Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artiklene
Grete Prytz Kittelsen (født 28. juni 1917 i Vestre Aker, død 25. september 2010 i Oslo) var gullsmed, kunsthåndverker og designer, femte generasjon i gullsmedfirmaet J. Tostrup. Hun ble med sine emaljegjenstander og smykker en banebryter i etterkrigstidens formgivning, gjerne regnet som en av Scandinavian Design-periodens mest kjente utøvere. Les mer … Heggjeslettune var to små husmannsplassar under Innistog i Bykle, som låg like nedanfor Nystog og Åsen under Torsbu. I dette terrenget renn ein bekk som vert kalla Kvennbekken, og Heggjesletta låg på vestsida av bekken, Plasset på austsida. I sume kjelder finn me nemningane Austre og Vestre Heggjesletta, noko som samstavar godt med fleirtalsnamnet Heggjeslettune. Sidan det langt på veg var dei same folka som budde på dei to plassane, skal me taka dei under eitt. Det fyrste ein høyrer gjete om staden er at Torleiv Åsmundsson Byklum fekk bygsla ein plass kalla «Heggeslettene» på livetida hjå Olav Drengsson i Innistog i 1858. Men Torleiv var ungkar, og mykje på farten, og hadde nok lite både av hug og høve til å vera fastbuande husmann. Difor vart det inntil vidare til at han overlet bruken av verestaden sin til broren, Hallvard Åsmundsson, og faren, Åsmund Olavsson (Berdalen). Me har skjøna det slik at det stykket Torleiv hadde bygsla i 1858 femnde over både Heggjesletta og Plasset, og at broren og faren sidan dela det, slik at Hallvard hadde Heggjesletta medan Åsmund sat på Plasset. Iallfall var det såleis i 1865, les me i folketeljinga frå det året. I folketeljingslista ser me også at han som har skrive henne fyrst har ført opp Torleiv Åsmundsson som husmann på Plasset, men etterpå strika over det namnet, og skrive inn Åsmund Olavsson i staden. For Torleiv, som sat med kontrakta, og såleis formelt var husmannen både på Plasset og Heggjesletta, var ikkje til stades, og kunne då ikkje godt stå som busett her. I røynda heldt han på denne tid til hjå Ånund Torgrimsson Flateland på plassen Haugen under Flateland, bnr 10 (jfr. Valle VI, 201 f), der han var busete og arbeidde som skinnfellmakar, etter det folketeljingslista frå Valle opplyser. Les mer …Historisk vandrerute Jotunheimen Eg er som vel du veit, ein fjellets mann, |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
|