Austevoll kommune
Austevoll kommune er ein øykommune vest i Hordaland fylke. Kommunen ligg i Midthordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeven av kommunane Sund i nord, Os i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør.
Austevoll | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1244 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Storebø |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Koordinater: 60°2′16″ N 5°16′6″ Ø
I generasjonar har fiskeri vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst innanfor havbruksnæringa, og kommunen vert i dag rekna for landets største innan oppdrett av laks.
Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største bygda. Kommunen har vidaregåande skule, Fiskarfagskulen i Austevoll. Der ligg ei avdeling til Havforskningsinstituttet i Bergen. Fiske, havbruk og oljeverksemd er dei største næringane i kommunen..
Namnet
Austevoll var opphaveleg namn på garden Austevoll som ligg på Hundvåkøy. Truleg fekk garden dette namnet fordi han var den austlegaste av fleire gardar på staden. På garden stod det ei kyrkje i omkring 250 år (1640-åra-1891), og kyrkjesoknet hadde namn etter denne garden. I 1886 tok soknekommunen Austevoll dette namnet, og i 1957 vart Austevoll saman med Møkster soknekommune namnet på heile kommunen.
Geografi
Austevoll består av 667 småkuperte øyar og holmar. Kommunen har ei strandline på 337 kilometer og eit areal på 114 km². Dei største øyene dannar ein halvsirkel med opning vestover. Frå nordvest, rekna med klokka, ligg Storekalsøy, så Hundvåkøy, lengst aust ligg Huftarøy, sørvest for Huftarøy ligg Selbjørn og vest for Selbjørn ligg Stolmen. Heilt vest i kommunen, mellom Storekalsøy i nord og Stolmen i sør, ligg øyene (frå nord og sørover) Horgo, Møgster, Litlakalsøy og Hevrøy. Innimellom dei sørlegaste øyane ligg Lunnøy. I vest ligg Nordsjøen, i nord Korsfjorden, Bjørnafjorden i nordaust, Langenuen i aust og Selbjørnsfjorden i sør. Den høgaste toppen i Austevoll er Loddo på 244 meter.
Kommunikasjonar
I sør har kommunen ferjesamband frå Husavik til Sandvikvåg i Fitjar. Frå Hufthamar går det ferje nordover til Krokeide i Bergen kommune. Snøggbåtruta mellom Bergen/Flesland og Sunnhordland har stopp på Hufthamar. Mellom øyane går det snøggbåtrute.
Næringsliv
Fiskeri har vore den største næringa i kommunen, og det har vore kombinert med jordbruk på små bruksseiningar. Dei fleste småbruka vart lagde ned i 1960-åra då dei store endringane i næringslivet skaut fart.
Kommunen har i 2014 ein av dei største havgåande fiskeflåtane i landet.
Sidan 1980-talet har det vore stor vekst innanfor havbruksnæringa, og kommunen vert i dag rekna for ein av landets største innan oppdrett av laks. Offshore-næringa er ei tredje stor næring. To børsnoterte selskap har hovudkontora sine på Storebø i Austevoll, og desse er reiarlaget DOF ASA og havbruksselskapet Austevoll Seafood ASA. DOF er det største offshorereiarlaget i Noreg målt etter verdi og eit av dei største rederia i verda når det gjeld talet på skip. Rederiet har i 2014 omkring 10 000 tilsette på land og sjø.
I kommunen er det fleire landbaserte verksemder som produserer for havbruk og fiske- og supplyflåten både i Norge og på verdsmarknaden. Ein stor underskog av mindre og nødvendige selskap er oppretta dei siste 30 åra. Dei siste åra har næringslivet i kommunen lege øverst på næringstoppen i landet. Kommunen ligg berre etter Bergen i den maritime næringsklyngja i Hordaland.
To børsnoterte selskap har hovudkontora sine på Storebø i Austevoll, desse er reiarlaget DOF ASA, som er det største offshorereiarlaget i Noreg målt etter verdi[1], og havbruksselskapet Austevoll Seafood ASA.
Historie
Eldre historie
Austevoll var blant dei første stadane i Hordaland som vart isfritt mot slutten av istida. Det er funne spor av busetnad tilbake til den eldre steinalderen, for 10 000 år sidan. Næringsvegane har til alle tider vore fiske, fangst og jakt, i tillegg til enkelt jordbruk.
Nyare historie
Frå innføringa av Formannskapslova av 14. januar 1837 var Austevoll og Sund éin kommune. I 1886 blei Austevoll eigen kommune. 1. januar 1964 blei delar av Fitjar kommune, søre Selbjørn og søre Huftarøy, overdregne til Austevoll. Fram til 1957 var kommunen delt i to soknekommunar, Austevoll og Møkster. Soknene hadde eigne soknestyre, men hadde felles møte om saker som gjaldt begge soknene. I 1910 vart Austevoll utskilt frå Sund som eige prestegjeld med dei to soknene Austevoll hovudsokn og Møkster annekssokn. 17. april 1964 vart Austevoll eige lensmannsdistrikt.
Bygder
Bygd | Innb.tal (2005) [2] | Innb.tal krins (2001) [3] | |
1. | Storebø | 1,032 | 1,341 |
2. | Bekkjarvik | 355 | 489 |
3. | Kolbeinsvik | 481 | |
4. | Vinnes | 378 | |
5. | Haukanes | 235 |
Øyer med heilårs busetnad
Øy | Innb.tal ' | |
1. | Huftarøy | 2,435 |
2. | Selbjørn | 956 |
3. | Hundvåkøy | 554 |
4. | Stolmen | 206 |
5. | Storekalsøy | 167 |
6. | Møkster | 65 |
7. | Litlekalsøy | 26 |
8. | Lunnøy | 10 |
Politikk
Samstundes med at dei store strukturendringane i næringslivet begynte i 1970-åra, skjedde det ei politisk endring i kommunen. Senterpartiet braut tradisjonen med bygdelister og stilte eiga liste ved valet i 1971. Bygdelistene blei etter kvart erstatta av partilister, og dermed vart og mykje av den gamle politiske drakampen mellom øyane borte.
Austevoll kommune vert styrt etter formannskapsmodellen. Kommunestyret består 27 representantar, samansett av Framstegspartiet (9), Høgre (7), Arbeidarpartiet (4), Senterpartiet (3), Kristeleg Folkeparti (3) og Venstre (1).
Etter valet i 2003 vart Helge André Njåstad vald til ordførar i kommunen. Kommunen blir styrt av eit fleirtal i kommunestyret utgått av Framstegspartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.
Austevollsbrua var det siste store bruprosjektet i Autevoll. Brua vart opna i november 2007, og knyter saman Huftarøy og Hundvåkøy[4].
Ordførarar i Austevoll
Austevoll vart skild frå Sund kommune i 1886. Frå dette tidspunktet har kommunen hatt desse ordførarane:
Yrke | Namn | Periode | Parti |
---|---|---|---|
Lærar og kyrkjesongar | Ole Strømme | 1886-1901 | |
Fiskar | Peder Olai Kleppe | 1902-1919 | |
Bonde | Olai Naustheller | 1920-1925 | |
Bonde | Mikkel Nilsen Birkeland | 1926-1935 | |
Lærar | Magnus Larsen | 1935-1937 | |
Fiskar | Salomon O. Fagerbakke | 1938-1945 | |
Fiskar | Salomon V. Kalvenes | 1946-1959 | |
Trygdesjef | Rikard Storebø | 1960-1969 | V |
Statslos | Peder Kalve | 1970-1975 | H |
Rektor | Magnus Stangeland | 1976-1981 | Sp |
Kjøpmann | Knut K. Kalvenes | 1982-1985 | H |
Skipper | Hallvard Møgster | 1986-1989 | Krf |
Bankfilialsjef | Inge Bjarne Storebø | 1990-2001 | H |
Skipper | Olav P. Årland | 2001-2003 | Krf |
Helge Andre Njåstad | 2003-2013 | Frp | |
Lærar | Renate Møkster Klepsvik | 2013- | Frp |
Skule
Austevoll vart i 1791 delt i tre skuledistrikt, kvart skuledistrikt vart så delt inn i seks roder.
I 1836 vart inndelinga av skuledistrikta endra. Det vart framleis tre distrikt, men grensene er endra. Det vart no fire roder i kvart distrikt, mot tidlegare seks.
Skular
Namn | Åpna | Nedlagt | Klassar | Kommentar |
---|---|---|---|---|
Bratta skule | 1931 | 1-7 klasse | ||
Beinskroken skule | 1895 | |||
Drivenes skule | 1913 | |||
Drøna skule | 1923 | |||
Eido skule | 1895 | |||
Eidsbøen ungdomsskule Austevoll ungdomsskule |
1971 | Ungdomsskule Vidaregåande |
1975-85 heldt klassen for jern og metall grunnkurs til her 1975-84 Klasse i husstell | |
Fiskarfagskulen i Austevoll | 1978 | Vidaregåande | ||
Gauksheim skulehus | 1901 | 1959 | Elevane overført til Drivenes krins | |
Haukanes skule | 1925 | |||
Hevrøy skule | 1903 1909 |
1974 | Skulen nedlagt då øya vart fråflytta | |
Horgo skule | ||||
Kolbeinsvik skule | 1964 | |||
Litlekalsøy skule | 1910 | |||
Lundøy skule | 1936 | 1950-åra | ||
Møkster skule | 1896 1955 |
|||
Sandtorv skule | 1913 | |||
Selbjørn gamle skule | 1887-88 | Veivåg | ||
Selbjørn skule | ||||
Skaar skule | ||||
Stolmen skule | 1937 | August 2001 | Barneskule (1-6) klasse | Elevane overført til Selbjørn skule |
Stolmen skulehus | 1865 | Omgangsskulen | 1860-åra heldt skulen til i ei privat stove på Våge, "PillOlaStovo". Det første skulehuset på Stolmen vart truleg bygd rundt 1865 | |
Storebø barneskule | ||||
Storebø skule | ||||
Storebø gamle skule | 1887 | |||
Storekalsøy skule | 1881 | Brann ned i 1974. | ||
Trolandshammer skule | 1868 | |||
Vinnes skule | 1876 |
Referansar
Kjelder og litteratur
- Eide, Arne: Austevoll kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1891-1991. Utgjevar Austevoll sokneråd 1991.
- Fiskarfagskulen i Austevoll
- Kommunefakta Hordaland frå Statistisk sentralbyrå
- Servicetorget i Austevoll
- Våge, Nils Steinar: «Frå sild til supply. Næringsutvikling i Austevoll kommune frå omkring 1950 til 2010». I Lokalhistorisk magasin nr. 1, 2012.