Stord lærerskole: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(legger til Finn Aakre)
Linje 165: Linje 165:
|1925
|1925
|Lærer i Halden, seinere skoleinspektør samme sted.
|Lærer i Halden, seinere skoleinspektør samme sted.
|
|-
|[[Haldor Aakre]] (1866-1934)
|1886
|Lærer i Svalland og Aksdal kretser, Fjelberg i Sunnhordland 1887-1898. Nygård skole ved Laksevåg, i daværende Askøy kommune, 1898-1932.
|
|
|-
|-

Sideversjonen fra 11. feb. 2014 kl. 09:41

Stord lærerskole vart etablert på Stord i 1839 under namnet Stord Seminarium. Skulen vart i 1994 ein del av Høgskolen Stord/Haugesund. Lærarskulen på Stord var eitt av stiftsseminara som starta opp etter at skuleloven av 1827 slo fast at det skulle opprettast skular for å gi opplæring til lærarar ved dei faste allmugeskulane. Lærarskulen heldt fyrst til på prestegarden på Stord, med soknepresten som skulestyrar, men flytta i 1866 til Rommetveit.

Hovudbygningen frå 1866 er i 2000-åra administrasjonsbygget til Høgskolen Stord/Haugesund. Fleire eldre bygningar er òg framleis i bruk, attåt nybygga frå 1960-talet, då talet på lærarstudentar auka kraftig.

Skulen gjekk på 1800-talet under namnet Stord seminar, men rundt 1900 vart han omdøypt til Stord offentlige lærerskole. Deretter heitte han Stord lærerskole mellom 1967 og 1981 og Stord lærarhøgskule frå 1981 til 1994.

Frå 1877 hadde lærarskulen eit mållag for elevane. Lærarskulen var frå kring 1870 eit viktig sentrum for målreisinga på Vestlandet.

Styrarar/rektorar

Personar med eksamen frå lærarskulen

Navn Eksamen Yrkeskarriere Samfunnsvirke
Henrik Eilert Brekke (1897-1995) 1919 Lærar i Brekke i Sogn 1919-20, Biri i Vestoppland 1920-? Ap-politikar, ordførar i Biri 1935-51
Thorstein Eggum (1901-94) 1922 Lærar i Skjåk 1923-45 og Lier 1945-?. Styrar Egge skule 1950-? Varaordførar (Ap) i Skjåk 1934-41.
Halvor Fosmark (1860-1933) 1883 Lærar i Vardal ved Gjøvik. Ordførar i Vardal (for Arbeiderdemokratene) 1902-10.
Knut M. Frøyset (1857-1926) 1880 Lærar i Nes ved Flekkefjord, Eidsberg og på Sunnmøre, frå 1892 lærar og kyrkjesangar i Kolbu på Toten. Aktiv lokalpolitikar i Kolbu.
Sigurd Førsund (1884-1970) 1906 Lærar fleire stader, frå 1919 i Etne. Komponist, organist, norskdomsmann, lokalhistorikar og lokalpolitikar (Venstre). Skreiv melodien til «Å Vestland, Vestland».
Olav Gjørvad (1860-1951) 1880 Lærar ved Kviteseid Seminar og Vang høiere almueskole, lærar og klokkar ved Rud skole (Vestre Toten) 1891-1930. Ordførar i Vestre Toten 1908-16, lokalhistorikar.
Alvhild Granvin (1905-85) 1926 Lærarinne på Tessand skule i Vågå 1929-37 (ca.), Gjøvik skole 1937-?
Ove Wangensten Haug (1901-78) 1922 Lærar og klokkar i Jostedalen (1922-39) og Skjåk (1939-59), skuleinspektør i Skjåk frå 1959. Ap-ordførar i Jostedalen 1938-39.
Anders Hjellum (1870-1950) 1891 Lærar i Vinje i Telemark, Kvinnherad, Gaular, Jostedalen og Kvinesdal. Sentral i mål- og fråhaldsarbeid i Jostedalen.
Knut Kirkhorn (1830-1885) 1850 Kyrkjesongar i Hornindal frå 1852. Stortingsrepresentant for Venstre og ordførar.
Elias Melvær (1848-1924) 1869 Lærar fleire stader i Sogn og Fjordane, frå 1876 ved Fjordenes amtsskole. Venstre-politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane, i tillegg til at han var aktiv i Det Norske Totalavholdsselskap
Ole Nydal (1899-1986) 1921 Lærar og kyrkjesongar på Garmo i Lom (1921/22), Valderøy i Giske (1923-24), Lund skole i Kolbu på Toten (1924-35), Kirkenær skole i Kolbu 1935-46, Bjørnsgård skole Ø. Toten (1946-50). Skoleinspektør i Ø. Toten 1951-64.
Olav Sande (1850-1927) 1871 Lærar i Leikanger frå 1872. Folkeminnesamlar, tonediktar og målmann.
Kolbein Skaare (1873-1932) 1890-åra? Lærar og kyrkjesongar i Skjåk frå 1898. Lokalpolitikar i Skjåk, ordførar for Arbeiderdemokratene 1914-16 og 1920-22.
Ole Ingebrigtsen Strømme (1876-1936) 1895 Lærar i Bremanger 1895-97, Sykkylven 1897-1919. Lensmann i Sykkylven og Ørskog 1919-36? Venstre-politikar. Ordførar i Sykkylven 1910-19, stortingsmann 1931-33, sosialminister 1933.
Ole Strømme (1856-1940 1877 Lærar i Austevoll 1878-1823, klokkar 1878-1936 Ordførar i Austevoll 1886-1903
Magnus Takle (1883-1971) 1904 (ca.) Lærar i Jostedalen 1904-07, Årdal 1907-15, Tasta i Stavanger 1915-48. Fyrste leiar i Jostedal mållag, skrivar i Rogaland Venstre.
Mons H. Takle (1877-1958) 1898 Lærar i Jostedalen 1899-1903, Lindås til 1917, Brekke 1919- Mållagsmann, ordførar (V) i Brekke 1920-1922, 1926-1928 og 1932-1934.
Lasse Trædal (1857-1924) 1878 Folkehøgskulemann og lærar Målmann, ordførar (V) i Lavik 1905-13, stortingsrepresentant (V) 1900-03 og 1909-15
Johan Tufteland (1913-88) 1942 Lærar i Austevoll, i Bergen, på Kvitsøy og i Kvam. Lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar.
Jens Tvedt (1857-1935) 1878 (ca.) Lærar i m.a. Fana og Kvinnherad. I Stavanger 1882-99. Sjefsbibliotekar i Stavanger 1901-35, forfattar.
Johannes Halvorson Vamberg (1816-57) 1850 (ca.) Lærar i Hafslo (1840-åra), lærar og klokkar i Jostedalen 1850-57 (den fyrste seminaristen i bygda). Ordførar i Jostedalen 1853-56.
Kåre Øvregard (1933-) 1957 Lærar Sperle skule i Jostedalen 1957-62, styrar Gaupne skule i Luster 1962-75. Ap-politikar, ordførar i Luster 1975-77, stortingsmann 1977-89.
Ola Jakobssen Aa (1877-?) 1901 Lærar på Stord ca. 1901-07, Stalleland skole i Landvik 1907-11, 1911-15 lærar og klokkar i Fedje. Frå 1916 var han tilsett ved Sagvåg skule på Stord. Lokalpolitikar og aktiv fråhaldsmann.
Johs. Aaberg (1895-1980) 1916 Lærar i Fana høsten 1916 og arbeidde deretter eitt år ved framhaldsskulen Sogndal i Dalane. 1917-21 lærar i Skjold i Ryfylke. Frå hausten 1921 lærar i Borge ved Fredrikstad, skulens sekretær frå 1927. Lærarane sin representant i skulestyret og formann i lærarlaget i Borge.
Svanhild Aaberg (1902-?) 1924 Lærar ved Blomvåg og Alvheim skule, Øygarden, frå 1925.
Elen Aaberge (1897-?) 1919 Lærarinne i Sogndal frå 1919
Aslak Aabø (1888-1959) 1911 Lærar Bergens guttehjem 1911-13, Bø i Vesterålen 1913-15, Vinje i Telemark 1919-? Medlem av Vinje heradsstyre frå 1928
Finn Aakre (1904-80) 1925 Lærer i Halden, seinere skoleinspektør samme sted.
Haldor Aakre (1866-1934) 1886 Lærer i Svalland og Aksdal kretser, Fjelberg i Sunnhordland 1887-1898. Nygård skole ved Laksevåg, i daværende Askøy kommune, 1898-1932.
Jacob Aaland (1865-1950) 1884 Lærar i Sigdal 1884-86, Brevik 1887-90, Kragerø 1891-92, Bergen 1892-1932. Bygdebokforfattar (Nordfjord).

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer