Holenplasset (Bykle gnr 12/7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Holenplasset
Alt. namn: Plasset under Holen
Rydda: omkr. 1836
Utskilt: 1945
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 12
Bnr: 7
Type: Småbruk

Holenplasset låg vel 100 m austom tunet i Myri, og snaue 100 m sørom tunet i Der uppeHolen i Bykle kommune. Innmarka kring plasstunet var berre 2-3 mål, men så kom det innåt noko utmark austanfor tunet, og i lia opp mot Holskodden hadde dei åkrar i Kåvestigjen og Ormeskuta.

Dei fyrste me veit om budde her er Olav Olavsson Nesland og huslyden hans. Han var yngste son åt Olav Olavsson Gjerden og kona, Gunhild Tarjeisdotter, fødd Nesland. Olav gifte seg i 1815 og kona hans heitte Ingebjørg. Ho var fødd på Bratteland, men då ho gifte seg, budde ho hjå mora i Myri Holen, og vart då oppskrive med etternamn Holen. Foreldra hennes var Olav Larsson Bratteland og kona, Eli Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen.

Etter at dei gifte seg budde Olav og Ingebjørg fyrst nokre år som busetar i Myri. Sidan var dei innom fleire stader, m.a. var dei bruksfolk i Systog Nesland frå 1823 til 1832, og dinest var dei på Bratteland eit bil, men frå 1836/37 og ein 10-12 års tid frametter tykkjest dei ha vore husmannsfolk her. Ettersom dei er dei fyrste plassfolka me veit var her, lyt me vel rekne med at det var Olav som sette opp hus og fekk til ein fast verestad på denne delen av Holen. Då han døydde i 1851, var han likevel busete einkvarstad på Nesland. I denne boka er den nærare omtalen av han og familien hans plassert under Systog Nesland.

Kvifor Olav og Ingebjørg flutte ifrå veit me ikkje. Me kjenner heller ikkje til at det flutte inn andre folk med det same etter dei reiste. Fyrst nokre år seinare finn me nye plassfolk her. Også dette var ei dotter av ein oppsitjar i Myri og familien hennes. Ovanomtala Ingebjørg var syster av far hennes.

Gamal sigd i Holsloptet, reg nr KB0072. Slike bruka dei på alle plassar og gardar, og sikkert også på Holenplasset. Bilete frå Setesdalsmuseet.
  • Eli Olavsdotter Holen, f 1825, d 1876
g 1847 m Ånund Olavsson Mosdøl, f 1821, d 1868. Born:
  • Anne, f 1847, g 1872 m Andres Olavsson Strandestøyl, sjå Hagen under Byklum, gnr 14 bnr 24, jfr. nedanfor
  • Gyro, f 1850, d 1862
  • Birgit, f 1854, g 1881 m Knut Torleivsson Byklum, sjå Haugen under Byklum, gnr 14, bnr 22
  • Olav, f 1858, konf. 1873, seinare lagnad ukj. (Amerika?)
  • Gyro, f 1867, d 1867

Eli var dotter åt Olav Olavsson Bratteland i Myri og kona, Gyro Knutsdotter, fødd Vatnedalen. Ånund Olavsson var frå Lunden Mosdøl. Foreldra hans var Olav Mikkelsson Mosdøl og kona, Anne Sigurdsdotter.

Ånund og Eli gifte seg i 1847. Det året vart dei oppskrivne som busetar hjå mor hennes i Myri. I 1850 bruka dei nok ein part av garden, for då vart dei kalla leiglendingar, men i 1854 heitte dei atter busetar. Fyrst i 1858 tykkjest dei ha prøva seg som husmannsfolk på plassen her, men dette kan ikkje ha vart så mange åra. For i 1865 var dei atter busetar, denne venda på plassen og ikkje på garden.

Han som sat med husmannskontrakta her då var ungkaren Torbjørn Salmundsson Ryningen, som hadde kome att frå Amerika, og hadde ein del pengar. I tida 24.1.1867 til 7.4.1868 tykkjest han ha prøva seg med kråmbu her, iallfall løyste han handelsbrev for denne perioden. Om han faktisk dreiv landhandel, var nok lønsemda for dårleg, vil me tru. Iallfall fornya han ikkje handelsbrevet sitt etter det fyrste året, og kort etter flutte han inn som busete hjå Blind-Olav i Haugo. Der døydde han i 1883, framleis med litt midel i behald.

Om Torbjørn Salmundsen hadde nokre kroner, så var Ånund Olavsson snau. Då han døydde i 1868 vart han oppskriven som fatiglem. Frå 1872 leigde Andres Olavsson, som var gift med Anne Ånundsdotter, bruket Der uppe. Etter at Eli kom i enkestand budde ho hjå dei til ho døydde i 1876.

Han som overtok plassen her då Torbjørn Salmundsson flutte åt Haugo, var ein annan gamal ungkar: Knut Knutsson Vatnedalen. Han var fødd i 1813, og var rosemålar, snikkar og ein framifrå hardingfelespilmann (sjå Bykle kultursoge, 1993, 321 f). Heller ikkje han var lenge husmann her. Nett kva tid han slutta veit me ikkje, men frå 1878 var her nye folk. Knut Knutsson slo seg til som busete hjå enka Sigrid Torleivsdotter i Myri, og det var kanskje difor han seinare støtt vart omtala som «Buseten». Han budde i Myri i 1891, og framleis då han døydde i 1899.

Dei nye folka her i 1878 var Knut Gunnarsson Nesland og kona hans. Han var frå Systog Nesland og son åt Gunnar Knutsson Nesland på det bruket og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Bratteland.

  • Knut Gunnarson Nesland, f 1840, d 1916, til Amerika med kone og son 1893
g 1875 m Ingjerd Hallvardsdtr. Nesland, f 1834, d 1908. Born:
  • Gunnar f 1876, farmar, d 1958, g m Jorunn Sveinsdtr. Berg, f 1869, d 1952, sjå nedanfor

Ingjerd var frå Sygard Nesland. Foreldra hennes var Hallvard Knutsson Nesland og kona, Sigrid Andresdotter, fødd Brotteli.

Ingjerd budde ilag med brørne sine i Libu inntil ho gifte seg sumaren 1875. Då folketeljinga vart oppteke på slutten av det året, var ho og Knut busetar i Systog Nesland. Frå 1878 budde dei på plassen her til dei drog til Amerika i 1893.

Etter dødsfallslista frå Historielaget i Minnesota (Minnesota Historical Society) døydde Ingjerd i 1908, medan Knut livde til 1916. Dei er båe registrerte som avlidne i Beltrami County, eit stykke aust for Grygla. Sonen Gunnar livde i fylgje den sistnemnde kjelda til 1957. Etter folketeljinga for Minnesota frå 1930 budde han det året i Pennington County, vest for Beltrami og sør for Grygla. Han dreiv då som farmar ein stad som heitte Smiley Township. I 1898 hadde han gift seg med Jorunn Sveinsdotter Berg frå Valle (jfr. Valle III, 385), som hadde emigrert i 1894. Av heimebuande born hadde dei i 1930 dei fylgjande: Halvor, f 1901; Tillie, f 1908 og Andrew, f 1913, alle fødde i Minnesota.

Knut, Ingjerd og Gunnar var dei siste som budde her. Kring 1930 sytte rett nok Gunnar O. Holen i Myri for at her vart brote og dyrka, og tenkte seg vel at her kunne verta eit småbruk for ein av sønene. Det var Knut O. Lyngtveit som utførde dyrkingsarbeidet.

I 1945 vart plassen skilt ut som eit eige bruk i matrikkelen, med eit areal på 10 mål, og tildela bnr 7 og ei landskyld på 20 øre. Grunnen til dette var at Bjørgulv Gunnarson Holen, som budde i Listog under Byklum, nokre år tidlegare hadde fått overtaka denne eigedomen som arv. Etter det me kan skjøne vart deildene kring plassen ved dette høvet gjort noko romare enn dei hadde vore tidlegare. Bjørgulv kom likevel aldri til å slå seg ned her, han vart buande i Listog, men henta heim høyavlinga frå plassjorda.

I 1953 var her ikkje bustadhus.


0941 Bykle komm.png Holenplasset (Bykle gnr 12/7) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nygård • Neste bolk: Lisletjønnhaugen