| Om Heimar og folk i Bykle
|
Heimar og folk i Bykle, band I.
Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.
Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden,
Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.
Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes. Les meir ...
|
|
|
| Smakebitar frå artiklar
|
Utsyn over Kyrkjebygdi i slåtten ein gong mot slutten av 1960-talet. Dei tre næraste bruka på biletet er Mosdøl-gardane. Biletet vart utgjeve som postkort av Bykle Samyrkelag. Foto: Gunnar B. Holen.
Mosdøl er den vestlegaste garden i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Gardsvaldet strekkjer seg frå bytet mot Hoslemo på høgste punktet i Gråsteinnutane i nord og til Bykil i sør. Mot vest grensar garden mot Holen på austsida mot Byklum. Eit noko lauseleg overslag over arealet vil setje det til å vera på kring 18 000 mål. Av dette ligg kring 5500 mål i sameige mellom bnr 1, 2 og 3, medan resten fordeler seg med ca 3500 mål på bnr 1, 4000 mål på bnr 2 og 5000 mål på bnr 3.
Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen ( Norske Gaardnavne VIII, 213) at «sidste Led er Dialektens Døl, f., liden Dal. 1ste Led er vistnok Mosi, m, mosebevoxet myr.». Denne tolkinga er ikkje urimeleg, men me skal taka med at ordet 'døl' etter Ivar Aasen ( Norsk Ordbog 123) også har tydinga «Engstykke tæt ved Husene; meget græsrig Eng». Om ein torer leggje den sistnemnde tydinga til grunn, vil ho peike i retning av at Mosdøl opphavleg har vorte dela ifrå ein eldre gard, og det vil me vil halde for truleg også av andre grunnar. For Byklum er utan tvil eldste garden i Kyrkjebygdi, medan Mosdøl og Gjerden båe er sekundære i høve til denne. Men så må ein då leggje til at delinga må ha funne stad svært langt att i tida, iallfall fyre Svartedauden og kanskje endå langt tidlegare. Les mer …
Austistog 31.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Austistog er i dag den vestlegaste av Byklumgardane i Bykle kommune, men denne plasseringa er ei fylgje av utskiftinga i 1906-07. Fyre denne tid hadde det lege lengst aust i fellestunet i Tuptine.
Etter det me kom til i bolken om den udela garden var det den yngste av dei tre sønene åt Åsmund Kjetilsson som var den fyrste oppsitjaren på dette bruket. Me set opp fødselsåret hans etter ei oppgåve i manntalet frå 1666.
- Knut Åsmundsson Byklum, f ca 1601, d ca 1678
- g (2.?) m Margit (?), n m.a. 1683, 1703. Born iallfall:
- Tarjei, f ca 1632-38, g m Margit Øyulvsdtr. Sagneskar, sjå Utistog, bnr 2
- (?) Gunnar, (ug?), n 1645, 1670, seinare lagnad ukj., sjå Vatnedalen, gnr 6
- Torbjørn, n 1664, d ca 1711, g 1. m ukj., d ca 1660, g 2. m Margit Knutsdtr.(Vatnedalen ?), sjå Vatnedalen, gnr 6
- Knut, f ca 1648, g m ukj, sjå nedanfor, jfr. Uppigard Hoslemo
- dotter NN, g m Bjørgulv Knutsson (Rike ?)
- dotter NN, g m Bjørgulv Sveinsson
- dotter NN, g m em Bjørgulv Taraldsson (Viki ?)
Me veit ikkje visst kven kona var, men i koppskattelista frå 1645 står oppført «Knut og hans hustru», og sidan finn me to eller tre ektefødde søner og tre døtrer, og difor veit me sikkert at Knut var gift. Vidare veit me at han var død i 1678, men 5 år seinare dukkar det opp ei enke Margit jamsides Knut Knutsson på bruket. Me gjet på at dette har vore enka etter Knut Åsmundsson, men om dette er rett, har han truleg vore tvigift, ettersom Margit helst var ein god del yngre, ho livde framleis i 1703. Les mer …
Skolås 1970. Foto: Folke Nesland
Skolås vart rudd og bygd som husmannsplass i 1812-13, og vart eit sjølveigande småbruk frå 1846. Det ligg på strandbakken ved Bossvatn i Bykle kommune, omlag 1,5 km austanfor Bratteland. Under husa var tolleg slakt hallande jorde ned mot vatnet.
Han som rudde seg ein heim her heitte Olav Høljesson og kom frå Midtre Lien i Svartdal, Seljord. Foreldra hans var Hølje Høljesson Lien og kona, Margit Høljesdotter, fødd Svartdal. Av Seljords bygdebok går det fram at foreldra, ved det leitet då Olav kom til verda, heldt til på Siljudale i Flatdal. Men både fyre og sidan budde dei det meste av tida på Midtre Lien i Svartdal, og dei er førde under det bruket i Seljord-soga (Flatin, T.: Seljord III, 1954, s. 15). Etter det me kan skjøne budde også Olav og kona hans der dei fyrste 10 åra av ekteskapet sitt. Her nyttar me difor Lien som etternamn på Olav.
Her er to løvefigurar av Olav Høljesson som framleis finst i privateige i Bykle. Dei er omlag 25 cm lange., og omtrent like høge. Utforminga kan minne om nokre av figurskildringane i rosemålinga, som vel atter var inspirerte av dei såkalla «kineserier», dvs. kinesiske figurar som det kom ei mengd av til Europa i 1700-åra. Foto: Aanund Olsnes (2006)
- Olav Høljesson Lien, f 1764, til Amerika 1846, d 1847
- g 1790 m Anne Olavsdtr. Svartdal, f 1766, d 1835. Born:
- Hølje, f 1792, konf. Øyfjell 1808, seinare lagnad ukj.
- Kjersti, f 1794, g 1821 m Ånund Mikkelsson Bratteland, til Amerika 1846, sjå nedanfor, jfr Bratteland
- Olav, f 1797, g 1826 m Margit Salmundsdtr. Ryningen, sjå Løyning under Ryningen
- Margit, f 1800, g 1823 m Tarjei Tarjeisson Bjones, sjå Bjones
- Arne, f 1802, seinare lagnad ukj., sjå nedanfor
- Neri, f 1803, d 1869, g m Eli Salmundsdotter, Nedstrand, busett Hjelmeland, sjå nedanfor
- Hallvard, f 1807, g 1836 m Ingebjørg Olavsdtr. Dysje, til Amerika 1846, sjå nedanfor
- Anne, f 1813 g 1840 m Olav Olsson Ljosådalen, til Stavanger 1850, sidan Amerika, sjå nedanfor Les mer …
I Nordstog Bratteland ein gong i åra 1903-1910. Bak: Ingebjørg H. Bratteland g. Lien og Gunnar Dag Abrahamson. Framme: Olav K. Mosdøl, Borghild A. Bratteland, Ragna Abrahamson, Helleik A. Bratteland. Foto: August Abrahamson, frå samlinga til Setesdalsmuseet.
Nordstog er ein av Brattelandgardane i Bykle kommune. På bakgrunn av det som er fortalt i bolken om den udela garden vart Bjørgulv Tarjeisson Bratteland oppskriven som «gaardmand» då han gifte seg i 1859, medan Odd, broren måtte nøyast med å verta kalla «gaardbruger», for han bruka annan manns jord. Av folketeljinga frå 1865 ser me at Odd då framleis budde i Nordstog, men då hadde han vorte «gaardbruger og selveier», står det. Han må då einkorleis ha greidd å skaffe midlar til å løyse ut bruket. Olav G. Dysje døydde i 1863, og me reknar med at det var ervingane hans som selde attende til Odd.
Bjørgulv Tarjeisson og familien hans reiste til Amerika i 1866. Odd vart buande i Nordstog endå nokre år.
- Odd Tarjeisson Bratteland, f 1835, til Amerika med kone og dotter 1880
- g 1859 m Gro Bjugsdtr. Åkre, f 1829. Born:
- Tarjei, f 1864, d 1864
- Tarjei, f 1865, d 1871
- Gunhild, f 1870, n 1880
- Tarjei, f 1873, d 1874 Les mer …
Steinsland ligg sør for Nylund i Berdalen i Bykle kommune, og har sams opphav med dette. Det var ein dryg halvpart av det terrenget (bnr 13) som Bykle kommune eksproprierte frå A/S Sætersdalen i 1938. Som me har fortalt i bolken om Nylund, dela kommunen bnr 13 i to, og selde den fyrste parten til Olav Eivindsson Sanden i 1942.
Samstundes selde kommunen eigedomen her til Sjur O. Vatnedalen i Systog Dalen, gnr 6, bnr 18. Prisen var 3.000 kr. Sjur ville ha Steinsland til tilleggsjord. Men kaupet hans vart gjort om inkje under tilvising til «Skrivelse fra landbrugsdepartementet pr 23.8.1946», som slo fast at sal av kommunal eigedom i krigstida ikkje skulle gjelde, ettersom det var NS-ordføraren som hadde stått for salet. Nå var Sjur jøssing og motstandsmann god som nokon (jfr. bolken om Jeiskeli), men endå gjorde det nye kommunestyret vedtak om annullering av kaupet hans, grunngjevinga var at han hadde eit anna bruk frå fyrr. Eigedomen her gjekk difor attende til Bykle kommune, som hausten 1947 selde han på nytt. Prisen var den same som ved det tidlegare salet, og kauparen denne venda var Olav S. Løyning.
Han var frå Løyning og son åt Sigbjørn Knutsson Vatnedalen på det bruket og kona, Martha Sjursdotter, fødd Vatnedalen. Les mer …
Breive Der uppe ca 1900. Framme: Olav Alvsson Breive (1837-1903), kona Åshild Hallvardsdotter, f Breive (1855-1937), og dottera Torbjørg (1890-1953), g m Kjetil S. Hovden. Attanfor: Åsne (1881-1957); Margit (1874-1953) og Halvor (1884-1963). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Der uppe var bruksnummer 9 under Breive i Bykle kommune. I bolken om Utistoga, bnr 6, har me fortalt at det bruket vart dela i 1873, då Olav Alvsson frå Der inne kaupte litt over halvparten av det Mons Knutsson hadde sete med. I 1875 fekk det nye bruket lnr 2 e i matrikkelen, og sidan bnr 9. Landskylda vart sett til 27 skilling.
I den gamle gards- og ættesoga ( 211) les me at det var Mons Knutsson som budde i Der Uppe, og at han «fekk bruket hjå faren Knut Monsson», men det stemmer ikkje. Det er også gale, slik det står i den same boka ( 202) at Olav Alvsson budde i Utistoga, men den feilen er meir forståeleg, ettersom han etter 1893 åtte også det bruket. Men heimen hans var i alle høve her frå 1882, og inntil då budde han i Nordgarden.
Han sette seg opp hus i øvre kanten av det gamle fellestunet, og me reknar med at det var difor bruket vart kalla Der uppe. Les mer …
|
|
|
| Sjå også:
|
|
|
|
|
| Eksterne ressursar
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|