Forside:Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Jostedalen
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.

Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.

Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Anders Olson (døypt 20. januar 1747 i Jostedalen, død i Aurland 9. juli 1802) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han skal ha vorte klokkar i Jostedalen kring 1776 etter far sin Ole Anderson Åsen. Han hadde truleg klokkarposten til 1781 då bror hans Lars Olson Bjørk tok over. Frå 1774 til 1777 skal Anders Olson ha vore paktar på Jostedal prestegard før han vart innerst på Ormberg. I 1781 flytte han så til Aurland der han òg var lærar og klokkar. Her busette han seg på garden Gjerlaug (Gjerløv) der han budde resten av levetida.   Les mer …

Magnus Takle

Magnus Takle (Birger Magnus Johan) (fødd 15. februar 1883 i Brekke, død 6. september 1971 i Re) var lærar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter.

Magnus Takle gjekk i storebroren Mons H. Takle sine fotefar. Magnus tok lærareksamen ved Stord lærarskule og var lærar i Jostedalen 1904-07. Før lærarskulen hadde han gått Sogndal folkehøgskule der han trefte Metta Sofie Urdahl (1883-1966) frå Luster, som òg gjekk på Stord lærarskule. Ho var dotter av gardbrukar og ordførar Hans Hansson Urdahl (1832-1913) i Luster og Elen Kirstine Larsdotter (1846-1905).

Magnus og Metta gifte seg i Luster 18. april 1906. I 1907 flytte dei til Årdal der Magnus vart lærar, og i 1915 flytte dei vidare til Tasta i Stavanger. Her arbeidde han som lærar til 1948.   Les mer …

Breheimsenteret brenn 28. juli 2011
Foto: Eli Bjørhusdal

Breheimsenteret er eit informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. Det ligg i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane.

Ideen om eit informasjonssenter tok form gjennom bygdeutviklingsarbeidet i Jostedalen sist i 1980-åra, og i 1993 stod Breheimsenteret ferdig. Arkitekt var Rolf Sande ved arkitektkontoret A38 i Sogndal, og bygget fekk ei karakteristisk form som sprekk og tårn i ein blåisbre.

Breheimsenteret ligg ved munningen av sidedalen i Jostedalen som fører inn til Nigardsbreen, og med flott utsyn til breen og Mjølvergrendi. Det ligg attmed pensjonatet Nigardsbreen gjesteheim (Fjellheim).   Les mer …

Pesta kommer. Av Theodor Kittelsen, teikna 1894-95.

Jostedalsrypa er ei segn om ei jente som var den einaste overlevande i Jostedalen etter Svartedauden. Det er den mest kjende norske segna om Svartedauden, men liknande motiv går att i ei rad segner både frå andre delar av Noreg og andre land.

Somme versjonar av segna hevdar at stormannsfamiliar i Sogn flykta opp i Jostedalen for å kome unna pesten. Bygdefolket prøvde å isolere seg fullstendig, og brev ut og inn av bygda vart lagde under ein stein, Brevsteinen. Pesten kom likevel til dalen, og alle unnateke den vesle jenta døydde. I dei versjonane av segna der det vert sagt kvar ho kjem frå, vert ho heimfesta til garden Bjørkehaugen i Mjølvergrendi.

Då buskapen frå Jostedalen kom til ei grannebygd, ante folket der uråd, og dei drog til Jostedalen for å undersøkje tilhøva. Det varierer med versjonane om folket kom over Jostedalsbreen frå Nordfjord, frå Skjåk i Gudbrandsdalen eller frå fjordbygdene i Luster. Dei fanga den ville jenta og tok ho med seg.   Les mer …

Gamletunet på Kruna sett frå aust.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)
Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun. Heimane under Kruna sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963. Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19 der "Asbiorn a Krunu ok Hærmundr son hans" er nemnde. Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. Kronen Turistasjon var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, Tøger Larsson Kronen, vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare.   Les mer …

Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Jostedalen
ingen underkategorier
 
Mest lest