Karoline Skar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Opptoget under Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer i 1908. Karoline Skar var til stede under dette møtet.
Foto: Ukjent/Maihaugen (1908).

Karoline Skar (fødd Korsødegaard i Stange 2. mars 1850, død på Lillehammer i 1935) var veverske, bedriftseigar og lokalpolitikar på Lillehammer. Ho gjorde også ein stor innsats for husflidsrørsla der tidleg på 1900-talet. Skar var den eine av to kvinner som kom inn i bystyret i Lillehammer ved kommunevalet 1901. Den andre var Marith Tande. Dei var dermed blant dei 100 fyrste kvinnene som vart innvalde i kommunestyra etter at kvinner hadde fått ein avgrensa stemmerett det året. Båe to representerte Det konservative parti.

Bakgrunn, oppvekst og familie

Karoline Skar var dotter av gardbrukarparet Anders Amundsen Korsødegaard (1825-1905) og Alis Amundsdotter fødd Oustad (1821-1873). Karoline var einaste barnet deira. Faren gifta seg opp att, og Karoline fekk ho ei halvsyster, Marie fødd 1883. Korsødegarden var ein mellomstor gard i Tangen sokn i Stange.

Karoline gifta seg med i 1880 med fargarmeister Ole Olsen Skar frå Øyer (fødd 1842), busett på Lillehammer. Dei fekk tre born (Anders, Ågot og Marie).

Både Karoline og Ole hadde gått på folkehøgskule, ho hjå Herman AnkerSagatun ved Hamar, Ole på skulen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen.

Yrkesverksemd

Det framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder kvar Karoline Skar fekk opplæring i vevkunsten. Karoline og Ole Skar opna i alle høve kombinert vevstove og fargeri på Lillehammer. I byrjinga var fargeriet hovudnæringa.

Da Karoline vart enkje (ca. 1890?) dreiv ho verksemda vidare aleine. I folketeljinga 1900 ser vi at ho hadde ein fargarsvein og ei butikkjomfru i hushaldet. I 1910 er hushaldet større med fire fargarar (inklusive sonen Anders), ein vevar, ein valkar og ein pressar og dertil ekspeditrise og kokke. Det var ei tradisjonell handverkarverksemd, og det var altså ikkje så mange tilsette.

Det er likevel ikkje sikkert at dette gjev det fulle og heile biletet. På eit visst tidspunkt byrja Karoline Skar å setje ut veving til kvinner ute i distrikta rundt omkring i Gudbrandsdalen og på Hedmarken. Verksemda, som fekk namnet Skars vevstuer, produserte ei rad ulike stofftypar til dressar, drakter og kjoletøy. Mest vart dei kjende for produksjon av handklede og alle slags klutar i lin og bomull. Sonen Anders Skar, som overtok verksemda etter mora, kan i eit intervju frå 1939 fortelje om vaskeklutane deira var så omtykte at ein London-diplomat nytta dei til borddukar.

I 1906 hadde Karoline Skar eit opphald på Hebridane for å lære «home-spun», ein spesiell skotsk måte å produsere dresstoff på. Etterpå lærde ho opp sine veversker i distrikta til også å drive home-spun.

Politikken

Karoline Skar vart vald inn i bystyret i Lillehammer i 1901. Ifølgje valprotokollen til valstyret i Lillehammer kommune sto ho som nummer tre på lista til Det konservative parti. Ho fikk 570 røyster. Marith Tande var den andre kvinna som vart vald inn i bystyret i Lillehammer i 1901. Ho representerte også Det Konservative parti.

Karoline Skar stilte også til bystyreval i 1904 og 1907. Ved valet i 1904 representerte ho Det Konservative parti, og kom inn i bystyret med 627 røyster. Ved valet i 1907 representerte ho Samlingspartiet og kom inn i bystyret med 752 røyster.

Partitilknytinga er verd å merke seg spesielt. Med sin eigen folkehøgskulebakgrunn, og ikkje minst med tanke på mannens familie, ville det ikkje ha vore overraskande om ho hadde stått på motsett fløy, i Venstre. Familien Skar (Skard) var vide kjend i norskdoms- og venstrerørsla i tida. Karoline Skar var svigerinne til Mathias, Johannes og Kari Skard, og gjennom sistnemnde med Christopher Bruun.

Gjennomgang av bystyreprotokollane til Lillehammer kommune i perioden Karoline Skar sat i bystyre, viser at ho også var representert i ulike nemnder og utvalg. Ho hadde ein sentral posisjon i fabrikktilsynet, var medlem i tilsynsnemnda for arbeidskontoret, og ho var vararepresentant i overligningskommisjonen. Det var ikke så vanleg at kvinner hadde slike verv. Kvinner vart oftare vald inn i styrer og nemnder med oppgåver innanfor omsorg for barn, sjuke og gamle. Slik som Marith Tande, som var medlem i fattigstyret.

Karoline Skar var ei samfunnsengasjert kvinne, og var aktiv i foreiningsliv av ymse slag. Hovudinteressa var å fremje husfliden, ei sak som hadde vind i segla dei fyrste tiåra av 1900-talet. Ho var også vært opptatt av stemmerettssaka. Ho var leiar av Lillehammer kvinnestemmerettsforening, og deltok ho når Landskvinnestemmerettsforeningen hadde møte på Lillehammer i 1908. I forbindelse med møtet gjekk kvinnene i tog gjennom Lillehammer, og dei var samla i Bankenes festlokale.

Kjelder og litteratur

  • Karoline Andersdatter i folketelling 1865 for Stange prestegjeld fra Digitalarkivet.
  • Karoline Skar i folketelling 1885 for Lillehammer kjøpstad fra Digitalarkivet.
  • Karoline Skar i folketelling 1900 for Lillehammer kjøpstad fra Digitalarkivet.
  • Karoline Skar i folketelling 1910 for Lillehammer kjøpstad fra Digitalarkivet.
  • Engen, Lita: «Skars nasjonale vevstuer. Leverer bl.a. oppvaskkluter til bordduker for London-diplomatiet.» i Nationen 5.5.1929.
  • Veflingstad, M.: Stange Bygdebok II. Gårds- og slektshistorien. Stange historielag 1951-1952. (Side 894.)
  • Heimesida til Fylkesarkivet i Oppland. Kvinner i bystyre og formannskap i Lillehammer 1901- 1913. [1]
  • Valstyreprotokollar Lillehammer kommune, Fylkesarkivet i Oppland
  • Bystyreprotokollar Lillehammer kommune, Fylkesarkvet i Oppland

Eksterne lenker


Logo De 100 første.jpg Karoline Skar er del av prosjektet De 100 første kvinner i kommunestyrene som er kommet i stand i forbindelse med Stemmerettsjubileet 1913-2013. Artiklene i denne serien er tilgjengelig i denne oversikten.