Steinsland (Bykle gnr 3/17)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinsland
Berdalen 40.jpg
Steinsland 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1943
Utskilt: 1943
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 17
Type: Småbruk
Steinsland 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Steinsland ligg sør for Nylund i Berdalen i Bykle kommune, og har sams opphav med dette. Det var ein dryg halvpart av det terrenget (bnr 13) som Bykle kommune eksproprierte frå A/S Sætersdalen i 1938. Som me har fortalt i bolken om Nylund, dela kommunen bnr 13 i to, og selde den fyrste parten til Olav Eivindsson Sanden i 1942.

Samstundes selde kommunen eigedomen her til Sjur O. Vatnedalen i Systog Dalen, gnr 6, bnr 18. Prisen var 3.000 kr. Sjur ville ha Steinsland til tilleggsjord. Men kaupet hans vart gjort om inkje under tilvising til «Skrivelse fra landbrugsdepartementet pr 23.8.1946», som slo fast at sal av kommunal eigedom i krigstida ikkje skulle gjelde, ettersom det var NS-ordføraren som hadde stått for salet. Nå var Sjur jøssing og motstandsmann god som nokon (jfr. bolken om Jeiskeli), men endå gjorde det nye kommunestyret vedtak om annullering av kaupet hans, grunngjevinga var at han hadde eit anna bruk frå fyrr. Eigedomen her gjekk difor attende til Bykle kommune, som hausten 1947 selde han på nytt. Prisen var den same som ved det tidlegare salet, og kauparen denne venda var Olav S. Løyning.

Han var frå Løyning og son åt Sigbjørn Knutsson Vatnedalen på det bruket og kona, Martha Sjursdotter, fødd Vatnedalen.

Olav Sigbjørnsson Løyning, f 1910, d 1989

g 1944 m Birgit Andresdtr. Bratteland(y.), f 1918. Born:
  • Sigmund, f 1944, ug, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1946, hj.pl., busett Kristiansand, g 1. m Gudmund Nummedal, born:
  • Steinar f 1964, busett Ulsteinvik, g m Grid Maaseide
  • Terje f 1965, busett Hakadal
  • Geir, f 1972, busett Oslo
Torbjørg g 2. m Per Steinar Hauge, born:
  • Silje, f 1987
  • Magnhild, f 1952, sekretær, g 1975 m Torgeir Bjørgulvsson Bjørnarå, sjå Bjørnarå Der heime, gnr 18, bnr 2
  • Klara, f 1954, omsorgsarb., busett Lillehammer sb m Stein Waastad Olsen, born:
  • Beate, f 1976
  • Christian, f 1990

Olav sette opp hus på bruket sitt i 1948 og 1949, og dyrka opp 14 mål med jorde. I fjoset hadde han og Birgit som regel eit par kyr og 5 sauer. Hovudyrket hans var å køyre buss, han hadde sin eigen buss og dreiv med skulekøyring. Krøterhaldet på bruket tok slutt ca 1980.

Etter at Olav døydde i 1989, sat Birgit i uskifte til sonen fekk skøyte på bruket i 1993.

Sigmund O. Løyning, f 1944, ug

Sigmund er arbeidsleiar i vegstellet, det som nå heiter Mesta.

Eigedomen har eit totalareal på 4600 mål. Her er sett bort 11 festetomter til hytter.

Olav Løyning ca. 1940. Bilete frå Magnhild Bjørnarå.
Birgit Løyning ca. 1940. Bilete frå Magnhild Bjørnarå.
Olav S. Løyning (1910-1989) og Svein K. Hovden (1915-2003.) Dei står på taket av den bussen Olav hadde under krigen. Som ein ser var han utstyrd med gassgenerator. Olav vart pålagd å køyre soldatar mellom Kristiansand og Lista med bussen sin. Svein K. Hovden vart arrestert og sendt til tysk fangeleir i november 1943, og biletet her lyt då vera teke fyre det tidspunktet. Frå samlinga til Setesdalsmuseet.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Steinsland (Bykle gnr 3/17) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Åsland • Neste bolk: Nordheim

Koordinater: 59.46562° N 7.41308° Ø