Libu under Sygard Nesland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Libu
Nesland 52.jpg
Libu, plass og sidan støyl under Sygard. Busett 1852-1883. Foto: Folke Nesland ca 1968.
Rydda: 1852
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 10
Type: Husmannsplass

Libu låg 2,5 km vest for Nesland, rett under Furestøyl, som var støyl til Sygard. Den dyrka marka her var 5 til 6 mål. Ned mot Bossvatn var det nokså flatt, lenger oppe var det bratte åkfadd. Det er ikkje att hus eller murar på plassen i dag, berre dei brattaste ekrene har unngått neddemming.

Fyre det vart busetnad her var Libu støyl for Sygard. Han som fekk bygsla denne støylen og slo seg ned her var Andres Hallvardsson Nesland, som i 1852 fekk husmannskontrakt hjå faren, Hallvard Knutsson. Andres var på denne tid ugift, men fekk plassen på livetida for seg sjølv og ei eventuell kone «om han gifter sig». Plassleiga var så låg at ho nærast var symbolsk, 8 skilling i året, men elles var det ei nokså streng kontrakt:

Skulde Andres Halvorsen eller ogsaa en mulig Enke ikke opfylde denne Accord, eller vise Opsætsighed, Utroskab, eller paa anden Maade forsee sig mod denne Bygselsæddel,

da har han samme forbrudt.

I den gamle gards- og ættesoga les me (78) at det var Olav Hallvardsson som «fekk plassen Libu hjå faren», og at Olav i sin tur overlet denne til broren Andres, etter at han sjølv hadde fått kaupe Nordstog Stavenes. Som det vil ha gått fram ovanfor er dette gale, men det er rett at både Olav og Andres budde her. I 1865 var Andres «husfader», men framleis ugift, står det i folketeljinga frå det året. Olav var busete, også han framleis ugift, og med seg som «husholderske» hadde dei systera Ingjerd.

Buskapen på plassen i 1865 var hest, 4 storfe, 10 sauer og 10 geiter. Sånaden var 1/2 tunne bygg og 4 tunner jordeple. Ti år seinare var her hest, 2 kyr, 4 ungdyr, 14 sauer og lam og ei geit. Her vart då sett ut 3 1/2 tunner jordeple og sådd 5 kvartel bygg.

Olav Hallvardsson gifte seg i 1871, og vart buande på Libu inntil han i 1874 fekk overtaka Nordstog Stavenes (sjå bolken om det bruket).

Ingjerd budde her inntil ho sumaren 1875 gifte seg med Knut Gunnarsson Nesland. Då folketeljinga vart oppteke same hausten var dei busetar i Systog. Frå 1878 budde dei på Holenplasset inntil dei drog til Amerika, det skal etter emigrantlista frå Setesdalslaget i Amerika ha vore i 1893, men den amerikanske folketeljinga frå 1900 seier 1892. Ingjerd døydde i Minnesota i 1906, Knut i 1916. Dei hadde ein farm i Benville Township, Beltrami County, nær byen Grygla.

Andres gifte seg i 1875, og vart buande i Libu med kona si til også dei drog til Amerika.

  • Andres Hallvardsson Nesland, f 1830, d 1914
g 1874 m Birgit Tarjeisdtr. Bjones, f 1828, d 1914. Ikkje born.

Birgit var dotter åt Tarjei Tarjeisson Bjones og kona, Margit Olavsdotter Skolås. I 1852 hadde ho fått dottera Anne, faren var Olav Auversson Gjerden. Anne Olavsdotter var hjå mora og stykfaren i Libu i 1875. Sidan vart ho gift med Olav O. Dysje. Ho og mannen reiste til Amerika saman med Andres og Birgit.

Etter den ovannemnde emigrantlista frå Setesdalslaget i Amerika (og etter denne den gamle gards- og ættesoga) skal dei ha teke ut i 1902. Men etter folketeljinga frå 1891 budde dei ikkje i Bykle det året, så me vil tru at dei har fare ut tidlegare enn då denne teljinga vart oppteke. Etter det Tellef B. Nesland fortel (Slektsoversikt for Nesland), reiste dei i 1883, og det trur me stemmer bra. Etter det me kan lesa i dødsfallsregisteret frå historielaget i Minnesota livde dei båe til våren 1914, og var då busette i Marshall County, dvs. i eller i nærleiken av Grygla.

Libu-plassen var folketom i 1891, 1900 og 1910, og me har ikkje høyrt om at her har budd nokon etter dette, så det ser ikkje ut til at staden har vore busett etter at Andres og kona hans flutte ifrå.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Libu under Sygard Nesland er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Naustdøl • Neste bolk: Nordstog

Koordinater: 59.33535° N 7.2037° Ø