Neire Mosdøl (Bykle gnr 13/1-2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Neire Mosdøl
Mosdøl 11.jpg
Frå tunet i Neire Mosdøl ein gong i åra 1900-1910. På den tid høyrde den vestre delen av stoga til Lunden, den austre til Berget. Mannen ved karjolen er Hallvard Drengsson. Foto August Abrahamson frå Setesdalsmuseet.
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Type: Gardsbruk

Neire Mosdøl var det nedre av dei to eldste bruka på Mosdøl i Bykle kommune. Som me har vore inne på i bolken om den udela garden, er det likt til at han fyrst vart kløyvd i to delar, eit øvre og eit nedre bruk. Det nedre, som me nå skal sjå på, femnde over det som sidan vart av uti Lunden og Berget.

Ein som vert kalla Gunnar Lunden er omtala som vitne i ei rettssak mellom soknepresten i Valle og nokre oppsitjarar i Kyrkjebygdi i 1624. Dersom det Lunden denne Gunnar sat på hadde vore Lunden Mosdøl, måtte me ha sett den fyrste garddelinga i Mosdøl til fyrstninga av 1620-åra. Men det ville nok ikkje vore rett, for ein finn ingen Gunnar i Mosdøl i nemnd i skattelistene frå 1620- eller 1630- åra. I den gamle gards- og ættesoga (97) les me at «Det er truleg at det som heitte Lunden i eldre tid, er den Lunden som må ha lege der Austistog [Byklum] no ligg, men at husestaden seinare er flutt, og at namnet har flutt med til det som no heiter Lunden.» Dette med namneoverføring i samband med tunflytjing er nok snautt, men det er ingen tvil om at den ovannemnde Gunnar Lunden budde i Byklum, og me skal også slutte oss til at han hadde den parten av garden som i nyare tid vart til Austistog.

Fyrst utpå 1640-talet kjem ein Gunnar til synes i tilknyting til Mosdøl. Det var Gunnar Knutsson Nesland, som då åtte halve garden utan å bu her. Men denne Gunnar Nesland meiner me var fødd kring 1610, og då kan han ikkje godt ha vore gardbrukar og part i ei rettssak i 1624.

Gunnar Nesland kaupte eigedomen av ein som berre vert kalla Sigurd Mosdøl, og me trur det var på 1630-talet. I 1645 åtte Gunnar 1/2 hud, dvs halve garden, men to år seinare hadde han berre 3 skinn. Då ser det ut til at han hadde sett inn ein brukar som heitte Tov Knutsson på den parten han hadde att, og selt den andre attende til fyrrnemnde Sigurd. Me meiner helst at Tov og Sigurd dreiv det nedre bruket i garden saman, og at dette vart skilt frå det øvre då Gunnar Nesland vart eigar.

Tov Knutsson hamna på 1650-talet på Bratteland, og ein kan lesa litt meir om han i bolken om den garden.

Sigurd vart verande her, og åtte og bruka framleis 3 skinn i Mosdøl i 1659. I ei odelssak i 1732 vart det ført vitneprov om at Sigurd var «den rette og sandeste Odelsmand til Mosdøl» på den tid då Gunnar Nesland kaupte halve garden hjå han. Me set han difor opp med etternamn Mosdøl.

  • Sigurd Mosdøl, n m a 1644, 1649, 1659
g m Birgit Knutsdtr. Flateland (?), n 1649, ikkje kjende born.

Når me trur at Birgit Knutsdotter var frå Flateland, er det avdi Sigurd uttrykkeleg hadde skaffa seg samtykke frå henne, då han selde 1 1/2 kvartel med skyldeige i den garden til Bjørn Ånundsson Flateland i 1649. Bjørn var gift med syster åt Gunnar og Knut Torgrimssøner Flateland, les me i Vallesoga (VI, 207, jfr 218), og då spørst det om ikkje Birgit Mosdøl var ei dotter åt Knut Torgrimsson.

I 1659 er Sigurd også nemnd som eigar og brukar av ein halvpart av Gjerden, men sidan veit me ikkje kvar det vart av korkje Sigurd eller kona hans. På 1660-talet tykkjest dei ikkje ha vore korkje i Mosdøl eller nokon annan stad i Bykle. Frå 1670 har me ei jordebok som viser at Gunnar Nesland då atter åtte 1/2 hud i garden, slik han hadde gjort 25 år tidlegare. Dette kan tyde på at Gunnar har kaupt att dei 3 skinna frå Sigurd eller eventuelt ervingane hans. På 1670-talet reknar me med at Gunnar hadde bruksfolk her, men me veit ikkje kven dei var.

Dei som bruka eigedomen frå kring 1680 og frametter var tre av sønene åt Gunnar Nesland, Åsmund, Knut og Gunnulv heitte dei. Tidvis budde dei andre stader, men dei var alle av og til i Mosdøl. Dei dreiv og åtte nok garden saman, utan å dele han opp. Me veit ikkje mykje om nokon av dei, men tek med det me har kunne.

Åsmund Gunnarsson Nesland, f ca 1651, n m a 1666, d ca 1700

g m ukj. Born, iallfall:
  • Knut, f ca 1699, sjå Nordtveiti og Ryningen, gnr 11, bnr 2 og 4
  • ? Torleiv, n 1688-91, 1718

I bolken om Uppistog Byklum har me leita etter ein Torleiv Åsmundsson som var innom på det bruket i åra 1689-91, og funne ein mann med dette namnet som er oppskriven som husmann einkvarstad på Nesland i militærmanntalet frå 1718, der det elles vert opplyst at han ikkje hadde gjort militærteneste avdi han var «svag». At denne var ein son åt Åsmund Gunnarsson, er nok ikkje mogeleg å prove, men me set det opp som ei mogeleg løysing, og har ingen fleire å peike på.

I bolken om Tveiti har me kome til at Knut Åsmundsson Tveiten var son åt Åsmund Gunnarsson. Utover dette veit me berre at det i 1700 vart oppskrive at den nyleg avlidne Åsmund Gunnarsson Nesland i Mosdøl skulda skatt for ein part i Tveiti. I den garden hadde også Knut, bror hans, ein part i 1693. Kanskje er det tale om same parten?

  • Knut Gunnarsson Nesland, f ca 1654, n ma 1693
g m Gunhild Gunsteinsdtr. (Ryningen?), f ca 1653, d 1733. Born:
  • ? Olav (e.), n 1728, busett Gravir, Fyresdal, sjå nedanfor
  • ? Olav (y.), n 1728, busett Kvålo, Lårdal, sjå nedanfor
  • Mikkel, f ca 1680-90, d 1774, sjå Lunden, bnr 1
  • Hæge, g m Åvold Knutsson Gjerden, sjå Nesland, Der heime, gnr 10, bnr 2
  • dotter N N, g m Olav Torleivsson Stavenes (e.), sjå Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5

Me meiner at Gunhild Gunsteinsdotter mest truleg var ei dotter åt Gunstein Ormsson Tveiten. Om dette skal stemme, må han rett nok ha hatt to døtrar med same namnet, for i bolken om Ryningen har me kome til at eldste dotter hans, som også heitte Gunhild, var gift med ein som heitte Åvold. Men at sysken fekk same døypenamnet var ikkje noko særsyn, og at kona åt Knut skulle vera frå Ryningen høver godt i hop med at han åtte ein part der i 1693, slik me var inne på ovanfor. Då Gunhild døydde i 1733, vart det notert at ho var 80 år og «Mikkel Knudsen Mosdøls moder».

Dei to Olav-ane i lista ovanfor er usikre. Det me veit sikkert er at Olav Knutsson Gravir i Fyresdal og Olav Knutsson Kvålo i Lårdal i 1728 skreiv skøyte til Mikkel Knutsson Mosdøl på kvar sin part i det mosdølbruket han sat på. Vidare veit me at Mikkel hadde vore oppsitjar i Lunden sidan 1713, og det er då ei nokså nærliggjande gjeting at dei to utflutte Olav-ane var brørne hans. Dei hadde snautt kome til å eige noko her, hadde dei ikkje vore ervingar.

Om den tredje gunnarssonen i Mosdøl, Gunnulv, har me litt meir å melde. Men lat det då fyrst vera nemnt at fleire skattelister fører han opp som oppsitjar i Mosdøl. Siste venda me finn han nemnd her er i 1713, då han står som eigar av 3 kalveskinn i garden.

  • Gunnulv Gunnarsson Nesland, f ca 1659, n m a 1666, 1689, 1713, d 1732
g m ukj. Born, iallfall:

Me trur at det må vera vår Gunnulv som er omtala i Vallesoga (V, 252) som busett i Nordstog Flateland, bnr 18 b, i tida frå 1718 og til han døydde i 1732. Rett nok skal den mannen ha heitt Gunnulv Gunnulvsson, men det er snøgt gjort å lesa gale i handskrifter frå tidleg 1700-tal, og om dokumenta er rett lesne, kan dei godt vera feil skrivne. Om Gunnulv på Flateland fortel Alfred Ryningen at opphavet hans er ukjent, noko som passar bra. Vidare ser me at alderen stemmer tolleg vel, og at han hadde ein son Åsmund, som sidan budde i Berget Mosdøl (jfr. Valle VI, 253). At Åsmund Gunnulvsson i Berget var son åt Gunnulv i Flateland må reknast som heilt sikkert, og når me gjennom ei rettssak frå 1732 får greie på at farfar åt Åsmund Gunnulvsson i si tid hadde kaupt 1/2 hud i Mosdøl hjå Sigurd Mosdøl, noko me veit at Gunnar Nesland hadde gjort, vil me oppfatte det som ein nokså sikker indikasjon på at Gunnulv i Flateland og Gunnulv i Mosdøl er same mannen, og altså son åt Gunnar Nesland.

Noko etter at dei tre Gunnarssønene var ute or biletet i Mosdøl, ser det ut til at den nedre halvparten av garden vart dela i to klårt åtskilde bruk med ei landskyld på 3 kalveskinn på kvart. Desse må ha svara nokolunde til dei seinare Lunden og Berget. I den vidare framstillinga tek me dei kvar for seg.


0941 Bykle komm.png Neire Mosdøl (Bykle gnr 13/1-2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Mosdøl (Evre Mosdøl) • Neste bolk: Lunden