Nordstog (Bykle gnr 10/5-9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordstog
Nesland 54.jpg
Nordstog Nesland 1970.
Foto: Folke Nesland
Alt. namn: Nordstog Nesland
Rydda: 1925
Utskilt: 1925
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 10
Bnr: 5-9
Type: Bureisingsbruk
Nordstog 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Nordstog var eit bureisingsbruk som låg vestanfor Vodden Nesland i Bykle kommune. I alt var bruket på 11 mål dyrka mark. Korkje jorda eller husa finst lenger.

Han som sette i gang med bureising her var Knut O. Byklum (e.). Foreldra hans var Olav Jonsson Hoslemo og kona, Tore Olavsdotter, fødd Byklum. Knut Olavsson (y.), ein yngre bror, var også bureisar ved Bossvatn, på Lyngtveit.

Stykket som skulle verta Nordstog fekk Store-Knut kaupe hjå Nesland-bøndene i 1925. Det låg i sameige mellom neslandsgardane, så dei 5 øre landskyld som bruket vart skyldsett til, laut gå ut frå alle dei 4 eldre bruka i garden. Dette var då årsaka til at det vart så mange bruksnummer på Nordstog.

Då Knut og Gunhild overtok det som skulle verta Nordstog, var her ikkje hus. Dei budde då nokre år i Vodden, hjå Knut, bror til Gunhild., og hadde tak over hovdet i den ytre stoga der, medan Knut dreiv og husa her på bruket. Uthuset var ferdig i 1928, og stoga året etter.Ho var i to høgder, og mælte 6,5 x 13 m. I 1943 kom det dertil opp eit eldhus.

Knut O. Byklum (e., )seinare Nesland (1899-1974) og Hallvard J. Brotteli (1898-1963). Om dei var på moen då Knut var 19 år skal biletet vera teke ca 1918. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Gunhild Jonsdotter Nesland med Ingebjørg Bjørgulvsdotter Nesland (Viki) i 1942. Frå samlinga til Folke Nesland.
  • Knut Olavsson Byklum, f 1899, d 1974
g 1921 m Gunhild Jonsdtr. Brotteli, f 1895, d 1979. Born:
  • Olav, f 1923, d 1979, ug, sjå nedanfor
  • Tore, f 1925, d lita
  • Jon, f 1926, jernbanemann, g m Ragnhild Undenseter, busett Rånåsfoss, Blaker, born:
  • Gudrun
  • Knut Harald
  • Andres, f 1928, d 1959, anl.arb., g m Bertha Vormelid, Åseral, busett Åseral, born:
  • Astrid
  • Gunhild
  • Gunnar, f 1929, lagerarb., busett Strai til 1988, sidan Vennesla, g m Ruth Hammen, Vennesla, ikkje born

Gunhild Jonsdotter var frå Vodden, dotter åt Jon Olavsson Brotteli og kona, Margit Knutsdotter, fødd Nesland.

I 1950 kaupte Knut Olavsson Sygard Nesland av Mikkel Arneson Nesland, og tenkte seg til å flytje dit, men året etter tok Olav Arneson det bruket att på odel, så Knut og Gunhild vart verande i Nordstog. Buskapen deira på 1950-talet var 2-3 kyr, eit par kalvar og 10-12 sauer, vert det oppgjeve. Dette var ikkje nok å liva av, så attåt gardsbruket arbeidde Knut som snikkar.

Sonen Olav arbeidde frå 1954 og frametter som jaktoppsynsmann i Njardarheim. Fyrst i 1965 overtok han eigedomsretten til bruket her. To år etter dette flutte han og foreldra til Strai ved Kristiansand. Dei yngre syskena var tidlegare utflutte til kvar sin kant, Jon til Blaker, Gunnar til Strai og Andres til Åseral.

Andres arbeidde på anlegg, og døydde i ei eksplosjonsulykke i 1959.

Etter at Olav var død ervde Jon og Gunnar og døtrene etter Andres bruket i fellesskap. Så seint som i 1990 overdrog dei partane sine formelt til I/S Øvre Otra, men då var det 25 år sidan kraftselskapet i praksis hadde overteke.

Nordstog låg i tolleg flatt lende. I dag er heile bruket nedgrave under ei fylling av utplanert tunnelmasse, som har vorte moldstrøydd og tilsådd, slik at området nærast liknar ein fotballbane. I fjellet innanfor steinfyllinga ligg Holen kraftstasjon. At ein kraftstasjon som ligg på Nesland skal heite Holen, er unekteleg temmeleg misvisande, og mange har då også peika på dette, men utan at det har ført til noka namneendring. Forklaringa på det ukorrekte namnet skal, etter det som vert fortalt, vera at dei fyrst hadde planlagt at stasjonen skulle liggje i Holen i austenden av vatnet. Men då dette etter kvart synte seg å vera upraktisk, slik at han i staden måtte byggjast på Nesland, var namnet Holen kraftstasjon forlengst så innarbeidd, at det vart for brysamt å skifte det ut, og så vart det berre ståande.


0941 Bykle komm.png Nordstog (Bykle gnr 10/5-9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Libu • Neste bolk: Tveiti