Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneOle Sivertsen Hyrve (fødd i Skjåk 16. mai 1814, død same stad 26. desember 1884) var gardbrukar og politikar i Skjåk og ei kortare periode i Grytten i Romsdalen. Han var ein svært sentral person i Skjåks historie på 1800-talet. Han var leiande innan den liberale fløya i bygda i 1870- og -80-åra, og rakk så vidt å bli leiar i det første venstrelaget i Skjåk det siste året han levde.Ole Sivertsen var fødd og oppvaksen på garden Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Anne Olsdotter og Syver Sylfestsen. Båe foreldra var kjende haugianarar i bygda. Han hadde fem sysken. Eldst var broren Sylvester Sivertson.
I motsetnad til broren Sylvester fekk Ole lite og ingenting av skolegang ut over allmugeskolen. Som nittenåring i 1833 var han nokre månader hjå broren i Christiania for å få litt undervisning. Undervisning vart det mindre av, men dess meir politiske og ideologiske impulsar frå det miljøet av bondetingemenn og liberal intelligentsia som Sylvester Sivertson stod midt oppe i. Les mer … Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren. Les mer …Hålogalands gate 20 i Harstad. Sjefen for Vegkontoret, Nicolai Saxegaard, bygde dette huset i 1902 og hadde kontor for etaten her i 20 år. Huset ble ervervet av kommunen og revet i 1964. Det gikk da under betegnelsen Brochmann-gården etter lege S. W. Brochmann, som eide huset fra 1930 til 1940. Foto: ukjent fotograf |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 429 artikler og 210 426 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
|