Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Hisdal med Haugen til høgre. Bilete frå Agderposten ein sumardag i 1990-åra, hit frå Geir Kallhovd, Kristiansand.

Der uppe ligg tun i tun med Store-Hisdal, bnr 2, på høgre sida når ein kjem inn i Hisdal. Det ligg litt høgre i terrenget, og har difor vore omtala som Hisdal Der uppe. Sume kjelder kallar det likevel Haugen, men det er vrangt å få til at det ligg på ein haug, og Hisdal-ætlingar meiner at Haugen-namnet kom hit med dei som budde her frå 1930 og frametter. Difor held me fast på Der uppe som bruksnamn.

Ved det leitet då Sigurd Knutsson heldt til på bnr 2, budde au Olav Ånundsson i Hisdal. Me vil helst rekne med at han budde på dette bruket, men det er vel også tenkjeleg at han ha vore sambrukar med Sigurd, og halde til i same stoga som han.

Etter tida og namnet ville det høve godt om Olav var son åt Ånund Alvsson på bnr 3 i Mosdøl, står det i Vallesoga (VI, 124). Ettersom Olav vart oppskriven med etternamn Mosdøl då han gifte seg i 1754, og han og kona budde der, og det også er godt rom for at Ånund Mosdøl kan ha fått ein son kring 1724, vil me oppfatte denne løysinga som sannsynleg.   Les mer …

Nordstog Grasbrokke 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Det er rimeleg å tru at Nordstog Grasbrokke var ein del av Grasbrokkeplassen frå gamalt, jamvel om det etter tinglysingane kom beinveges frå Systog Trydal. Då det fyrst på 1950-talet vart samla inn virke til bokverket Norges bebyggelse, gav oppsitjaren, Kjetil Torleivsson, opp at han hadde overteke eigedomen i 1914. Dette skal me ikkje draga i tvil, jamvel om han ikkje fekk skøyte fyrr 5 år seinare, i 1919, forresten same dagen som broren Åvoll fekk skøyte på Systog Grasbrokke. Me vil då tru at både Åvoll og Kjetil har kome til med Tarjei Olavsson i Systog Trydal om at dei skulle kaupe kvar sin part av plassen i 1914, men utsett skylddeling og tinglysing nokre år.

Me har også ei oppgåve etter Kjetil om at våningshuset på bruket sto ferdig i 1938, og liksåvel dette er sikkert rett. Men som så mange andre stader har nok huset vorte oppført i fleire byggjestig, og det fyrste var sikkert under tak fyre 1920. I 1939 fekk Kjetil også ferdig ny uthusbygning.

Kjetil var frå Grasbrokke og son åt Torleiv Åvollsson Trydal og kona, Gunvor Kjetilsdotter.   Les mer …

Kroné 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Kroné, også kalla Skarberg, ligg ved nordaustenden av Motjønni i Bykle kommune. Tek ein innetter gamleveg frå Moen er dette fyrste verestaden ein kjem til. Som namnet tilseier er det ei kro. På nordsida lyfter Den store ufsi seg, austetter har dei Urinn og Krofjødd, sudetter Oppå haugen og Vardebrokke mot Øytjønnsåsen.

Det var brørne Olav og Ånund Knutssøner Skarberg som sette i gang med bureising her i 1917. Desse var søner av Knut Ånundsson Trydal og kona, Torbjørg Halvorsdotter, fødd Uppstad. Det gamle namnet på staden var Kroné, men då skarbergkarane fekk tinglyst eigedomsretten sin, valde dei å kalle den nye heimen Skarberg etter bruket dei kom ifrå (gnr 9, bnr 3). Til dagleg vert vert staden likevel omtala som Kroné.

Då dei sette i gang her, kom skarbergbrørne frå Bjørnarå Der heime, der far deira var brukar for Torgeir Bjørgulvsson. Såvidt me kan oppfatte varde dette til 1920, men då var Torgeir Bjørnarå vaksen, og ville bruke garden sjølv. Etter dette flutte Knut og Torbjørg frå Bjørnarå til sønene på Kroné. Torbjørg døydde her i 1935, Knut tre år seinare.   Les mer …

Neire (bnr 4) og Evre Juvet (Fådapen, bnr 20) i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Juvet ligg på brotet ned mot Otra i Bykle, nedanfor Bykle Samyrkelag. Det vart utskilt frå Utistog og skyldsett som ei eiga eining i 1848, men me vil nok tru at det hadde vorte teke i bruk som husmannsplass nokre år tidlegare, helst kring 1836.

Bakgrunnen for utskiljinga var at brørne Tarjei og Knut Åvoldssøner i Utistog Byklum hadde overteke heimebruket i fellesskap på skiftet etter foreldra i 1809, og at Tarjei, som var den eldste, sidan hadde kaupt ut Knut. I og for seg kunne det lege nær å å tenkje seg at Knut fekk Juvet som erveoppgjer, men ettersom han i 1848 gav broren 235 speciar i innfestingspengar, vil me tru at han må ha teke imot odelsløysing på eit tidlegare tidpunkt.

Ettersom han fekk ervefeste «for sig og kone samt deres arvinger i nedstigende linje», og ettersom plassen samstundes vart skyldsett til 30 skilling, må ein vel nærast oppfatte denne verestaden som eit sjølveigande småbruk frå 1848, jamvel om han formelt skulle heite plass, og jamvel om oppsitjarane skulle gjeva ei årleg leige på 2 speciar til eigarane av Utistog.

Knut Åvoldsson var altså fyrste oppsitjaren her, og me reknar med at han hadde bygd her og bruka staden som husmannsplass omlag frå han gifte seg i 1836. Iallfall er han oppført som husmann i kyrkjeboka tom. juni 1848, medan han sidan vert kalla gardmann. Ved sidan av jordbruket sitt var Knut lærar, og såleis ein for si tid lærd mann.   Les mer …

Systog Bratteland etter oppdemminga av Bossvatn.
Foto: Folke Nesland
(1978)

Systog låg jorde i jorde med Nordstog, og var ein av Brattelandgardane i Bykle kommune. Bruket vart formelt utskilt frå hovudbølet så seint som i 1917. Men då hadde det eksistert som ein eigen verestad i minst 90 år.

Under omtalen av den udela garden har me fortalt at Ånund Mikkelsson Bratteland og Kjersti Olavsdotter, kona hans, budde her, iallfall frå 1827 til 1832, og sidan frå 1837 til 1845. Dei neste me veit var her er Bjørgulv Tarjeisson og Targjerd Kjetilsdotter. Bjørgulv var oppsitjar og sjølveigar i Systog, heilt sikkert i åra 1859-1864, men truleg åtte han bruket frå 1852.

  • Bjørgulv Tarjeisson Bratteland, f 1833, til Amerika med heile huslyden 1866
g 1859 m Targjerd Kjetilsdtr. Harstad, f 1832. Born:
  • Gunhild, f 1860
  • Kjetil, f 1862
  • Ingebjørg, f 1865
Foreldra åt Targjerd var Kjetil Danielsson Harstad og kona, Ingebjørg Tjodgeirsdotter, f Kvestad.   Les mer …

Breive Der uppe ca 1900. Framme: Olav Alvsson Breive (1837-1903), kona Åshild Hallvardsdotter, f Breive (1855-1937), og dottera Torbjørg (1890-1953), g m Kjetil S. Hovden. Attanfor: Åsne (1881-1957); Margit (1874-1953) og Halvor (1884-1963). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Der uppe var bruksnummer 9 under Breive i Bykle kommune. I bolken om Utistoga, bnr 6, har me fortalt at det bruket vart dela i 1873, då Olav Alvsson frå Der inne kaupte litt over halvparten av det Mons Knutsson hadde sete med. I 1875 fekk det nye bruket lnr 2 e i matrikkelen, og sidan bnr 9. Landskylda vart sett til 27 skilling.

I den gamle gards- og ættesoga ( 211) les me at det var Mons Knutsson som budde i Der Uppe, og at han «fekk bruket hjå faren Knut Monsson», men det stemmer ikkje. Det er også gale, slik det står i den same boka ( 202) at Olav Alvsson budde i Utistoga, men den feilen er meir forståeleg, ettersom han etter 1893 åtte også det bruket. Men heimen hans var i alle høve her frå 1882, og inntil då budde han i Nordgarden.

Han sette seg opp hus i øvre kanten av det gamle fellestunet, og me reknar med at det var difor bruket vart kalla Der uppe.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artikler