John Jarnes (fødd 27. desember 1915, død 19. desember 2016) er ein tidlegare møbelfabrikant i Sykkylven. Han er fødd på garden Rongen, som son til Karl J. Jarnes. Karl dreiv gard og trevareproduksjon. Spesialiteten var produksjon av trapper. John vanka tidleg i verkstaden til faren, allereie frå 10-11-årsalderen var han med i produksjonen. Etter at han var konfirmert, arbeidde han for faren på heiltid. I 1936 vart han tilsett ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk som den første i madrassproduksjonen. Jens E. Ekornes hadde to år tidlegare byrja å produsere metallfjører til møbelindustrien. Med slike fjører kunne ein også lage sengemadrasser. Dette vart starten på produksjonen av dei såkalla Svanemadrassene. Les mer …
A. Rellings lenestolmodell frå 1939.
Adolf Relling (fødd 3. januar 1913 i Sykkylven, død 24. februar 2006 i Oslo) var ein interiørarkitekt og møbeldesignar frå Sykkylven på Sunnmøre. Foreldra var gardbrukar Ole Bastian Relling (1881–1967) og Hanna Lovise Strømme (1882–1958). I 1948 vart Adolf Relling gift med Reidun Skipperud (1919–1999), og saman fekk dei borna Jens og Margaret. Adolf Relling tilhøyrde den første generasjon utdanna designarar som arbeidde mot møbelindustrien. Han teikna både for produsentar på Austlandet, i Hordaland og på Sunnmøre. Adolf Relling var bror til designaren Ingmar Relling, og begge fatta tidleg interesse for møbelproduksjon. I deira ungdomsår voks det fram eit rikt produksjonsmiljø innan møbel- og trevareproduksjonen i Sykkylven. Les mer …
Ungdomshuset Vårvon feira i 2012 100-årsjubileum. Ungdomshuset Vårvon ligg i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Huset vart bygd av Ungdomslaget Samhald, med Ole Ingebrigtsen Strømme og Hans Tandstad blant drivkreftene. Vårvon vart innvigd i 1912, og gjennom fleire tiår var bygningen det einaste samlingshuset i Straumgjerde. Fram til første byggjesteg på nyeskulen stod ferdig i 1955, var det ikkje noko anna lokale som kunne samle bygdefolket under større arrangement. Først tretten år seinare vart gymnastikksalen på skulen bygt. Om lag på same tida kom bedehuset.
Etter kvart som det nye fjernsynsmediet tok meir og meir av merksemda til folk, vart det vanskelegare å få friviljuge til å aktivisere seg i lagsarbeidet, ja, også å få dei til å stille som publikummarar når det vart skipa til grendafestar eller kinoforestillingar. Kring 1980 var det likevel nokre ungdomar som bles nytt liv i laget. Jarle Strømmegjerde var ein av drivkreftene. Då han gjennom lokalavisa i september 1983 inviterte straumgjerdingane til grendafest, var det nettopp fjernsynet han såg på som den hardaste konkurrenten. I følgje Strømmegjerde hadde likevel ein grendafest meir å fare med enn aktørane i den amerikanske såpeserien Dynastiet. Les mer …
Karstein Oddmund Vik med studentlue. Foto: Ukjent Karstein Oddmund Vik (fødd 24. oktober 1919, død 26. desember 2003) var ein arkitekt og oppdrettspioner frå Sykkylven. Etter framhaldsskule og middelskule på Sjøholt og i Volda byrja han på toårig gymnas på Nordfjordeid. Han bestemte seg tidleg for at han ville bli arkitekt, sjølv om det var få som den gongen visste kva ein arkitekt var. Det var smått med midlar i heimen, men foreldra, Klaus og Anna Vik, hjelpte til som best dei kunne. Med lån og eige inntektsbringande arbeid gjennomførte han arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. I 1942 tok han eit opphald i studiet og reiste tilbake til Sykkylven. Her kom han i gang med ein armaturfabrikk, INO, saman med slektningen Haldor Vik. I 1943 vart han gift med Borgny Liv Digernes frå Ørsta. Med dottera Anita, som vart fødd i 1945, reiste dei til Trondheim i 1947 så han kunne fullføre arkitektutdanninga. Møbelprodusenten Jens E. Ekornes i Sykkylven gav han i oppdrag å teikne fabrikk på Ikornnes, og med dette arbeidet og nokre andre mindre jobbar finansierte han siste del av studiet. Les mer …
Carl Eliassen Tandstad (fødd 3. februar 1875 i Sykkylven, død 1938) var lærar, musikar og komponist frå Sykkylven. Han vart fødd i Johannesgarden på Tandstad, som son av Elias og Guri Tandstad. Carl E. Tandstad ville nytte dei rike evnene sine, og som ung reiste han til Volda der han gjennomførte mellomskulen. Volda-tida vart ei rik tid for han. Der fann han også kona si, Ida. Etter som åra gjekk, fekk dei ein stor barneflokk. I Volda kom han i lag med den vidgjetne spelemannen og komponisten Per Bolstad. Begge var, trass i unge år, framifrå felespelarar. Dei inspirerte kvarandre som musikarar og utvikla ein varm, livslang venskap. Les mer …
Det fyrste bedehuset, som sto ferdig i 1892. Teikning av Martin Furseth.
Sykkylven indremisjon er ei misjonsforeining i Sykkylven. Skipingsdatoen til foreininga er 9. desember 1888, og det første styret var samansett slik: Peter O. Eidem, leiar, Sven A. Ullavik, nestleiar, Lars P. Grebstad, skrivar og Nils C. Aure, kasserar. I januar same året kom det i gang ei misjonsforeining i Hundeidvik og året etter fekk dei også misjonsforeining i Velledalen.
Utløysande årsak til at det kom i gang tre misjonsforeiningar i Sykkylven på om lag eitt år, var virket til vekkingspredikanten Paul Gerhard Sand frå Biri. I 1888 var Sand i Sykkylven og tala, mellom anna i sykkylvskyrkja. «Sand stansa berre nokre dagar, men det var lenge nok til at heile bygda kom i rørsle. Det vart ei folkevekking som Sykkylven aldri har sett maken til anten før eller sidan,» skriv Oscar Handeland i boka Vårløysing II. Les mer …
|