Dølve (Sør-Aurdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dølve
Alt. namn: Doluin (1346?); Dølffuen, Døffle (1595); Dulffuen (1604); Dølffuen (1616); Dølfven (1723); Dølvi
Fyrst nemnd: Truleg 1346[1]
Rydda: Truleg eldre jarnalder
Stad: Dølvesbygde
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal
Gnr.: 48

Dølve er ein namnegard i Sør-Aurdal i Valdres. Den eldste delen av garden ligg på rundt 485 meter over havet vest for Begna. Garden har vorte delt i ein rekkje mindre bruk. Dølve vart truleg rydda før år 800, og det er sannsynleg at ei datering til før 600 er meir presis. I seinmellomalderen låg garden øyde. Mot slutten av 1500-talet vart han så rydda på ny.

Namnet

Namnet vert av Oluf Rygh forklara som ei sideform til Dølin[2]. Han meiner såleis at det er samansett av dalr og vin, og tyder «Dalgarden».

Dølve er den einaste garden i Sør-Aurdal med vin-namn. Gardar på -vin er bland dei eldste, og vart truleg rydda ut frå ein av dei aller fyrste gardane i dalen.

Bruk

Før 1616 vart Tronhus øyde tatt i bruk av ryddingsmannen på Dølve, Arne Bjørnsson Dølve. Truleg var dette Tronhus på dalbotnen, men det kan også ha vore Åsen. Arne Dølve betalde bygselsavgift til krona for Tronhus øyde; både Åsen og sjølve Tronhus var heilt eller dels krongods. Det seiast også at Arne Dølve hadde Ølmhus som utslått, men dette er ikkje belagt i jordebøkene.

I 1680 er det nemnt eit Dølven engeland, eit slåtteland under garden, med ei skyld på fire skinn. Dette er det som seinare vart kalla Nedre Dølve. I eit skifte frå 1721 vert det sagt at engelandet var kjøpt i 1677 frå Øystre Bagn. Det er mogleg at Nedre Dølve er same eininga som Ner-Dølve, der ein kan finne spor etter hustufter.

Frå 1720-åra er det klart at Dølve hadde to oppsitjarar. Då er Guttorm Olsson og Ola Olsson, som var brør, nemnt. Guttorm vert også kalla Guttorm øvre Dølve, og Ola må ha budd på Nedre Dølve. I 1764 vart garden så formelt delt i to. Kvar del hadde ei skyld på åtte skinn. Det gamle hovudbølet vart til Dølve bruk I, medan den andre halvdelen vart til Nørdre Dølve, også kalla Kamben.

Utskilde bruk:

Dølveseige er nemnt i ei rekkje kjelder. Dette kan vise til fleire husmannsplassar. Det er også nokre ukjende bustader under Dølve, som omtalast saman med Dølveseige.

Fleire område vart fråseld bnr. 2 og Dølvesbrøtin på 1900-talet, og det som er att av dei to bruka er no slått saman med bnr. 1.

Brukarar og eigarar

Lista over brukarar og eigarar går fram til delinga av garden i 1764. For seinare brukarar, sjå artiklar om dei einskilde bruka.

  • Lodin Narvesson, nemnt i 1346 som eigar av 5 månadsmatsbol «i Doluin»[3].
Gift med Sigrid.
Gift med Sigri Mortensdotter. Barn ein kjenner:
  • Guttorm Arnesson (f. omkr. 1604), neste brukar.
  • Anders Arnesson. Kan ha vore gift med Dorte Ellendsdotter på Tronhus.
  • Bjørn Arnesson, budde på Øyhus.
  • Ragnhild Arnesdotter (d. før 1687), gift med Nils Johansson Åsen.
  • Guri Arnesdotter, gift med Ola Gunnarsson Ølmhus.
Tord Dølve, brukar saman med Arne Bjørnsson, nemnt mellom 1616 og 1626. Det er ikkje kjend om han var av same ætta.
  • Guttorm Arnesson Dølve (f. omkr. 1604), fyrst nemnt i 1627, brukar åleine frå 1644, og frå 1667 saman med Ola Dølve (neste brukar). Sist nemnt i 1679. Barn ein kjenner:
  • Sigri Guttormsdotter Dølve (omkr. 1641–1721). Gift 1) med Lars Timannsson; gift 2) med Ola Ellingsson Dølve, neste brukar.
Gift med Sigri Guttormsdotter Dølve (omkr. 1641–1721), hennar andre ekteskap. Barn ein kjenner:
  • Ola Olsson Dølve (f. omkr. 1666), var brukar på Dølve ei tid. Var også brukar på Erstad.
  • Elling Olsson, gift med Beret Olsdotter. Brukar på Erstad saman med broren Ola frå omkr. 1710.
  • Guttorm Olsson (f. omkr. 1674), neste brukar saman med broren Ola.
  • Arne Olsson, gift med Rangdi Ivarsdotter, busett på Sparkevik.
  • Gjartrud Olsdotter, gift 1) med Pål Knutsson Framgarden, busett på Framgarden bruk II. Gift 2) med Tøstein Hallsteinsson, busett på Framgarden bruk III.
  • Olaug Olsdotter (f. omkr. 1669), gift med Knut Bjørnsson Stugarden.
  • Guttorm Olsson Dølve (omkr. 1674–omkr. 1748), overtok garden saman med broren Ola. Døydde truleg på Vøll.
Gift med Kjersti Sindresdotter (d. 1773), døydde på Erstad. Barn ein kjenner:
Guttorm Olsson hadde også ein son utanfor ekteskap (før han gifta seg med Kjersti), med tenestejenta Siri Embreksdotter:
  • Harald Guttormsson (f. 1717).
  • Ola Olsson Dølve (omkr. 1666–1753), brukar saman med broren Guttorm, og seinare brukar på Erstad.
Gift 1703 med Gunhild Ivarsdotter. Barn ein kjenner:
  • Arne Olsson (1703–1764), neste brukar.
  • Sigri Olsdotter (1708–1782), døydde ugift på Dølve.
  • Ivar Olsson (f. 1712), gift med Sesel Mattisdotter, busett på Nødre Dølvesetre.
  • Gjartrud Olsdotter (1716–1739).
  • Guri Olsdotter (1719–1739).
  • Ragnhild Olsdotter (f. 1723).
  • Arne Olsson Erstad (1703–1764). Kjøpte halve Erstad i 1719. Kjøpte farbroren Guttorm Olssons part av Dølve og Nedre Dølve i 1742.
Gift med Marit Tøsteinsdotter (1705–1756). Barn ein kjenner:
  • Marit Arnesdoter (1730–1739).
  • Ola Arnesson (f. 1732), gift med Beret Gudbrandsdotter Bagn. Brukar på Dølve bruk I.
  • Syver Arnesson (f. 1734), gift 1) med Beret Andersdotter Garthus på Nørdre Dølve, gift 2) med Anne Mikkjelsdotter Tronhus på Søre Dølvesetre.
  • Gunhild Arnesdotter (f. 1738), gift med Ivar Olsson Lundatn, busett på Islandsmoen.
  • Marit Arnesdotter (f. 1741), gift med Hans Olsson Koparvike, busett på Dølveseige.
  • Rønnaug Arnesdotter (f. 1744), gift 1769 med Tøsten Nilsson Landmark. Busett på Roo.
  • Tøstein Arnesson (f. 1746), gift med Kari Hallvorsdotter, busett på Nødre Dølvesetre.

Dølveshovdingen

Dølveshovdingen er eit lokalt kallenamn på ein av dei tidlege brukarane på Dølve. Det er ein del strid rundt kven dette eigentleg er. Nokre meiner det er den første eigaren vi kjenner namnet på, Lodin Narvesson. Dei fremste innvendingane mot dette er at det ikkje er truleg at han vart hugsa gjennom øydegardstida; namnet har vorte kjend for oss gjennom eit diplom i nyare tid.

De to sterkaste kandidatane er ryddingsmannen Arne Bjørnsson Dølve (død før 1655) eller Ola Ellingsson Dølve (omkr. 1637–1721), som var gift med sonedottera til Arne Dølve. Båe er gode kandidatar, og det har vore lange diskusjonar om desse to. For Ola Dølve talar det at Aslak Hallvorsson Brattrud fleire gonger var i rettssaker med Ola Dølve, og han vert i den samanhangen kalla Dølveshovdingen. Men Arne var også ein mektig mann som var i strid med naboane, så det er ikkje lett å avgjere dette sikkert.

Referansar

Kjelder

Koordinater: 60.78274° N 9.58059° Ø