Elg er det største dyret i hjortefamilien. Tradisjonelt blir all elg rekna til arten Alces alces. Sidan 2005 er sibirsk/amerikansk elg utskilt som eigen art, Alces americanus, og namnet Alces alces er reservert for europeisk elg; men dette er framleis omstridd. Elgen likar seg best i nordlig barskog. Den største bestanden av europeisk elg finst i Noreg, Sverige og Finland, men det finst òg elg frå Polen, Baltikum og Nordvest-Russland austover til Sibir. Det har vore jakta på elg sidan steinalderen. I Østerdalen utgjorde elgen hovudnæringsgrunnlaget for samane som budde i skogane i Østerdalen frå Elverum og nordover føre dei etterkvart trekte opp mot fjellområda og gikk over til å jakte mest på rein.[1]