Sogn
- «Sogn» har flere betydninger.
Sogn er eit landskap i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane fylke) som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtidi og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).
Sogn har eit samla areal på 10 675 km² [1] og har 36 644 innbyggjarar (1.10.07) [2]. Landskapet omfattar dei ti kommunane Aurland, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Vik og Årdal. Sogn er eit av de 15 distrikti som gjerne vert rekna til landsdelen Vestlandet.
Distriktet kring den storslegne Sognefjorden har mange vidkjende reisemål og attraksjonar, inkludert Norsk Bremuseum i Fjærland ved Jostedalsbreen, Flåmsbana og den UNESCO-lista Nærøyfjorden i Aurland; og dessutan stavkyrkjene i Borgund, Undredal og Urnes (UNESCO). Området er òg kjent for fruktdyrking og har fleire gode lakseelvar, på Lærdalsøyri ligg Norsk Villakssenter. Sogn er eit populært reisemål for cruisetrafikk og grensar til Jotunheimen i aust.
Folk frå Sogn vert kalla sogningar og snakkar sognemål. Sognebunaden kjem frå området.
Administrative inndelingar
- Distriktet utgjer næringsregion (NHO) Sogn, utanom Solund, Gulen og Hyllestad som inngår i næringsregion HAFS (saman med Askvoll og Fjaler i Sunnfjord).
- Kommunane deltek i Sogn regionråd, utanom Solund, Gulen og Hyllestad, som deltek i regionrådet HAFS (saman med Askvoll og Fjaler i Sunnfjord), og Høyanger som har meldt seg ut av Sogn regionråd.
- Høyanger, Hyllestad og Solund inngår i rettsområdet for Fjordane tingrett, Gulen i rettsområdet for Nordhordland tingrett (høyrde før 1.9.2006 til Fjordane tingrett), og dei øvrige kommunene i Sogn utgjer rettsområdet for Sogn tingrett, alle under Gulating lagdøme.
- Indre Sogn prosti under Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja omfattar Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.
- Ytre Sogn prosti (også under Bjørgvin) omfattar Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Balestrand og Vik.
- Distriktet utgjorde det tidlegare Sogn futedøme, frå 1630 delt i Indre og Ytre Sogn futedøme.
Organisasjonsliv
I Sogn finst det iallfall to kystlag, nemleg Indre Sogn kystlag frå 2003 og Ytre Sogn Kystlag frå 2011. Båe er medlemmar av Forbundet KYSTEN.
Museum
I Lærdal ligg Norsk villakssenter.