oslo, men som den gongen tilhøyrde Aker prestegjeld. Foreldra var Hans Heljeson (1761-1828) og Karen Hansdotter (1761-1835). Faren var fødd i Sverige. Han var driftsstyrar (omtala som «alunmester» og «forvalter») ved John Collett sitt alunverk på Ekeberg. Da Helge voks opp, budde familien i det som i dag er Konowsgate 7. Dei forpakta ein plass, Holtop, og budde i eit gammalt hus som i segntradisjonen var knytta til kong Christian II si elskarinne i Oslo, Dyveke Sigbritsdotter. Les mer …
|
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |