Kyrkjelii 6 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjelii 6
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 31
Type: Bustadeigedom
Adresse: Kyrkjelii 6

Kyrkjelii 6 på byggjefeltet i Kyrkjelii kjem opphavleg frå Torsbu, bnr 4. Ho vart utskilt frå bnr 29 i 1985, og året etter sto her hus ferdig.

Dei som bygde og budde her var familien Silgjerd/Husefest.

  • Magne Husefest, f 1952

g m Ingrid Silgjerd, f 1952. Born:

  • Harald, f 1974, elektrikar, busett Ulsteinvik
  • Jarle, f 1977, journalist, busett Grimstad
  • David, f 1980, under utdanning [2003]

Magne Husefest vart fødd i Øystese i Hardanger som son åt Harald og Ingrid Husefest. Ingrid vart fødd i Tysvær i Rogaland som dotter åt Jacob og Anne Silgjerd.

Magne er ingeniør og arbeidde i I/S Øvre Otra. Ingrid er sjukepleiar og var styrar på bygdeheimen i Bykle. Familien kom til Bykle i 1980 og budde i Kraftly, bnr 83 i Nedre Sarv til dei flutte inn her i 1986. Dei flutte til Grimstad i 1993. Året etter selde dei huset her til dei som bur her i dag.

  • Askild Emil Johnsen, f 1952
g m Inger Elisabeth Martinsen, f 1963. Born:
  • Thomas Emil, f 1989
  • Rune, f 1991

Inger er frå Kristiansand og dotter åt Ingrid og Torbjørn Martinsen. Askild er frå Songdalen og son åt Else og John Johnsen.

Askild var tidlegare gift med Elise Marie Kringen på Rysstad, og har med henne borna Jørgen Kringen Johnsen, fødd 1981 og Gunhild Kringen Johnsen, f 1979. Hausten 2005 var både Jørgen og Gunhild studentar i Trondheim.

Både Askild og Inger arbeider på Bykle skule, der han er rektor, medan ho er lærar (2006). Han kom til Bykle i 1984, ho 3 år seinare.


0941 Bykle komm.png Kyrkjelii 6 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kyrkjelii • Neste bolk: Kyrkjelii 8

Koordinater: 59.35437° N 7.34959° Ø