Kolmila 2 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolmila 2
Utskilt: 1989
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 501
Type: Bustadseigedom

Kolmila 2 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart bygt av Jorunn Hovden i 1989.

Jorunn Hallvardsdtr. Hovden, f 1962

Born:
  • Helge Kristoffer, f 1983

Jorunn er dotter åt Hallvard H. Hovden og kona Gunda, fødd Haaland (sjå Solheim, bnr 120). Ho arbeider på supplybåt i Nordsjøen, og etter at ho selde huset her i 2001, har ho i hovudsak halde til i Spania på fritida. Når ho er heime på Hovden, bur ho hjå mora. Men nå til dei nye eigarane frå 2001:

Nina Skiftenes ynskjer velkomen til Restaurant XO på Hovden.
Foto: Setesdølen

Nina Skiftenes, f 1971

sb m Jan Ødegård, f 1961. Born:
  • Jan Kristian, f 2001

Nina og Jan har båe yrket sitt i turistnæringa på Hovden. Ho er frå Grimstad, og dotter åt Arne Kristian og Elin Therese Skiftenes. Han er frå Stavanger, og son åt Eva og Sven Ødegaaard.

I det politiske livet i bygda har Nina markert seg [2006] som leiar i det nyskipa lokallaget av Fremskrittspartiet.


0941 Bykle komm.png Kolmila 2 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Blesterkroken 8 • Neste bolk: Kolmila 3

Koordinater: 59.56131° N 7.35892° Ø