Mjølkerampe
Ei mjølkerampe (nynorsk/bokmål) eller melkerampe (bokmål), dialektformer inkluderer mjelkeramp(e), melkramp, mjøkramp o.a., er ei plattform, ofte med vegger og tak, attmed vegen der mjølkspannene vart plassert så mjølkeruta lettast muleg kunne hente dei. Mjølkeramper vart vanlege frå kring 1920-åra og framover, da det vart sett opp mjølkeruter i staden for at bøndene sjølve førte mjølk og eventuelle foredla meieriprodukt til meieriet. Med overgangen frå mjølkespannslevering til tankbil i løpet av 1960- og 1970-åra vart det slutt på primærfunksjonen til mjølkerampene, men mange av dei står framleis — no som busskur, postkassestativ, bossdunkskur o.l.
I Kulturminneåret 2009 vart sju mjølkeramper freda i Selbu kommune. Fredingane omfattar heile byggverka med understell, platting og overbygg. Formålet med fredingane er å ta vare på mjølkerampene som eit uttrykk for korleis mjølkeproduksjonen på norske gardsbruk vart drive og distribuert i ein viktig endringsperiode for landbruket på midten av 1900-talet. Hensikta er vidare å ta vare på eit utval mjølkeramper som eksempel på ei tidlegare vanlig og utbreidd form for anonymarkitektur som no er i ferd med å forsvinne. Eit anna formål med fredingane er også å ta vare på rampene som døme på viktige sosiale møteplassar og sentrale arenaer for utveksling av nyheiter og litt sladder i mange bygder.
Bildegalleri
Austlandet
Østfold
Akershus
Oslo
Hedmark
Oppland
Buskerud
Vestfold
Telemark
Agder
Aust-Agder
Vest-Agder
Vestlandet
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal: Sunnmøre
Midt-Norge
- Mjølkerampe på trøndertunet på Norsk Folkemuseum.Foto: Heidi Thöni Sletten (2016).
Møre og Romsdal: Romsdal
Møre og Romsdal: Nordmøre
- Bekkjemyra under Svensvika på Tustna.Foto: Olve Utne (2016).
- Bekkjemyra under Svensvika på Tustna.Foto: Olve Utne (2016).
- Kassert mjøkramp på Myrvang under Ersvika på TustnaFoto: Olve Utne (2016).
- Nybygd «mjølkerampe» som fungerer som busskur og postkassestativ på Gullstein på Tustna.Foto: Olve Utne (2016).
- Busskur/postkassestativ i mjølkerampestil i Myra under Sandvika på Tustna.Foto: Olve Utne (2016).
- Stavneset på Ertvågsøya.Foto: Olve Utne (2016).
- Stavneset på Ertvågsøya.Foto: Olve Utne (2016).
- Foldan på Ertvågsøya.Foto: Olve Utne (2016).
- Foldan på Ertvågsøya.Foto: Olve Utne (2016).
- Foldan på Ertvågsøya.Foto: Olve Utne (2016).
- Foldan på Ertvågsøya.Foto: Olve Utne (2016).
- Sørvågen under Vinsternes på Ertvågsøya.Foto: Olve Utne (2016).
- Velta mjøkramp i Leirdalen i Aure.Foto: Olve Utne (2016).
- Mjøkramp ved Stemshaug.Foto: Olve Utne (2010).
Sør-Trøndelag
Nord-Trøndelag
Nord-Norge
Nordland
Troms
Finnmark
Andre land
Sverige
- Mjölkbrygga i Grönåsdalen i Ljusdals kommun i Gävleborgs län.Foto: Olve Utne (2016).
- Mjölkbrygga i Grönåsdalen i Ljusdals kommun i Gävleborgs län.Foto: Olve Utne (2016).
Island
- Mjølkerampe nær Keldur på Island.Foto: Heidi Thöni Sletten (2011).
Lenkjer
- «Melkerampe-jakt i Lykkeland» i Adresseavisen, publ. 08.02.2004.
- «Beste rampeland i hele Norge» i Adresseavisen, publ. 08.05.2004.
- «Rampehistorikken» i Adresseavisen, publ. 08.05.2004.
- «Ane studerer melkerampene» i Adresseavisen, publ. 17.07.2004.
- «Melkerampebilder fra Nordmøre» i Adresseavisen, publ. 29.08.2004.
- «Freder melkeramper» i Adresseavisen, publ. 18.12.2009.
- Månedens kulturminne i oktober 2009, Riksantikvaren publ. 02.10.2014