Jeiskeli (Bykle gnr 3/7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jeiskeli
Berdalen 20.jpg
Jeiskeli 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: føre 1350
Utskilt: 1890
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 7
Type: Gardsbruk

Jeiskeli ligg på ein sete under lia eit par kilometer austanfor riksvegen ved Hegni i Bykle kommune. Vidare mod aust er der hei og høgfjell, og både nordom og sørom den dyrka jorda er der mest myr. Men der sjølve garden ligg er faste og fine vollar.

Jeiskeli er omtala som øydegard i ei skatteliste frå 1607, og i 1624 ser ein at garden hadde eiga landskyld, og sto i 3 kalveskinn, men det var ingen som budde her på den tida. Dette tyder på at her har vore busetnad i mellomalderen. Men sidan, og truleg heilt frå Svartedauden, var staden støyl for berdalsbøndene i langsameleg tid, inntil han vart selt ifrå til eit sjølvstendig bruk i 1890, og vart bnr 7 under Berdalen. Bruket gjekk då ut med 4 øre frå Der nede, 4 øre frå Hagen, og 4 øre frå Der uppe, slik at det fekk ei samla skyld på 12 øre.

Tarald Nomeland har tvillaust rett, når han seier at namnet Jeiskeli «må koma av geitskor, ei urt som veks i lier og åkrar» (Bykle kultursoge 1993, 368). I tillegg kan ein godt spandere den vanlegaste nemninga på planta, som er «geiterams», og det botanikkfaglege namnet epilobium augustofolium. Sjølve ordet, geiske, f, er etter Ivar Aasen ein dialektvariant av geitskor. Dermed torer me rekne namnet for tydd, men endå kan det vera gaman å få med seg den folketymologiske tydinga, som er attgjeve hjå Johannes Skar (Gamalt or Sætesdal II, 8): «I Geiskelidi sat Geiska. Geiska var rik og svær. Ho sat med tolv kyr. Brunnane syner enno, og dei er mura; so kann han sjå for svær ho var.»

Når namneopphavet nå er på det reine, kan det vera på sin plass også å taka med ein merknad om skrivemåten. Det er ingen tvil om at namnet, etter vanlege nynorske stavingsreglar, skal skrivast med G, altså Geiskeli. Men ettersom den meir ljodrette forma Jeiskeli har fått hevd, og både er nytta som matrikkelnamn og familienamn, har me valt å halde fast på den vanlegaste skrivemåten. I matrikkelen står Jeiskeli, utan -d, men familienamnet vert som regel skrive Jeiskelid.

Det var samen Jon Andersen som kaupte Jeiskeli frå Berdalen. Han kom opphavleg frå Nordland, men då han kom til Bykle med 1000 rein i 1886, hadde han visseleg fare med dyra sine mange stader, m.a. i Jemtland og Härjedalen i Sverige, og sist sete eitt års tid i Berunuten i Vinje. I Bykle budde han fyrst eit tak i Breive, fyrr han hamna her på bruket. Skylddeling vart halde og skøyte tinglyst i 1890, men me lyt vel rekne med at sjølve handelen kan ha stått eit år eller to tidlegare.

Samar i Jeiskelid. Teikning av Egil Torin Nesheim. Utsnitt av av historisk kartakvarell i Hovden Fjellstoge.
Foto: Aanund Olsnes

Det er fortalt nokså mykje om samane i Jeiskeli i Kultursoga (1993 s.44 ff), og delar av det stoffet som fylgjer er henta der. Elles byggjer me mykje på ein artikkel om «Samene i Setesdal», som konservator Adolf Steen ved Norsk Folkemuseum hadde på prent i Sameliv. Samisk selskaps årbok, 1955. Men så langt me har hatt høve til det, har me kontrollert og supplert med kyrkjebøker, tinglysingar og rettsmateriale.

Jon Andersen Stannfjell, f Hattfjelldal 1831, innflutt Bykle 1886, utflytt Eidfjord 1897

g 1. m Kristine Tomasdtr., f Tärnaby, Sverige 1825, d Jeiskeli 1894, ikkje born
g 2. 1894 m e Berit Kristine Nilsdtr., f Vefsn 1844, utflytt Eidfjord 1897, d Oppdal 1931 ikkje born

Foreldra åt Jon Andersen heitte Anders Jonassen Arifjell og Berit Pålsdtr. Dei budde på den tida då Jon kom til verda på ein plass som heitte Gardsmark i Hattfjelldal (I Kultursoga, 1993, er namnet oppgjeve som Grasmark, men det er feil). Kristine Tomasdtr. kjenner me ikkje opphavet til, men då dei heldt skifte etter henne i 1894 vart det skrive opp to brør som heitte Jon og Olof Tomassøner. Jon kom sidan til Bykle med familien sin, og døydde her (sjå Holen og Bratteland), medan Olof, iallfall i 1894, heldt til einkvarstad i Västerbotten i Sverige.

Berit Kristine var dotter åt Nils Pålsson og kona Randi Bentsdotter i Tärnaby i Sverige. Då ho kom til Bykle, var ho enke etter Jon Klemetsen, som hadde døytt i Vefsn. Med seg til Bykle hadde ho 2 døtrar frå det fyrste ekteskapet sitt. Det var Sigrid Anna, fødd i Brønnøy 1859, og Kristine, fødd i Beitstaden 1871.

Sigrid Anna var gift med Jacob Eliassen, fødd 1852 i Kolvereid. Han var reingjetar for Jonas Jonsen, men døydde i Bykle i 1893. Sigrid Anna gifte seg i 1896 omatt med Lars Emanuel Jonsen, og budde med han i Brotteli ei stund, fyrr dei flutte til Hol i Hallingdal noko fyre 1900.

Jon Andersen beitte vesentleg i nordaustheiane i Bykle med dyra sine, og betala beiteleige med livdyr, som han sidan gjætte for eigarane mot ei årleg avgift på 2 kr pr dyr. Han selde au nokså mange dyr, både til byklarar og valldølar, som han gjætte vidare for dei nye eigarane. Tamreinflokken vart såleis etterkvart ei blanding av eigne og andres dyr, der kvar eigar hadde eigne øyremerke. Denne blandingsflokken gjekk i Bykle under namnet «Jeiskelidyri».

I 1891 kom Jon i konflikt med hine reineigarane, som tykte han var altfor skjot til å skjera sitt eige merke i øyro på kalvane. Nokon dom ser ikkje ut til å ha falle i den saka som fylgde, men dei omfattande vitneavhøyra gjev mange opplysningar, både om reinsdyrdrifta og reineigarane. M.a. ser ein at det var vanskeleg å halde styr på kven som var rette eigaren av kvar kalv, og at samane hadde den skikken «at enhver mærkede med sit Mærke, indtil han havde faat det Antal, han efter sin Floks Størrelse troede at skulde have».

Dei bygdefolka som åtte dyr i flokken vart etter dette skeptiske til vidare samarbeid med «finnane», og drog dyra sine ut frå Jeiskelidyri. Fyrst var det bøndene i Breive, som i 1892 skipa eit selskap dei kalla «Breive Kompani» (sidan Breive Reinsdyrsamlag) med 600 dyr, sidan var det Juel O. Lund og nokre Rysstad-bønder, som i 1895 skilde ut 100 dyr frå Jeiskelidyri, og skipa Setesdalens Reinssamlag. Etter at desse hadde brote ut skal det ha vore om lag 500 dyr att i Jeiskeliflokken.

Også etter skilsmåla i 1892 og 1895 var det mykje krangel med etterfylgjande rettstretter kring tamreindrifta, men Jon Andersen var då ikkje lenger av dei mest sentrale aktørane. Det heng ihop med at han etterkvart var i ferd med å misse gripet. Ettersom Jon var barnlaus skreiv han etter tur erveavtaler med to systersøner som var med til Bykle som reingjetarar, fyrst med Anton Andersen, sidan med Ole Johan Andersen. Sidan vart han uvener med båe to, og fekk avtalene gjorde om inkje gjennom rettssaker (dom mot Anton 1892, rettsforlik med Ole Johan 1895).

I 1895 fekk kona umynddigjort han pga. «tiltagende sindssygdom», og overlet sidan ansvaret for reinsflokken til versonen Anders O. Renander. I 1897 flutte Jon og nokre av folket hans til Simadalen i Eidfjord (jfr. Agnes og Tobias Lægreid; Gards- og ættesoge for Eidfjord, Eidfjord 1991). Trass i umyndiggjeringa i 1895 tykkjest han ha vore aktiv med reindrift i Eidfjord så seint som i 1900, og det var også (iallfall på papiret) han som selde Jeiskeli og Maurlii til Svein Knutsson Hovden for 700 kr våren 1896, med atterhald om 8 års bruksrett. Den bruksretten nytta han altså ikkje sjølv meir enn eitt års tid, men etter at Jon og Berit Kristine flutte åt Eidfjord vart Anders Renander buande nokre år. Han var svenskfødd, og far hans heitte Olof Andersson Renander. Kona hans var den yngre av dei ovannemnde døtrene åt Berit Kristine.

Anders Olsen Renander, f Storsjö Fjällhede, Jämtland, Sverige 1868

g 1895 m Kristine Jonsdtr., f Beitstaden 1871, konf. Surnadal 1887, d Undersåker, Sverige 1931. Born:
  • Johan Andreas, f 1895, g m Marta Albertine Ringdal, Sverige
  • Olav, f 1897, d 1900
  • Anders Fjällner, f 1900, g (1) m ukj., g (2) m Brita Rensberg
  • Ole, f i Eidfjord 1903, g m Kristine Kjeldsberg, busett m.a. i Oppdal, Sør-Trøndelag, born, iallfall:
  • Sigurd, f 1932, Oppdal, d 1963, Hylestad, g m Sigrid Olavsdtr. Byklum, born sjå Lii, Byklum, gnr 14, bnr 3, jfr Valle II, 249

folketeljinga i 1900 vart oppteke, var heile familien til stades i Jeiskeli, men om Anders vart det notert at han då hadde fast opphaldsstad i Froland. I Froland hadde dei skyldfolk, veit me. Det var Josefine Kristine Jonsdotter, som var syskenbarnet av Kristine, og Knut Torbjørnsson Breive, mannen hennes. Det er truleg at Anders kan ha halde til hjå dei ei tid, og kanskje planlagt å taka med seg familien til Froland. Men i staden flutte dei til Eidfjord i 1901. I 1907 drog dei attende til Setesdal, og hadde reinsdrift i Brokkeheii ilag med Lars Emanuel Jonsen. I 1913-14 var dei i Breive og gjætte rein for Breive reinsdyrsamlag, men dinest flutte dei åt Oppdal i Sør-Trøndelag. Dette må ha vore 1914 eller 1915, ettersom yngste sonen vart fødd i den bygda i det sistnemnde året.

I 1899 selde Svein Hovden bruket til Bjerke og Foss for kr 1000, med atterhald om bruksrett i 21 år. Denne retten fekk han nya oppatt med nye 21 år, då eigedomane av Bjerke og Foss etter konkursen deira i 1907 gjekk over på A/S Sætersdalen. Svein skulle svara ei leige på 125 kr året, men så leigde han sjølv ut reinbeite til Breive reinsdyrsamlag for kr 60 pr år frå 1909. Om han også hadde inntekt av å leige ut bruksretten sin til garden til dei som vart nye bruksfolk, veit me ikkje, inga kontrakt om dette vart tinglyst.

Sumaren 1900 flutte Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg og kona hans inn i eldhuset i Jeiskeli. Dei var nygifte då, ser me. Då Anders Renander og folket hans flutte til Eidfjord året etter, overtok eldhusbusetane som bruksfolk. Helleik skreiv seg Glidbjørg, men borna har nytta Jeiskelid til familienamn.

Jeiskeli slik der såg ut fyre stoga vart om- og påbygd i 1942. Foto frå Setesdalsmuseet.

Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg, f 1876, d 1974

g 1900 m Margit Knutsdtr. Breive, f 1877, d 1944. Born:
  • Sigbjørn, f 1902, d 1985 ug, sjå nedanfor
  • Knut, f 1904, g 1945 m Sigrid Knutsdtr. Bjåen, sjå Nordli, gnr 3, bnr 18
  • Åshild, f 1907, gardkone, busett Skjellaug, Lunde, d 1996 g m Olav Langelid, Mo, f 1911, d 1975, born:
  • Arnfinn, f 1942 busett Skjellaug, g m Liv Karin Sollid
  • Marianne, f 1943, busett Notodden, g m Roy Just Hansen, d ca 1996
  • Torfrid, f 1945, busett Notodden, g m Ole Bjørn Småkasin
  • Hallvard, f 1948, busett Lunde, g m Liv Reidun Seltveit
  • Olav (e.), f 1909, gbr, busett Ulefoss, g 1940 m Ingjerd Olavsdtr. Bjørnarå, sjå Midbø Breive, gnr 1, bnr 7
  • Salmund, f 1911, g m Anne Olavsdtr. Reini, sjå nedanfor
  • Olav (y.), f 1913, d 1998, ug
  • Hallvard, f 1915, g m Kjersti Knutsdtr. Våmartveit, sjå Glidbjørgmoen gnr 16, bnr 16
  • Anne, f 1919, d 1929
  • Alf, f 1921, d 1991, ind.arb, busett Kristiansand, g m Joraan Berg, Øverbø, born:

Margit K. Glidbjørg var frå Breive Der inne, og dotter av Knut Alvsson og kona, Anne Salmundsdotter, fødd Breive.

Helleik bygde nytt uthus med fjos og løe i 1922. Han sat som bruksmann til 1939, då han fekk ekspropriert bruket her, og samstundes Øygarden, bnr 11 og Jeiskeliskogen, bnr 12, frå A/S Sætersdalen for i alt kr 9000.

Jøssingbu ved Auversvatn. Her vart Kjetil Glidbjørg og Jeiskeli-brørne arresterte i 1943. Bilete frå Kay Jeiskeli via Setesdalsmuseet.
Gert Magne Høie var distriktslækjar i Valle i kring 20 år frå byrjinga av 1930-talet og frametter. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Olav H. Jeiskeli på passbilete frå hausten 1940.
Foto: Jon O. Løyland
Salmund H. Jeiskeli på passfoto frå 1940.
Foto: Jon O. Løyland

Alle helleikssønene frå Jeiskeli var aktive motstandsmenn under krigen. Salmund hadde, saman med Tarjei Sanden, vore med i styrken til Thor O. Hannevig ved Vinjesvingen, og vart sidan hovudkontaktmann for heimefronten i Bykle. Han og brørne Knut, Sigbjørn, Hallvard og Alf, vart alle arresterte etter ein rassia mot «Jøssingbu», det var den 13. januar 1943. Jøssingbu var ei hytte som Sigbjørn og Knut Jeiskelid hadde ved Auversvatn. Denne staden var ei tid «nærast ein hovudbase for heimefronten på Sørlandet», står det i boka Bykle under krigen (1995, 102). Men etter opprullinga av motstandsrørsla i 1943, vart denne basen mindre sentral.

Om hendingane i Jøssingbu i januar 1943 ligg det fyre ei skildring som er skrive av ein som var der, Gert Magne Høie (Jol i Setesdal 1970). Høie var distriktslækjar i Valle. Me klypper nokre avsnitt frå artikkelen hans.

[...]. Tyskarane hadde teke til å arrestere folk i Setesdal. Dei hadde rulla opp ei mostandsgruppe [...]. Det kom mange flyktningar til Jøssingbu, sume reiste til ei hytte lenger inne på heia. I Jøssingbu hende det eit stygt uhell. Ein maskinpistol som ikkje var sikra, tok til å sleppe skot då han vart slengd vekk, og tre skot råka Sjur [O.] Vatnedalen i kneet. Sjur var då hjelpelaus, og kunne ikkje røme. Salmund Jeiskelid og Kjetil Glidbjørg ville ikkje reise frå han. Dei ringde til meg og ba meg kome til Jeiskeli for å hjelpe ein kar som hadde hogge seg i foten og blødde stygt.

Eg var trøytt og sliten etter ein lang dag, men tok i veg mot kvelden [...]. Ved Bykle hotell var mange tyske soldatar, men eg hadde høyrt at der skulle vere ei tysk avdeling i vintertrening, så eg gjorde ikkje så mykje vesen av det eg såg.

Ved vegskilet til Jeiskelid måtte [...] bilen vente. Eg gjekk vidare på ski. Olav Jeiskelid fylgde med til heis. Det var mørke kvelden, men Olav var godt kjend, og fram til hytta kom vi. Sjur var stygt skadd og trong sårt til hjelp. Men elles var karane i godt humør [...].

Etter å ha stelt såret reiste Høie i fylgje med Olav Jeiskelid nedatt til bilen. Dei vart då straks kringsette og pågripne av tyske soldatar. Doktaren hadde ei truverdig dekkhistorie på lager, og greidde å snakke dei or knipa. Me gjev atter ordet til artikkelen hans:

Men korleis gjekk det med dei tre i Jøssingbu? Det tok litt tid før tyskarane kom til heis, for det sette inn med vind og snøføyke. Det var til bate for dei tre at det drygde, dei fekk tid til samråding om kva dei skulle seia når dei vart avhøyrde. Då veret letta kom tyskarane. Dei gjekk i line og hadde Olav Jeiskelid føre som vegvisar. Eg hadde otte og gru for dei tre. Sett at dei skaut. Dei var huga, og alle tre var uredde karar og gode skyttarar, dei kunne nok ha meia ned dei som kom etter dei. Men kva ville hende etterpå? Det var nok det karane tenkte på, og dei handla klokt og løyste ikkje eit skot. Alle tre vart tekne og kom under hard tortur, men forklara seg heilt likt. Dei sa til tyskarane at dei hadde vorte usamde med leiarar i heimefronten, dei hadde tretta med ein av dei, og under tretta vart Sjur skoten i foten. Alle heldt meg heilt utanfor det heile. Det enda med at Sjur vart innlagd på sjukehus, og Kjetil vart send til Tyskland. Men Salmund då ? Eg ville knapt tru mine eigne augo då han ei stund etter kom til meg, roleg og smilande som før. Han hadde lurt tyskarane, hadde hykla samhug med dei og hadde mykje vondt å seia om heimefrontleiarar. Og tyskarane trudde han og gav han fri.

Så langt etter Gert Høie. Som ovanfor fortalt vart også fire av brørne åt Salmund Jeiskelid arresterte etter rassiaen mot Jøssingbu, men dei slapp alle laus att etter vel 14 dagar i fengsel.

Etter dette dramatiske innslaget skal me vende attende til den meir kvardagslege gardssoga. I 1942 hadde Sigbjørn og Knut overteke eigedomen åt faren i fellesskap. Men i 1945 vart Nordli utskilt til bnr 18 under matrikkelnamnet Lien, og Knut flutte då dit. Halve den nye eigedomen gjekk ut ifrå bnr 7, den andre halvparten frå bnr 12 (Jeiskeliskogen). Knut er omtala i bolken om bnr 18. Sigbjørn lyt setjast opp her.

Sigbjørn H. Jeiskeli, f 1902, d 1985 ug.

Sigbjørn, Olav (y.) og Knut bygde på den gamle stoga på bruket i 1942. Etter påbyggjinga hadde ho ei grunnflate på 110 kvadrat 1 1/2 høgde. Etter at Knut bygde for seg i Nordli i 1946, og flutte dit, var det ei tid berre Helleik, Sigbjørn og Olav som budde her, men i 1959 flutte Salmund og kona hans heimatt. Knut og Sigbjørn heldt fram med å eige Nordli og Jeiskeli saman til 1967. Då skøytte dei Jeiskeli over på Salmund, og Sigbjørn skøytte sin halvpart av Nordli over på Knut, slik at han åtte heile det bruket.

Som nemnt fekk Salmund skøyte på bruket i 1967, men i praksis hadde han nok overteke med det same han flutte heimatt i 1959.

Helleik Jeiskeli flutte frå garden og ned til denne hytta ved riksvegen, då Salmund gardsdrifta. Dette var i 1958.
Foto: Gerd Fosse Hovden (1965).
Salmund Jeiskeli med fela si.
Foto: Gerd Fosse Hovden (1965).

Salmund H. Jeiskeli, f 1911, d 1995

g 1956 m Anne Olavsdtr. Reini f 1917, ikkje born

Anne kom frå Nedre Reini i Mo, gnr 21, bnr 1. Foreldra hennes var Olav Ånundsson Austjordet eller Sigurdsli på det bruket og kona, Sigrid Jørgensdotter, fødd Loftsgarden (jfr. Mo bygdebok I, 437 f).

Salmund og Anne flutte hit frå Bjelland, der han hadde hatt smie og verkstad. Etter at dei kom hit arbeidde han mykje med gravemaskiner, men dreiv også ein god del med sveising og smiing. Dertil dreiv han og Anne garden med 50-60 vinterfora sauer.

I perioden 1974 til 1990 har det vorte sett bort 46 festetomter til hytter.

Etter at Salmund døydde, vart Anne sitjande med eigedomen. Såleis er det framleis våren 2004. Dei siste 5-6 åra har ho hatt adresse Bykle helsesenter.


0941 Bykle komm.png Jeiskeli (Bykle gnr 3/7) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hagen Berdalen • Neste bolk: Myri Berdalen

Koordinater: 59.49217° N 7.44068° Ø