Stortingsvalet 1832

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Stortingsvalget 1832»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet 1832 var eit indirekte val mellom 2. juli 1832 og 20. november 1832 til det 7. ordentlege Storting, som var samla frå 7. februar 1833 til 27. august 1833. I forkant av valet var det aktiv agitasjon for å få vald inn bonderepresentantar, og for første gong var det fleire bønder enn embetsmenn på Stortinget. Det 7. ordentlege Storting vert difor ofte kalla Bondestortinget.

Valordning

Kvart prestegjeld peika ut ein valmann for kvar hundre med røysterett. Det var soknepresten som var ansvarleg for gjennomføringa. I kjøpstadene var det òg valting, og der peika ein ut ein valmann for kvar femtiande med røysterett. Dette høyrast ut som ei kraftig forfordeling av byane, men sidan røysteretten var knytta til eigedom var det truleg ikkje fullt så stor skilnad i representasjon per innbyggjar.

I dei sytten amta møttest valmennene på valting, og peika ut tre eller fire stortingsrepresentantar. I amt med 25 til 34 valmenn peika dei ut tre, og i amt med 35 eller fleire peika dei ut fire. Dette gav ei auke i talet på representantar, sidan det ved stortingsvalet 1829 var tre frå kvart prestegjeld. Talet på mandat auka frå 81 til 95.

Resultatet av ordninga var at Nedenes og Råbyggjelaget, Nordre Trondhjem og Bratsberg valdre tre representantar kvar, medan dei andre amta valde fire kvar.

Kjøpstadene var delt inn i sytten valdistrikt, som valde ein eller fleire representantar. Kjøpstadene med færre enn femti med røysterett – Sandefjord, Porsgrunn, Risør og Molde – valde saman med næraste større kjøpstad – i same rekkefølgje Larvik, Skien, Kragerø og Kristiansund. Ein krets med tre til seks valmenn valde ein representant, ein krets med sju til ti valde to, elleve til fjorten valde tre og femten eller fleire valde fire.

Resultatet for ordninga i byane var at Arendal, Kristiansund/Molde, Fredrikstad, Holmestrand, Moss, Tønsberg, Kongsberg, Skien/Porsgrunn, Kragerø/Risør, Fredrikshald og Larvik/Sandefjord valde ein representant kvar; Stavanger valde to; Drammen og Kristiansand valde tre og Trondheim, Bergen og Kristiania valde fire.

Dei som hadde røysterett var menn over 25 år med fast eigedom av ein viss storleik, samt embetsmenn og rettigheitsmenn i Finnmark. Ved innføring i manntalet måtte ein avlegge eid til Grunnlova. Av ein folkemengd på kring 1 151 900, var det 65 170 som hadde røysterett, det vil seie 57 per 1000 innbyggjarar. Av desse var det 31 296 som røysta, det vil seie 48 %.

Dei 323 valtinga på landsbygda peika ut 765 valmenn, medan dei 231 valtinga i kjøpstadene peika ut 124 valmenn.

Sjå òg

Litteratur og kjelder