Holen (Bykle gnr 12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holen
Holen 2.jpg
Myri og Der uppe i Holen i slåtten ein gong på 1960-talet.
Foto: Gunnar O. Holen
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 12
Type: Gardsbruk

Holen i Bykle kommune låg i det etter måten flate lendet mellom Skarg i austenden av Bossvatn og Floslivatnet, som ligg ein snau km lenger sør. Når me seier at garden låg, og ikkje ligg, er det avdi korkje innmark eller tun finst lenger. Som Alfred Ryningen har skrive (1979, 96 f) er «heile det eigentlege Holen, dvs. bruka Myri, Plasset, Der uppe og Haugo, [...] utplanert og sett under vatn. Dei to andre verestadene under garden, Lisletjønnhaugen og Nygård, er etter måten urørde av kraftubyggjinga». Rett søraust for garden går dammen som stengjer dalføret og demmer opp Bossvatn. Mot nord og vest deildar garden mot Tveiti, men austanfor Tveiti rekk gardsvaldet lenger nord, og møter på slutten Hoslemo og Vatnedalen på høgste rista. På austsida deildar garden mot Mosdøl, men mot sør strekkjer utmarka til garden seg til terrenget på vestsida av Bykil. Her rekk då Holen til grensene mot Lambeto og Hisdal.

Etter Ryningen har garden namnet sitt frå «ein rund, monaleg stor, haug av sand og grus som låg midt på den sletta som utgjorde det eigentlege Holen». Ordet Holl, m, tyder nettopp 'haug' i gamalnorsk. At dette ordet ikkje har vore i livande bruk på lenge, kjem tydeleg fram av at den nemnde haugen i nyare tid har vorte kalla Holshaugen.

Når gardsnamnet er gamalnorsk, vil det tilseia at garden iallfall lyt vera eldre enn 1350. Ei arkeologisk undersøking frå 1972 stadfester dette, ettersom her m.a.vart funne kol i grunnen som vart C14-datert til 1250 +/- 110 (Oldssaksamlingas hovudkatalog 34267 a-c).

Skylda på garden frå 1624 og frametter var på 6 kalveskinn. Her var på denne tid berre eitt bruk, og såleis vart det verande inntil det ca 1696 vart dela i to bruk med 3 skinn på kvart. Det var Myri og Der uppe. Gardsskogen hadde på slutten av 1600-talet vorte selt ifrå til ein kaupmann i Kristiansand. Denne teigen vart matrikulert for seg fyre 1793, då me fyrste venda finn han omtala som eit eige bruk.

I matrikkelen frå 1838 var her då 3 bruk. Myri, bnr 1, vart då vurdert til 2 ort 8 skill, medan Der Uppe, bnr 2, vart sett til 1 ort 21 skill., og den frådela skogen til 12 skill. Den samla skylda på garden då var 4 ort 17 skill. Ved den neste matrikuleringa, i 1886, ser ein at Myri vart sett til 80 øre skyld, Der Uppe til 65 og Holsskogen til 93. I 1906 vart husmannsplassen Haugo frådela bnr 2. Denne verestaden fekk bnr 4 og ei skyld på 9 øre. I 1922 vart også plassen Tjønnimidjom dela frå bnr 2, skylda her var 4 øre. Det noko eldre Holenplasset under bnr 1 vart fyrst matrikulert til eige bruk i 1945, matrikkelskylda her vart sett ti1 20 øre.

For å skaffe eit samla oversyn over bruksutviklinga set me opp denne tabellen:

Bruksutvikling i Holen, gnr 12

Bnr Bruksnamn Etabl.år Skyld i øre Utskilt ifrå Matr.- år Kategori, evt. merknader
1 Myri Fyre 1350 80 1624 Hovudbøle
2 Der uppe Ca 1696 65 Heile gnr 12 1700 Gardsbruk
3 Holsskogen Ca 1696 93 Heile gnr 12 Fyre 1793 Dela 1915, bnr 5 utkløyvd.
4 Haugo Ca 1829 9 Bnr 2 1906 Plass under bnr 2, sjølveigande småbruk 1906.
5 Utskilt skogteig 1915 46 Bnr 3 1915 Samanslege med Utistog Byklum, gnr 14, bnr 2.
6 Nygård 1922 4 Bnr 2 1922 Bureisingsbruk
7 Holenplasset Ca 1836 20 Bnr 1 1945 Plass 1836-1893, sidan folketom del av bnr 1.
Lisletjønnhaugen Ca 1872 Bnr 2 Plass under bnr 2, busett ca 1872-ca 1895.

Den udela garden

Det gjæve, gamle loptet frå Myri Holen står i dag mellom kommunehuset og Bykle hotell,og er i eiga til Bykle kommune. Det vert datert til tidleg 1600-tal, og det kan då ha vore Svein Auversson som kosta det oppsett. Teikning av Tove Krogh.

Fyrste venda ein ser noko til Holen i dei skriftlege kjeldene er i eit brev frå 1597, som me også har referert delar av i bolkane om Nesland og Tveiti. Den passasjen frå dette brevet som vedkjem Holen står i ei avskrift av eit eldre brev, eit skøyte frå 1541, der det går fram at Holen gjekk med på handelen då Tveiti skifte eigar i det sistnemnde året. Av dette sluttar me at dei to gardane ved det leitet var ein eigedom, og at Holen var underbruk under Tveiti.

Av eit brev utan dato, som i Vallesoga er tidfest til like etter 1600 (Valle IV, 320 f), går det fram at Gunstein Hallvardsson på Kyrvestad då hadde bode sønene sine å kaupe det han åtte i Tveiti og Holen, som var 4 markebol. Såvidt me kan oppfatte, må dette vera den same eigedomen som hadde kome på nye hender i 1541, dvs heile Tveiti og heile Holen. Av Gunsteinssønene var det berre Auver som var interessert i Holen, så han kom til å overtaka denne garden, medan brørne Orm og Tarjei løyste ut Tveiti. Orm budde sidan der, og er nøyare omtala under den garden.

Men som me kjem til etter kvart prøva han seinare også å kara til seg Holen frå Auver. Om Auver budde i Holen i 1610, slik den gamle gards- og ættesoga opplyser, er me ikkje heilt sikre på, og det er også uvisst om han i det heile budde her, men han er iallfall oppskriven som «øydegardsmann» her i landskattelista frå det nemnde året. Problemet er at han samstundes er oppskriven som oppsitjar på Kyrvestad, så han kan også ha vore der (Valle IV, 321). Seinare budde han på Kyrvestad det meste av tida, skjønar me, men nokre av etterkomarane var heilt sikkert oppsitjarar i Holen, så me tek inn det som er kjent om familien hans her:

  • Auver Gunsteinsson Kyrvestad, d fyre 1622
g m Gunhild, n 1622. Born iallfall:
  • Olav, n 1626-62
  • Svein, n 1626, g m ukj, sjå nedenfor
  • Tarjei, n 1626, 1662, g m Tarand Borgarsdtr. Harstad, n 1662, sjå Nordtveiti.
  • Gunne, d fyre 1664, g m Bjørgulv Torsson Røysland, f ca 1586, d etter 1666, sjå Valle VI, 477

Av eit udatert brev, som truleg kan vera frå ca 1613-14, går det fram at broren, Orm Gunsteinsson i Tveiti, hadde stemnt Auver på Kyrvestad med sikte på å verta tilkjend eigedomsretten til Holen. Brevet er Auver sitt svar på søksmålet.

Ein Mikkel Gunnulvsson åtte i si tid Holen, fortel Auver. Denne Mikkel, som var gift med ei Sigrid, hadde pantsett Holen til Pål Løyland for 9 riksdalar. Støylen Kaupmannsbui var dertil pantsett for seg for 8 dalar. Etter dette døydde Mikkel, men Sigrid, enka, leigde Holen attende hjå Pål Løyland, og bruka garden, endå ho var busett på Stjernarøy i Ryfylke. Pål Løyland baud Auver å taka over pantet, dersom Sigrid gjekk med på det. Difor drog då Auver nord til Stjernarøy til henne, og lova henne at om ho ville leige garden av han, skulle ho sleppe med 1 laup smør (15,4 kg) i årleg leige, medan ho hadde måtta gjeva Pål 1 1/2 laup i året. Dette tykte ho høyrdest bra ut, og Auver betala deretter ut pantepengane til ervingane etter Pål Løyland. Pål sjølv hadde altså døytt fyre Auver overtok pantet.

Men så gjekk Tarjei Kyrvestad, bror åt Auver, «med Underfundighed og Treskhed» til ervingane etter Pål, og lova dei meir betaling om dei ville hjelpe han med å taka bruksretten til eigedomen attende av Auver. Dette kom det i fyrste kastet ikkje noko ut av, men så døydde Sigrid på Stjernarøy, og Tarjei reiste då til Olav Andresson i Eidsborg, som var gift med dotter hennes, og betala han for å taka att bruken av garden av Auver. Men Olav skusla bort pengane han hadde fått av Tarjei til andre fyremål, og difor vart det til at han og verbroren, Gunnar, i staden selde Holen til Auver. (Me skal presisere at det Auver i fyrste omgang hadde skaffa seg tydelegvis var eit «brugeligt pant», altså eit pant med bruksrett, medan det han kaupte av Olav og Gunnar må ha vore sjølve eigedomsretten.)

Etter dette var det at Orm Tveiten, den andre broren, prøva seg med fanteri, etter det Auver fortel. Han gjekk til Olav Andresson i Eidsborg og betala han for å gå attende på handelen med Auver, slik at han sjølv kunne få hand om garden. Når han vel hadde fått til ei avtale med Olav om dette, freista Orm å taka over bruken av Holen «med vold». Kva dette konkret tyder, om han t.d. hadde jaga bruksfolka av Auver, veit me ikkje. Men fyrste året tok han halve garden, og neste året resten, alt «imod Lensmandens Forbud». Så langt etter rettsinnlegget av Auver Gunsteinsson.

Olav Andresson i Eidsborg skreiv sidan eit vitnebrev om det som hadde hendt. Det er dagsett i 1614, og fortel at Auver ikkje hadde reidt ut heile kaupesummen for Holen, det vanta 16 1/2 riksdalar. På denne bakgrunnen hadde han meint seg å stå fritt til å reka oppatt handelen, og det var han også viljug til ettersom Orm hadde gjort opp restgjelda med han. Avtala mellom dei to gjekk vidare ut på at Orm skulle gå til Auver og krevje dei 16 1/2 dalarane av han.

Ville ikkje Auver gå med på dette, skulle Orm i staden løyse ut alt det Auver hadde betala til Olav og Gunnar. Men såleis gjekk det ikkje. I staden kom Auver til Olav i løynd og betala han dei 16 1/2 dalarane. Dermed skulle då Auver eige Holen fullt ut.

I 1622 var Auver død, men endå var ikkje tretta til endes, ser me, for då stemde Gunhild, enka hans, og borna hennes, Orm Tveiten med krav om jordleige og erstatning for dei åra han uløyves hadde bruka Holen. Vidare stemnde dei han også for uteståande landskyld av den parten deira i Tveiten som han bruka. Om Auver budde i Holen i det heile, er me som nemnt ikkje sikre på, men me veit at han betala landskatten av garden frå 1610 og frametter til og med 1616, og at han åtte han fullt ut frå 1614 er sikkert nok. I alle høve gjorde han seg ein heil del umak for å få tak i eigedomen, slik at han kunne etterlata han til sonen:

  • Svein Auversson Holen, f fyre 1588 (?), n m.a. 1613 (?), 1617, d ca 1658
g m ukj. Born Iallfall:
  • dotter NN
  • ? Knut, n 1645, sjå nedanfor
  • Auver, n 1659, d ca 1679, g m Ragnhild Tarjeisdtr., sjå nedanfor

Kven kona av Svein var, veit me ikkje. Men me veit at han var gift, for i koppskattemanntalet frå 1645 er han oppførd med «kone och datter».

I Vallesoga (IV, 322) les me at det sat ein Svein Auversson på eitt av bruka i Kyrvestad i 1613, og det vert stilt spursmål om dette er same Svein Auversson som sidan åtte Holen. Dette virkar så truleg at me torer stryke spørjeteiknet, jamvel om det ikkje finst noko direkte prov. Men så langt dette er rett, så er omtala frå Valle fyrste venda me høyrer gjete vår mann. Då kan denne omrøda hjelpe oss med å plassere alderen hans, for når han var sjølvstendig gardbrukar i 1613, vil me tru at han var myndig på den tid, og altså seinast fødd 1588. Det passar i så fall godt med det lisle me elles kan vita om han.

I Holen er Svein fyrste venda notert som oppsitjar i 1617. Sidan går han att i ei lang rekkje skattelister som eigar og brukar av denne garden. I 1645 hadde han ein medbrukar som heitte Knut, som også var gift. Me veit ikkje sikkert kven denne Knut-en var, men vågar likevel å kaste fram ei gjeting om at han kan ha vore ein son åt Svein, og bror åt Auver, for det var vanleg på denne tid at vaksne søner var medbrukarar på farsgarden. Men om denne gjetinga kan vera rett, så har nok nemnde Knut-en døydd tidleg, for i 1651 ser me at det var Auver som då bruka halve garden av Svein, og at Auver var Auver Sveinsson er det ingen tvil om. Men Svein åtte altså framleis heile Holen, og såleis veit me at det var så seint som i 1657. Men i 1659 var Svein borte, og Auver åtte då heile garden.

  • Auver Sveinsson Holen, f ca 1616, d fyre 1679
g m Ragnhild Tarjeisdtr., n 1705, d seinast 1699. Born, iallfall:
  • Knut, f ca 1658 n 1666, 1705 (jfr Valle V, 130), g m ukj., søner:
  • Auver og Ånund, sjå nedanfor, jfr Nordtveiti, gnr 11, bnr 2
  • Auver, f ca 1661, n 1666, d 1705-1711, sjå nedanfor
  • Svein, d seinast 1705, ikkje born
  • Torbjørg, g m Tarjei Andresson (Brotteli?), sjå Der uppe, bnr 2
  • Aslaug, g m Åsmund Drengsson Rygnestad (?), born, iallfall:
  • Dreng og Auver, jfr Valle VI, 353
  • Hæge, g m Torgrim Hakesson Strand, Skafså, iallfall 1 barn NN

Kva for ein Tarjei Ragnhild, kona åt Auver, var dotter åt, veit me ikkje. Men etter at Auver var død gifte ho seg omatt med enkemannen Olav Jonsson i Mannspann, Kyrvestad, som tidlegare hadde halde til i Nordtveiti (Jfr. Valle IV, 323 f). Når det gjeld tida for dette, så står det i eit rettsdokument frå 1705, som me sidan skal nytte fleire opplysningar ifrå, at Olav Jonsson gifte seg med enka etter Auver Sveinsson «for 26 Aar siden», og dermed har me då også eit omtrentleg tidspunkt for dødsfallet åt Auver. Han må ha vore død noko fyre kona hans gifte seg omatt.

I 1666 vart det oppskrive i eit manntal at Auver Sveinsson då var 50 år, og at sønene Knut og Auver var 8 og 5 år. Me set opp fødselsåra deira etter desse oppgåvene, men med atterhald, ettersom me trur at iallfall Auver Auversson var noko eldre enn manntalet seier, og dei andre oppgåvene kan også vera upresise.

Utifrå namnet ville me gjeta på at Svein hadde vore den eldste av brørne. Men han er ikkje nemnd i noko manntall frå 1660-åra, og sidan er han ikkje oppførd som eigar av nokon part i garden. Det einaste me får vita om han er at dei heldt skifte etter han i 1705, og at han berre hadde ervt pengar, ikkje fast eigedom. På denne bakgrunnen set me han opp etter Knut og Auver i familieoversynet.

Kring 1670 hadde Auver ått bnr 1 i Kyrvestad (Mannspann), og dette selde han då til Olav Jonsson, som tidlegare hadde sete i Nordtveiti, men sidan heldt til i Mannspann. Etter dette gifte Olav seg som nemnt ovanfor med enka etter Auver.

I 1679 hadde Knut Auversson ein part i Kvósåk, som han då selde til Olav Hallvardsson Holum. (Jfr Valle V, 130). I 1699 skreiv Knut under på ei semje med syskena om fordelinga av arven etter mora, og i 1705 skreiv han under på ei ny semje om arven etter Svein, broren. I brevet om denne siste skifteavtala har me også funne namna på ektemakane av Aslaug og Hæge, systrene deira. Kvar desse budde, står ikkje i skiftet, men me meiner likevel at me har greidd å plassere dei. Når det gjeld Aslaug, høver namna så godt, at me vil rekne det for temmeleg sikkert at ho var gift med Åsmund Drengsson Rygnestad (jfr. Valle VI, 353). Mannen åt Hæge var frå Strånd ved Borsæ. I åra 1711-15 er han registrert som busett med kone og eitt barn på Torstveit. Frå 1718 og frametter, iallfall til kring 1730, budde dei i Nistog Kleivi i Skafså (jfr. Mo bygdebok II, 59, 78, 229).

Heller ikkje Knut vert det oppgjeve noka adresse for, men brevet fortel at han hadde sønene Auver og Ånund, som truleg var myndige i 1705. Knut er aldri oppførd som oppsitjar i Holen i noka skatteliste, så her budde han nok ikkje. Utan at me torer å påstå noko sikkert vil me rekne det for mogeleg at det var Knut Auversson som budde i Nordtveiti ilag med ein Olav Auversson, som ikkje kan ha vore bror hans, frå ein gong på 1680-talet og framimot 1720 (sjå Nordtveiti). Dette er likevel berre ei gjeting på grunnlag av at namnet og alderen tykkjest passe, så me lyt halde døra på glytt for at Knut Auversson i røynda kan ha budd utanbygds.

Auver Auversson var derimot oppsitjar og skattebetalar i Holen, frå kring 1680 og til kring 1700. Etter dette året betala han ingen gardskatt, men me veit at han livde i 1708. I ein matrikkel frå 1712 er han framleis oppførd som eigar av 3 skinn, men det er nok berre avdi han som skreiv denne matrikkelen ikkje har vore ajour, for i 1712 var Auver død, og enka hans sat med garden.

  • Auver Auversson Holen, f ca 1661, d etter 1708, fyre 1711
g m Åse, n 1711, 1712. Born, iallfall:
  • Asgjerd g 1716 m Folke Tarjeisson Byklum, sjå Myri, bnr 1
  • ? son, sjå nedanfor

Kvar Åse kom ifrå veit me ikkje. Men i 1711 var ho enke, og budde i Holen i lag med dottera.

Her er karolinarane på jakt etter norske desertørar. Rømlingane har kasta uniformene ser me. Teikning Tove Krogh 2005.

Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal I, 329) har ei segn som nemner ein soldat som han kallar Jon Holen.

Pål Hakesson Rygnestad og Andris Lunden og Jon Holen låg ute i attanårsufreden. Dei var heilt inn på Skånesletta - det er attan mil inn i Sverik. Då rymde dei. Dei tok skogane heimigjenom, av di den som rymer er livlaus. Um notti var dei fram i bygdene. Der var so mykje med erteåkrar og kveiteåkrar og rugåkrar i Sverik; so låg dei i åkrane og ripa og åt. Ein gong var dei so uti det. Der kom noko ridarar frametter med. Dei hadde hundar, og hundane kjende snasen; dei snugga og gøydde og glama.

'Her heve dei norske gossarne fari', sa den eine.
'Ti, ti! Ri, ri!', sa den andre.

[...] Dei tok åt Bjønnarådalen med same dei kom heim. Dei sette upp der stoge; der var stall under og stoge uppå. [Sidan] rymde dei på Austlandet.

Kor rett dette kan vera, veit me ikkje. Det er sikkert nok at det var mange soldatar som rømde frå Den store nordiske krigen, men me kjenner ikkje til nokon Jon Holen som kan ha gjort det. Men etter det me skjønar har Skar ikkje sjeldan feil namn på dei personane han fortel om, jamvel om sjølve sogene i og for seg kan vera rette nok, eller i det minste har ei kjerne av sanning. Såleis kanskje også i dette tilfellet, for etter det Vallesoga (VI, 299 f) opplyser, heitte den soldaten frå Rygnestad som rømde frå den nemnde krigen Pål Torleivsson, og ikkje Pål Hakesson. På denne bakgrunnen fell det rimeleg å tenkje seg at Pål Rygnestad kan ha rømt ilag med ein frå Holen. Denne kan då gjerne ha vore ein elles ukjend son åt Auver Auversson, men kva fyrenamnet åt denne mannen i så fall var, er på vona.

Auver var med på dei ovannemnde ervesemjene etter mora og broren i 1699 og 1705, og vert i båe kjeldene omtala som Auver Holen. Det vert han også i ei rettssak om bnr 1 i Kvósåk frå 1708, der det kjem fram at han ein gong på 1670- eller 1680-talet bytte til seg ein part i den garden av ein Tarald Såvesson Åmdal i Skafså. Etterpå makeskifte han bort parten i Kvósåk til Såve Såvesson Bjones mot ein tilsvarande part i Mosdøl (Jfr Valle V, 130).

Auver sat ikkje åleine i Holen. I fyrste helvta av 1690-åra vart han oppskriven som sambrukar med mannen av systera. Men frå 1696 står det at dei hadde kvar sitt bruk på 3 kalveskinn, så då ser det ut til at garden var dela. Systermannen heitte Tarjei Andresson, og kan ha vore frå Brotteli (sjå bolken om Der uppe, bnr 2). Frå skiftet etter Asgjerd Auversdotter frå 1735 veit me at far hennes i 1695 pantsette 3 kalveskinn, dvs. halve garden, til Tarjei Olavsson Nesland, og me trur at det kanskje var dette som gav støyten til garddelinga. Etter som det ser ut laut Auver etter pantsetjinga betale leige til Tarjei Nesland for bruket sitt, medan Tarjei Andresson åtte sitt bruk fullt ut. Fyre han pantsette eigedomen hadde Auver selt mykje av gardsskogen ifrå. Kauparen var kaptein Kingling i Valle. Etter tradisjonen vart skogen seld for ei halvtunne salt. Kingling fekk seinare også tak i ein skogteig frå Tveiten og heile Ryningen.

Auver tykkjest ha budd i Myri, medan Tarjei heldt til i Der uppe. I den vidare framstillinga skal me handsama dei to bruka kvar for seg.


0941 Bykle komm.png Holen (Bykle gnr 12) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Søtveiti • Neste bolk: Myri