Moland kulturminneløype

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Valknute Kaar 2009.gif
0831 Fyresdal komm.png
Kulturminneløypa.no
presenterer løyper i Fyresdal
utdypende informasjon hos oss

Løypa i Moland i Fyresdal har sitt utgangspunkt i Turistinformasjonen i Folkestadbyen. Derifrå går ho forbi gravhaugane i Øyskogen, eit av Telemarks største gravfelt frå jarnalderen vidare til Moland kyrkje og prestegard langs den verneverdige potekjellaren som tilhøyrer Fyresdal Bygdemuseum. Ved inngangen til kyrkja ligg ein lettare skada, freda rund gravhaug. Neste stopp er ved Fyresdals fyrste faste skulestad, Klokkargarden frå 1777. Ein liten omveg oppom Munkehola frå Saukro er mogeleg på vegen til Prestestranda der arkeologiske funn av slagg frå jarnvinneanlegg frå yngre jarnalder/middelalderen viser at det har vore drift her. Omnen som ein har funne restar etter kan ha vore omtrent som den omnen I. Martens (1968) fann ved Rolleivstad i Fyresdal. Attmed parkeringsplassen ved Juni Bryggekaféen er det restar etter tre gravhaugar og ei gravrøys, desse er óg frå jarnalderen. Den siste posten på løypa føre returen til bygdemuseet er tømmerfløytingsbåten M/S Teisner (opphavleg passasjer- og fløytingsbåten D/S Fyrisdal) som ligg i dokk i Presteevja i Fyresvatnet.

Stoppestader på vegen

Gravhaugane i Øyskogen

Øyskogen med gravhaugar og furutre (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Øyskogen ligg midt i sentrum av Fyresdal og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag som utgjer ein del av Fyresdal Bygdemuseum. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen og som takk for dette fekk han ein stor bauta sentralt i området.Øyskogen er ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad.

Moland kyrkje

Moland kyrkje
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010)

Moland kyrkje ligg i Fyresdal kommune i Telemark. Ho vart bygd etter typeteikning og teken i bruk i 1843. Bygningen har gjennomgått større innvendige restaureringar, sist i 1962.

På same staden er det dokumentert to tidlegare kyrkjebygningar. Moland som kyrkjestad har venteleg tradisjonar attende iallfall til fyrste halvparten av 1300-talet. Den fyrste kyrkja vart bygd ein gong i mellomalderen og rive i 1665. Det var ei stavkyrkje. I 1595 var biskop Jens Nilssøn på visitas i Fyresdal. Han skreiv ”---Molands kirke, en trækirke, ligger ret hos prestegaarden.” Han formana kyrkjelyden å forbetre og halde ved like kyrkje og prestegard, mogleg var dei då ikkje så godt tatt vare på. Meir seier han ikkje om kyrkja.Den nye kyrkja vart innvigd 2. juli 1843 av biskop Jacob von der Lippe (1797–1878). Den er oppførd av Gunnar Tarjeisøn Klauvreid under tilsyn av byggmeister Anders Syrtveit frå Evje. Ei av slottsarkitekt H.D.F.Linstows enkle typeteikningar vart nytta.

Benkane vart restaurera i 1906 og kyrkja vart måla innvendig og pryda i 1908. Romet var kvitt med benkar i grønt og gull. Grøn girlander oppe under taket.


Klokkargarden

Klokkargarden, gnr. 36/1. Fnr. 1 under Moland prestegard.

På 1700-talet var Besjord klokkargard, men frå 1777 vart ei slette bortunder Klokkarhamaren tilvist klokkaren og dette vart ein husmannsplass under Prestegarden.

Den fyrste klokkaren var ved sidan av å vere kyrkjesongar i dei tre soknekyrkjene og skulemeister. Her på Klokkargarden vart den fyrste skulen i Fyresdal kommune halden. I 1869 vart så skulehuset Meinstad bygd på Meinstad som kombinera skulehus og bustad for klokkaren som og framleis var skulemeister.

Munkehola

Klokkarhamaren med Munkehola i sentrum.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Munkehola er ei fjellhole frå istida som det knyter seg ei segn til. I nordre ende av Fyresvatn er det eit lite fjellparti som heiter Klokkarhamaren. Namnet kjem av at det ligg attmed Klokkargarden, og i bukta her er eit område som er kalla Saukro. Dette namnet kjem nok av at her var det beite for sauene.

Munkehola

Der fjellsida vender mot aust og ut mot Fyresvatn er det ei hole ein del høgare oppe enn noverande vasstand. Dette er eit minne om siste istid då vasshøgda var fleire meter høgare enn i dag. Bergarten tilsvarande hola har nok då vore lettare å bryte ned enn bergartane ikring, og frostsprenging og bylgjeslag har så grove ut denne hola som går fleire meter inn i fjellet. Dette er ei jettegryte. Der bølgjene dreg med seg mykje stein og grus kan bølgjeslag og dragsug lage straumkvervlar som grev ut runde jettegryter, ofte skjer desse seg på skrå inn i berget.

Segna om munkane i Munkehola

Munkehola i Klokkarhamaren.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Ei segn i bygda fortel at det på garden Moghus var eit munkehus, eit hus der det heldt til munkar, men ikkje eit retteleg kloster. Det kan då ha vore eit klosterhospits eller klosterherberge. Ved overgangen frå katolsk til protestantisk tid så måtte munkane ein gong røme frå Moghus og søkte då tilflukt i denne hola. Av dette skal den ha fått namnet sitt. Munkane kjende då sikkert til hola frå før og har kanskje nytta den i fleire samanhengar.

Om munkar i Fyresdal finnast det ikkje noko skriftleg materiale. Det einaste ein i dag har som peikar på noko slikt er ein notat av Christian C. A. Lange i De norske Klostres Historie i Middelalderen:

I Molands Sogn i Øvre Thelemarken beretter Sagnet at her skal have været et Kloster paa Gaarden Moghuus (Múkhús? Munkehuus). Da en Ridevei, endnu kaldet Bispeveien, fører over Seterdalens Fjelde fra Stavanger ned i Molands Sogn, hvorfra en anden Ridevei fører over Hardangerfieldene til Bergen er det ei usandsynligt at Sagnet her har rett, og at her paa Moghuus har være et Klosterhospits, hvortil man ad to Veie kunde søge.

Grunngjevinga her verkar heller spinkel med omsyn til ferdavegane og O. Rygh er ikkje inne på denne tydinga av namnet i det heile.

J. L. Qvisling skriv og at segna seier at det på Moghus skal ha vore eit munkehus og syner i den samanhengen til Ch. C. A. Lange. Bendik Taraldlien nemner ikkje noko om ei slik segn, heller ikkje andre ein kjenner til, mellom anna Andreas Faye i Norske Folke-Sagn.

Kjelder og litteratur

  • Faye, Andreas: Norske Folke-Sagn. Guldberg & Dzwonkowski. Christiania 1844
  • Lange, Christian C. A.: De norske Klostres Historie i Middelalderen. Christiania : Chr. Tønsbergs Forlag. 1856 2. omarb. Udg.
  • Qvisling, J. L. Fyresdals historie. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001. s. 22.
  • Rygh, O. Norske gaardnavne Syvende bind, Bratsberg Amt. Bearbeidet af A. Kjær. W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914. s. 390.
  • Taraldlien, Bendik. Fyresdal Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Eksterne lenker

Gravhaugar og gravrøyser i Fyresdal

Gravhaugar og gravrøyser i Fyresdal er eitt av emnene i Moland kulturminneløype.

I Øyskogen der Fyresdal Bygdemuseum har tunet sitt er det 20 gravhaugar. Dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Gravfeltet er i dag delt i to av ein veg. Innafor steingjerdet ligg 14 gravhaugar av varierande storleik. På den andre sida av vegen ligg det seks gravhaugar, ein delvis øydelagd.

Ved Moland kyrkje sin kyrkjebakke ligg og ein gravhaug. Dette er ein rundhaug med diameter på 8m som er noko skada i samband med utgraving av parkeringsplassen. Haugen er no freda etter kulturminnelova.Ved Fyresdal Næringshage ligg restar etter eit gravfelt med fire gravhaugar frå jernalderen. Alle er rundhaugar. Diameteren på haugane er frå 7 til 13 meter, og dei har ei høgd på opp mot 0,7 meter. Alle haugane er skada av ulike årsakar; masseuttak og anlegging av parkeringsplass mellom anna. Alle er freda etter kulturminnelova.

Fyresdal Bygdemuseum

Fyresdal Bygdemuseum ligg i Øyskogen midt i sentrum av bygda og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag.

Allment

Fyresdal Bygdemuseum vart skipa 9.mars 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det var på eit årsmøte i Fyresdals Vel at ein gjorde framlegg om å sette ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum. Til å byrje med hadde ein samlingane i lærarbustaden på gamle Gimle skule og noko seinare på stabburet på Moland prestegard. På garden Borgjæ Gnr.6 i Borggrend fekk ein så tilbod om to hus, eit stabbur og ei sers gamal årestove med grovt tømmer. På eit bilete teke av Bendik Taraldlien ser vi bygningane på opphavleg plass. Der var då eit tilbygg av nyare tømmer slik at ein ikkje ser sjølve bygningen på dette fotoet.

Bygningane vart flytta til noverande stad i 1914/1915, og ligg vakkert til i Øyskogen i Fyresdal sentrum.

I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn, og her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstida. Etter kvart kom det fleire bygningar i dette tunet, som gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal. Bjørnstadstoga frå 1600-talet vart bruka som tingstoge. Fyresdal Bygdemuseum vart ein del av det konsolidera Vest-Telemark museum i 2003.

Omvisingar for grupper er mogleg og kan tingast frå turistinformasjonen i Fyresdal eller ved å kontakte Vest-Telemark Museum.

Ekstern lenke