Forside:Utvandring

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Utvandring
I 1825 reiste den første organiserte gruppen med emigranter til Amerika. 52 personer seilte fra Stavanger i båten Restauration 4. juli med retning New York. Dette var starten på den største folkevandringen i norsk historie, hvor ca. en million har utvandret til Nord- og Sør-Amerika, Afrika og Oseania.   Les mer ...
 
Smakebiter
Sverre Engen. Eiker Arkiv
Sverre Engen (født 28. januar 1911 i Mjøndalen, død 4. april 2001 i Utah, USA) var en norsk-amerikansk skihopper og skiinstruktør. Sammen med sine to brødre, Alf og Kåre (Corey), bidro han sterkt til utbredelsen av skisport i USA.   Les mer …

Portrett av Theodor Sørensen Støp, henta frå artikkelen «Gullgraverekspedisjonen som skulle til «Californien», og som stranda i Rio de Janeiro, Brasil» av Sveinung Havik, utgitt i Årsskrift 1985 for Levanger historielag.
Theodor Sørensen Støp (født 18. mai 1828 i Skogn, død 26. juni 1911 i Verdal) var husmannsson, gardbrukar, utvandrar og gullgravar. Han var mellom dei 106 nordmennene som vart med ein ekspedisjon av Trondhjem i 1850 for å grava gull i California, og som i staden endte i Rio de Janeiro. Støp er ein av desse ekspedisjonsdeltakarane vi veit mest om: Han kom seg etter kvart til California via Chile, og herifrå skreiv han minst to brev heim åt foreldra sine, som vart trykt i Nordre Trondhjems Amtstidende i 1852. Etter at han kom heim, vart han gardbrukar i nabobygda Verdal, men han skal òg ha rukki ein liten gullgravarekspedisjon til Australia.   Les mer …

Kåre Engen. Eiker Erkiv

Kåre Engen (født 30. mars 1916 i Mjøndalen, død 9. mai 2006) var den yngste av de tre Engenbrødrene fra Nedre Eiker. I USA skiftet han navn til Corey.

I løpet av sin skikarriere vant Kåre mer enn 500 medaljer og trofeer i samtlige skidisipliner: Hopp, langrenn, utfor, slalåm og storslalåm. Han var kaptein for det amerikanske hopplaget i OL i 1948. Her fikk han 3. plass i hopp i kombinert og ble nummer 26 sammenlagt.

Kåre var leder av skiskolene i Snowbasin, Utah, og Brundage Mountain i McCall, Idaho. I mange år var han også trener for de yngre skiløperne, inkludert flere «berømtheter». Skilagene hans vant 11 nasjonale mesterskap.   Les mer …

Belle Gunness med dei tre borna hennar, to med Mads Sorenson og yngstemann med Peter Gunness. Biletet vert gjerne datert kring 1908, men yngstemann vart fødd i 1903, og var kanskje noko yngre enn fem år her.
Foto: Ukjend.
Belle Gunness, opphavleg Brynhild Paulsdotter Størset (fødd 11. november 1859 i Selbu, offisielt død 28. april 1908 i LaPorte i Indiana) var ei husmannsdotter frå Trøndelag som vart kjend som den første kvinnelege seriemordaren i USA. Det er skrive fleire bøker og laga dokumentarfilmar om ho.

Den 1. april 1902 gifta ho seg med norsk-amerikanaren Peter Gunnes, opphavleg Peder Simensson Gunnes frå Sandsvær. Då sonen deira vart fødd våren 1903 hadde han allereie vore død i nokre månader; forklaringa til Belle var at han i desember 1902 fekk ei kjøttkvern i hovudet og døydde av brot på skallen.

Etter at Peter Gunnes døydde levde ho eit nokså anonymt liv på farmen. Den 28. april 1908 brann så huset ned. På branntomta fann dei fire lik, etter ei kvinne og tre born. Dei trudde naturleg nok at det var Belle og borna hennar, sjølv om det var noko merkeleg at kvinneliket mangla hovudet.

Kort tid før brannen hadde Asle Helgelien kome til LaPorte, på leit etter broren Anders Helgelien. Anders hadde vore i kontakt med ei enke i LaPorte med tanke på ekteskap, og Asle fann fram til Belle Gunnes. Han vart avvist, men etter brannen byrja han leite på tomta. Der fann han raskt det nedgravde liket av broren. Politi og liksynsmann kom til staden, og byrja leite vidare. Ifølgje rapporten fann dei ti mannslik og to kvinnelik der, og truleg restar etter fleire. Under likskuet vart det kjend at Belle hadde hatt kontaktannonser i skandinaviske aviser i USA, der ho skreiv at ho var ei enke med ein formue på 8000 dollar, som ville ha ein mann som hadde like mykje. Naboane kunne fortelje at det hadde vore ei rekkje framande menn innom, og at ho hadde sagt at dei var slektningar som var innom.   Les mer …

Ein typisk Olaviuskniv
Foto: Narve F. Birkeland
Olavius Nilsen født 19. januar 1860, død 5. september 1927, kom til Volda frå Hatlelid, Førde i Sunnfjord, og markerte seg som ein knivmakar utanom det vanlege. Han kom ved århundreskiftet 1800/1900, der han sette opp eit hus ved elva, eit stykke frå annan busetnad. Som betaling for tomta gjorde han ein del arbeid på garden som eigde området. Elles livnærde han seg med ein del jakt og fiske. Men mest med å vere knivmakar.   Les mer …

Ola J. Rise 1952
Foto: Cornelius Jacobsen.
Ola J. Rise (fødd i Oppdal 15. januar 1877, død same stad 26. august 1954) var redaktør, lokalhistorikar, bokhandlar, spelemann, skodespelar, ungdomslagsmann, målmann, politikar, fredsaktivist, fråhaldsmann, kooperatør, komponist, og utvandrar, men elles det ein med gode grunnar kan kalle ein samfunnsengasjert mann; i Amerika så vel som i Oppdal – i poesien så vel som i prosa. Han «sto som ein stolpe i alt kulturliv i Oppdal», da Olav Dalgard vaks opp. Ola var fødd på gardsbruket Nødder Søsto av Rise i Drivdalen. Foreldra var gardbrukarparet John (Jo) Evensen Mjøen (1837-1924) og Ragnhild Olsdotter Ekrann (1839-1910). Barndomsheimen låg nær Rise skyss-skifte, og det var venteleg her grunnlaget vart lagt for det vidsyn og menneskesyn som leidde til dei gode samkvem med andre han seinare skulle bli så kjend for. Faren Jo, som var frå Ner Oppesto Mjøa, var kjent som ein flink spelemann på fele. Han skal elles ha vore ein altmoglegmann, som aldri sto opprådd for noko i det han hadde føre seg. Mor Ragnhild var frå garden Ekrann, med slekt frå Vågå. Ho var som ei open bok for Ola-guten. Ho fortalde frå gamal tid, som igjen ga Ola kjelder å ausa frå når han vart vaksen.   Les mer …
 
Kategorier for Utvandring


 
Andre artikler
 
Nyeste artikler