Alf Engen. Foto: Eiker Erkiv.
Alf Engen (født 15. mai 1909 i Mjøndalen , død 1997 i USA) var skiidrettsmann. Han var aktiv både innenfor hopp, langrenn, utfor, og slalåm med internasjonale meritter innenfor alle grener. Han var amerikansk mester hele 16 ganger i ulike idretter og satte verdensrekord i hopp. Han var trener for den amerikanske skitroppen til OL i 1948. Les mer …
Portrett av Theodor Sørensen Støp, henta frå artikkelen «Gullgraverekspedisjonen som skulle til «Californien», og som stranda i Rio de Janeiro, Brasil» av Sveinung Havik, utgitt i Årsskrift 1985 for Levanger historielag. Theodor Sørensen Støp (født 18. mai 1828 i Skogn, død 26. juni 1911 i Verdal) var husmannsson, gardbrukar, utvandrar og gullgravar. Han var mellom dei 106 nordmennene som vart med ein ekspedisjon av Trondhjem i 1850 for å grava gull i California, og som i staden endte i Rio de Janeiro. Støp er ein av desse ekspedisjonsdeltakarane vi veit mest om: Han kom seg etter kvart til California via Chile, og herifrå skreiv han minst to brev heim åt foreldra sine, som vart trykt i Nordre Trondhjems Amtstidende i 1852. Etter at han kom heim, vart han gardbrukar i nabobygda Verdal, men han skal òg ha rukki ein liten gullgravarekspedisjon til Australia. Les mer …
Belle Gunness med dei tre borna hennar, to med Mads Sorenson og yngstemann med Peter Gunness. Biletet vert gjerne datert kring 1908, men yngstemann vart fødd i 1903, og var kanskje noko yngre enn fem år her. Foto: Ukjend. Belle Gunness, opphavleg Brynhild Paulsdotter Størset (fødd 11. november 1859 i Selbu, offisielt død 28. april 1908 i LaPorte i Indiana) var ei husmannsdotter frå Trøndelag som vart kjend som den første kvinnelege seriemordaren i USA. Det er skrive fleire bøker og laga dokumentarfilmar om ho.
Den 1. april 1902 gifta ho seg med norsk-amerikanaren Peter Gunnes, opphavleg Peder Simensson Gunnes frå Sandsvær. Då sonen deira vart fødd våren 1903 hadde han allereie vore død i nokre månader; forklaringa til Belle var at han i desember 1902 fekk ei kjøttkvern i hovudet og døydde av brot på skallen.
Etter at Peter Gunnes døydde levde ho eit nokså anonymt liv på farmen. Den 28. april 1908 brann så huset ned. På branntomta fann dei fire lik, etter ei kvinne og tre born. Dei trudde naturleg nok at det var Belle og borna hennar, sjølv om det var noko merkeleg at kvinneliket mangla hovudet.
Kort tid før brannen hadde Asle Helgelien kome til LaPorte, på leit etter broren Anders Helgelien. Anders hadde vore i kontakt med ei enke i LaPorte med tanke på ekteskap, og Asle fann fram til Belle Gunnes. Han vart avvist, men etter brannen byrja han leite på tomta. Der fann han raskt det nedgravde liket av broren. Politi og liksynsmann kom til staden, og byrja leite vidare. Ifølgje rapporten fann dei ti mannslik og to kvinnelik der, og truleg restar etter fleire. Under likskuet vart det kjend at Belle hadde hatt kontaktannonser i skandinaviske aviser i USA, der ho skreiv at ho var ei enke med ein formue på 8000 dollar, som ville ha ein mann som hadde like mykje. Naboane kunne fortelje at det hadde vore ei rekkje framande menn innom, og at ho hadde sagt at dei var slektningar som var innom. Les mer …
Ein typisk Olaviuskniv Foto: Narve F. Birkeland
Olavius Nilsen født 19. januar 1860, død 5. september 1927, kom til Volda frå Hatlelid, Førde i Sunnfjord, og markerte seg som ein knivmakar utanom det vanlege. Han kom ved århundreskiftet 1800/1900, der han sette opp eit hus ved elva, eit stykke frå annan busetnad. Som betaling for tomta gjorde han ein del arbeid på garden som eigde området. Elles livnærde han seg med ein del jakt og fiske. Men mest med å vere knivmakar. Les mer …
Even Olsen Gullord. Foto: Westby History
Even Olsen Gullord (født 15. januar 1824, død 1908) var en norsk-amerikaner som i 1846 emigrerte fra Biri. Gullord tok initiativ til å få biringene til å skape seg en bedre framtid i USA, og han var med i den første gruppa fra bygda som reiste. Han grunnla i 1848 bosettinga Coon Prairie i Wisconsin og var en lederskikkelse der til i 1875, da han flyttet nordover til Black River Falls. På 1880-tallet bygde Even Olsen Gullord og familiemedlemmer opp en ny farm i Slayton, Murray County i Minnesota. Sammen med tre sønner kjøpte de en gård på 320 acres i Slayton, Murray County i Minnesota. Etter hvert kom hele hans familie etter til Slayton. Også her gjorde han seg bemerket som en lederskikkelse på mange områder. Han klarte igjen å skaffe seg og sine et godt liv. Gullord donerte et område av eiendommen til parkområde, som i dag bærer hans navn. Les mer …
Brev frå Lesja til Amerika er avskrift av ei samling brev sendt til Lars Jøraandstad (1873–1941) i Nord-Amerika fra hans mor Anne (1846–1907), far Jakob (1824–1907), søsken Hans (1874–1965), Marit (1877–1951) og Johannes (1879–1918) og svoger Jonas Thøring (g.m. Marit, 1876–1950) på Lesja. Se Bygdebok for Lesja bd. 2 s. 214.
Lars Jøraandstad var tredje barn av Jacob og Anne Jøraandstad og den eldste av de seks som vokste opp. Han var født i 1873 og emigrerte som den første i søskenflokken til USA i 1897, bare 24 år gammel. I de etterfølgende år mottok han en rekke brev fra foreldre, søsken og en svoger i Norge. Noen av disse (kanskje de fleste, men neppe alle) tok han vare på, og det har også etterkommende generasjoner i to ledd gjort. Les mer …
|