Olaf Nøkleby

(Omdirigert fra «Nøkleby, Olaf»)

Olaf Nøkleby (fødd 1945) er tidlegare rektor ved Valle vidaregåande skole på Lena i Østre Toten kommune. Han er i tillegg lokalhistorikar, forfattar og bonde på garden Øvre Evang ved Lena. Nøkleby har òg representert Senterpartiet i kommunestyret.

Olaf Nøkleby fortel Sagnet om Gjøa under opninga av Østre Toten folkebibliotek sitt mikrobibliotek på Tjuvåskampen i 2015.
Foto: Inger-Marit Østby

Olaf Nøkleby er utdanna agronom frå Storhove landbruksskole på Lillehammer, og sivilagronom fra Norges Landbrukshøgskole. Han var lektor på Valle vidaregåande skole fra 1982 til 1990. Frå 1990 til 2009 var han rektor ved same skole. I 2007 ga Nøkleby ut Boka og plogen - landbruksopplæring i Oppland gjennom 150 år, og i 2017 kom jubileumsboka om Valle (100 år).

Olaf Nøkleby har også ein MA i Kulturhistorie frå Universitetet i Oslo. Han arbeider nå ved Mjøsmuseet. Nøkleby er ein ihuga nynorsk- og dialektforkjempar, som i 2009 vart tildelt Austmannaprisen. I 2019 fekk han Østre Toten kommunes kulturpris.

Bibliografi

Kjelder og litteratur