Storebrua var bygd i 1931, og dette bildet er frå ein gong på 1930-talet. Til høgre ser me ysteriet som var bygd mellom 1925 og 1930.
Bruer i Høydalen er ein oversikt over bruene i Høydalen, Volda kommune.
I alle dalfører er det oftast ei elv som deler dalføret. Er der og ei bygd med busetnad på båe sider av elva så skaper elva eit hinder for samkvemet mellom bygdefolket. Bruene vart bygde på ymse vis alt etter forholda på staden og kva krav som skulle stettast. I mange høve kunne brua vere ei steinhelle over eit pass med fjell på kvar side eller på oppmura brukar. Var det lenger spenn, vart brua gjerne bygt av tre. Kvelvingsbru er her ikkje merke etter i Høydalen. Les mer …
11. september 1994 blei denne spantveggen med dimensjonar som ein båt på 60 fot sett opp for å demonstrera huding. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten Huda er namnet på det ytre skalet på ein båt, sameleis som på oss menneske, så sånn sett er det eit naturleg namn. Om det kan ha samanheng med båtar frå tidlege tider som var kledde med dyrehuder, kan ein gjerne filosofere over. Eg vil freiste å forklare litt om hud og huding på kravellbygd båt med doblingspant. Referansen er til slik det vart gjort ved L/L Vik Båtbyggeri. Fyrste hudplankane som skal leggast er dei tre øvste gangane, setgangane. Derfor må det avgjerast kvar spantetoppane skal kappast. Før ein får leggje bjelkevegar, må rekkestøttene på plass. Spanterisset rekk berre til skandekk på desse spanta. Difor set ein opp ei ri i den høgd rekkelinningen skal ha.Kjølplanken bak, har rotenden bakover, det vert valt ein planke med stor breidde. Fyllingsplanken er den siste ein set inn. Han er oftast litt lavt i kimingane, og vert stokken på.
Alle hudplankar er skøytte midt på eit tømmer, og er spikra med to skipssikar i kvar ende. Er det ekstra stor plankebreidd kan ein bruka fleire spikar. Over vasslinja vert alle spikrar innsenka, det vert brukt por, dor med skaft, når spikaren skal heilt inn. Les mer …
Nybygd aurgjeldsfyring. Foto: Olve Utne (2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg. Les mer …
Logoen til Nesna kystlag.
Nesna kystlag er et kystlag i Nesna kommune, ble stiftet i 2007 og har 102 medlemmer. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN. Nesna kystlag skal arbeide for å fremme lokal kystkultur, og kultur rettet samarbeid i samsvar med landsforbundets vedtekter og arbeidsmål. Det legges vekt på bevaring og bruk av tradisjonelle fartøy, motorer, miljøer og gjenstander som er spesielle for distriktet, tradisjonelt håndverk og tradisjoner med tilknytning til den lokale kysthistorie, – samarbeid med kommunen, lokale museer, foreninger, skoler og private om aktuelle kulturvernoppgaver. Les mer …
Vistehola ligg på garden Viste i Randaberg kommune. Dei gode bevaringstilhøva for organisk materiale i denne hola har avslørt meny og levevis hos steinaldermenneska på Sørvestlandet. Vistehola høyrer såleis med til dei klassiske lokalitetane i norsk arkeologi.Hola er 8-9 meter djup og 5-6 meter vid. Ho ligg godt skjerma ved foten av ein bratt knaus med fritt utsyn mot sjøen. Landhevinga har medført at avstanden til stranda i Vistevika i dag er eit par hundre meter, men i steinalderen låg hola nær sjøen. Opphavleg var namnet "Svartehålå" på lokaldialekten, noko som nok hang saman med at hola på avstand verka djup og mørk. Etter at interessante arkeologiske funn byrja å koma for dagen, skifta namnet til "Vistehålå". Det var ein lokal randabergbu som i 1900 oppdaga mellom anna flint, dyrebein og trekol i hola. Konservator T. Helliesen frå Stavanger Museum gjennomførte i 1907 ein mindre gransking. Den kjende arkeologen A.W. Brøgger heldt fram arbeidet i 1907 og 1910. Endeleg stod H. Egenæs Lund for utgravingar i 1939 og 1941. Les mer …
Artillerigården i Gamlebyen, også kjent som Artillerikassernen, ligger nord i byen, mot nordre kurtine. Den er opprinnelig oppført som feltartillerigård i 1733 og skulle tjene som lager eller tøyhus for feltartilleriet. Bygningen var opprinnelig en en-etasjes gråstensbygning, men ble utvidet med en ny etasje i teglsten. Denne ble oppført vinteren 1841- 1842. Les mer …
|