Trondheims len

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Trondheims hovudlen»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Erkebispegarden var lensherresete frå kring 1556 til overgangen til amt i 1662.
Foto: Olve Utne

Trondheims len, òg kalla Trondhjems len, og i ein periode frå 1530-åra til 1550-åra Steinvikholms len, var eit av fire hovudlen i Noreg som vart oppretta i 1503, og det bestod som len med ymse grensejusteringar fram til lenssystemet vart avvikla og erstatta med amt i 1662. Administrasjonsstaden for hovudlenet var for det meste byen Nidaros, seinare kalla Trondheim og Trondhjem. Kjerna i hovudlenet var sjølve slottslenet, og i tillegg fanst det eit varierande antal smålen som underlen. Lensherrens residens ble kalt Kongsgaarden eller Trondhjemsgaard.

Smålena vart ofte samanslegne i ulike, meir eller mindre kortvarige konstellasjonar, men etter kvart vart smålena tekne inn i sjølve slottslenet, slik at dette dekte heile Trøndelag, Namdalen og Nordmøre midt på 1600-talet.

Trondheims len 1503–1537

Det gamle stridsspørsmålet om kyrkja sine privilegiar blussa opp att mellom erkebiskopen og høvedsmannen på Bergenhus, Jørgen Hanssøn. Da erkebiskop Erik Valkendorf forlot landet utnytta Hanssøn derfor høvet til å styrke Bergenhus len ved å leggje under seg erkebiskopens forleningar i Trøndelag. Annekteringa blei kortliva; med Kristian IIs fall i 1523 fall Trøndelags len igjen under erkebiskopen i Nidaros, som no heitte Olav Engelbrektsson.

Frå slutten av 1520-åra var lena ustabile over heile landet. I løpet av få år kunne eit len bli teke og gitt, erobra og tilbakekalla, og Trondheim var ikkje ett unntak. Då erkebiskopen var i unåde i 1528 blei Gauldal og Sparbu gitt til ein holsteinar ved navn Follert Svynn mot ein årleg avgift på 40 gullgylden, medan Trøndelag og Trondheim by blei gitt til hans bror Sivert mot ein avgift på 100 rhinske gylden.

Det ser imidlertid ikkje ut til at dei nokon sinne tok over av lena i praksis, for ifølgje regnskapsbøkene av 1529 er det framleis erkebiskopen Engelbrektsson som svarer kongen for dei overførte lena. Året etter blei kongen og erkebiskopen forsont, og kongen fornya erkebiskopen sitt lensbrev. I 1532 blei Gauldal og Sparbu nok ein gong overdratt, denne gang til ein danske, Otto Stigssøn, men heller ikkje dette ser ut til å ha fått nokre praktiske følgjer. I realiteten satt Engelbrektsson som eigenmektig lensherre heilt fram til han blei fordreven av reformasjonen.

I 1532 vart Erkebispegarden herja og brent av danske troppar. Erkebiskopen, som i praksis òg var lensherre og høvedsmann, trekte seg da tilbake til Steinvikholm slott, og lenet kom til å bli heitande Steinvikholms len en tid.

Den interne organiseringa av Trondheims len varierte ganske mykje. Jamtland og Romsdal beheldt for det meste statusen som eigne underlen. Elles var det mange meir eller mindre kortvarige underlen i olike kombinasjonar; blant anna kan nemnast Sparbu len, Stjørdalens len og Herjedalens len.

Erkebispegarden vart sett i brann av danske troppar i 1532, og under reformasjonen i 1537 vart Erkebispegarden overteken av dei danske myndigheitene og fungerte som administrasjonssete (1537–1658: lensherresete; 1658–60: guvernørsete; 1662– : amtmannssete) frå da og fram til bygningane vart overlatne til militæret i 1686.

Bestyreren av lenet ble kalt lensherre, befalingsmann eller høvedsmann.

Steinvikholms len 1537–1556

Høvedsmenn

  • 1537: Esge Bille
  • 29. januar 1540: Christopher Ottesen Huitfeldt [Steinvikholm][1] (1538-1542)
  • 29. juni 1540: Christopher Huitfeldt høffuidzmandt paa Stenwigholm[2] (Christopher Ottesen Huitfeldt satt i perioden 1538-1542)
  • 24. juni 1545: [Tordt] Rodis høffwesmand paa Stenwigholmm[3]
  • 28. september 1545: Tord Rhoedt høffuizmandt paa Stenwigholm [4]
  • 22. mars 1547 : Christoffer Galle høffuidzmand paa Steinwigholm[5]
  • 29. november 1551: Christoffer Galle [Steinviksholm][6]
  • 24. oktober 1554: Effuert Bildt til Raffnholt høffuijdtzmand paa Stenwigholm[7]
  • 19. juli 1555?: Effuertt Bild til Rhaffnholtt høffuidzman paa Steinuigholm[8]
  • 14. november 1555: Ewertt Bild till Rhaffnholdt, Høuidzman paa Stenuigholm[9]
  • 13. januar 1559: waar øffrighedt vdj Steinuigholms lehenn Effuertt Bild[10]

Utstrekning

Dei første åra var Trondheims len eit innlandslen som først og fremst omfatta Strinda. Stjørdalen vart lagt til i 1541; Nordmør, Fosen, Gauldalen og Sparbu føre 1542; og Herjedalen ein gong føre 1549. Namdalen vart lagt til lenet permanent i 1552. Jamtland vart lagt under Trondheim i 1571.

Under høvedsmann Evert Bild vart det gjeve kongeleg løyve til å flytte administrasjonsstaden til byen og Erkebispegarden att i 1556, og lenet skifta da namn frå Steinvikholm til Trondheims len.

Kystlandskapa Romsdal, Nordmør, Fosen og Namdalen, som alle haurde til Nidaros bispedømme, låg under Bergenhus hovudlen de første åra, men vart etter kvart overførte til Trondheims hovudlen. Namdalen vart overført til Trondheim i 1532 og Nordmør (Edøy) og Fosen vart overførte i 1540-åra. Nord-Noreg òg låg under Trondheim nokre få år på 1500-talet, men kom snart under Bergenhus att. Romsdal låg ofte under Bergenhus, men låg under Trondheim blant anna i tida 16041627. Frå 4. januar 1639 til 1642 låg Østerdalen, inkludert Idre og Serna, under Trondheims len òg.

Trondheims len 1556–1658

Lensherrer/befalingsmenn ved Trondhjems len som var eitt av hovudlena. Etter sjuårskrigen i 1570 blei det stadig vanlegare at lensherrane måtte opphalde seg i sitt len, og frå 1647 blei det ein allmenn regel om dette. Ein må difor tru at dei fleste på denne lista i lengre periodar budde på residensen som blei kalla Kongsgaarden eller Trondhjemsgaard.

Evert Bild til Ravnholt (1556-1564)

Herluf Skave til Eskilstrup (1564-1568)

Christiern Munk til Gjessinggaard (1568-1571)

Ludvig Munk til Nørlund, Lundegaard og Pederstrup (1571-1577)

Jacob Christophersen Huitfeldt til Lillø og Berritzgaard (1577-1583)

Christian Friis til Borreby (1583-1589)

Ludvig Munk til Nørlund, Lundegaard og Pederstrup (1589-1596)

Jacob Trolle til Sonerup og Brudager (1596 -1601)

Steen Bille til Billesholm (1601-1613)

Claus Daa til Ravnstrup og Holmegaard (1613-1620)

Tage Andersen Thott til Sirekøbing, Duveke og Egede (1620-1627)

Jens Juel til Lindbjerggård (1627-1629)

Oluf Parsberg til Jernit og Palstrup (1629-1642)

Fredrik Urne til Bregentved (1642-1656)

I 1645 vart lensområdene Jamtland og Herjedalen lagt under Sverige

Peder Vibe til Gjerdrup (1656 til sin død 7 aug. 1658)

Trondheims län 1658–1660

I 1658 og etter at Jemtland og Herjedalen tidligere var tapt fall resten av lenet, inkludert Romsdal, inn under svensk styre gjennom guvernør Claes Nilsson Stiernsköld. Jamtland og Herjedalen vart lagt til det nye svenske lenet, som fikk namnet «Trondheims län».

• Hans Hansen (1659)

Trondheims len 1660–1662

Trøndelag, Namdalen, Fosen, Nordmøre og Romsdal vart lagt under dansk styre att i 1660, og i 1662 vart Trondheims len erstatta med det fastare organiserte Trondheims stiftamt

Referansar

Kjelder