Steinstøyl under Vodden Nesland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinstøyl
Nesland 51.jpg
Etter oppdemminga var det einaste som syna att etter busetnaden på Steinstøyl nokre rester av murane. Folke Nesland tok biletet av dei.
Alt. namn: Steinstøyl under Vodden;
Steinstøyl under Nesland
Rydda: omkr. 1770
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 10
Type: Husmannsplass

Steinstøyl var ei slåtte nedmed Bossvatn i Bykle kommune, litt vestanfor Libu. Staden var busett berre ein 30 års tid mot slutten av 1700-åra.

Jordet er i dag neddemt, men det synar att nokre murar etter husa. Det er rett, slik den gamle gards- og ættesoga (78) seier, at Olav Åsmundsson Berdalen og kona hans, Ingebjørg Jonsdotter, fødd Brotteli, budde her, men såvidt me kan sjå var dette berre nokre få år, for dei var på Strandestøyl under Brotteli i åra frå 1756 til 1766, og kanskje enda eit par-tre år lenger. I 1770 budde dei derimot på Steinstøyl, for då døypte dei ei dotter herifrå. Medan Olav og Ingebjørg budde på Steinstøyl, budde Ånund Såvesson Vatnedalen og familien hans på Strandestøyl. Ånund døydde på den plassen i 1774, og sidan flytte enka hans, som heitte Torbjørg Tarjeisdotter og var frå Vodden, med dei to borna sine frå Strandestøyl til Steinstøyl, og samstundes drog Olav Åsmundsson og Ingebjørg Jonsdotter frå Steinstøyl til Strandestøyl. Her var det altså to husmannsfamiliar som bytte plassar.

I den gamle gards- og ættesoga står det også (90) at Olav Åsmundsson budde på Strandestøyl frå «ca 1776». Kanskje var det faktisk det året dei to huslydane bytte bustad, men det er også mogeleg at det kan ha vore eit par år tidlegare eller eit par år seinare. Det me kan slå fast er at Torbjørg Tarjeisdotter og borna hennes var på Steinstøyl frå 1778 og til ho døydde i 1790.

Det vesle me elles kan vita om dei to Steinstøyl-familiane, har me fortalt i bolken om Strandestøyl under Brotteli, der dei budde fyre dei kom hit.

Det ser ikkje ut til at det var nokon på Steinstøyl etter 1790.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Steinstøyl under Vodden Nesland er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Viki • Neste bolk: Naustdøl

Koordinater: 59.33626° N 7.2066° Ø