Forside:Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Om Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke. Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.

Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla.   Les mer ...

 
Smakebitar
Bauta reist til minne over Knut Gjengedal.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)
Knut Andreas Gjengedal (født 17. oktober 1900, død 14. februar 1973) var ein lærar og forfattar frå Hyen i Gloppen kommune. Han budde i heimbygda si, Gjengedal, storparten av livet sitt. Han gifta seg i 1935 med nabojenta Eli M. Gjengedal.   Les mer …

Peder Aarebru
Foto: Norske skolefolk (1952)
Peder (Severin) Aarebru (fødd 28. mars 1905 i Seimsdalen i Årdal, død 10. august 1986) var lærar. Etternamnet er òg skreve Årebru. Han var son av bonde Anders Øren og Jensine Aarebru. Peder Severin Aarebru tok eksamen ved Volda lærarskule i 1926, og tok spesialutdanning i sløyd sumaren 1930.   Les mer …

Harald J. Aarseth
Foto: Norske skolefolk (1952)
Harald J. Aarseth (fødd 28. juni 1898 i Vevring i Sunnfjord, død 23. juni 1974) var lærar.

Han var son av Jakob M. Aarseth og Olina Johnstad. Som toåring vart han i folketeljinga 1900 ført på Solberg i Vevring. I 1910 finn vi så familien i Strandgaten 154 i Bergen, der faren var kolformann sjå Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskab.

Etter lærareksamen var han vikar i krinsane Skorven og Rørvik (1927-28). Frå 1929 var Aarseth tilsett ved skulane Grytten og Steindal i heimbygda Vevring, i noverande Sunnfjord kommune.   Les mer …

Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.   Les mer …

Olav Sande kring 1880
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

Elias Melvær

Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden Melvær på Bulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane. Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900.   Les mer …
 
Kategoriar for Skulehistorie i Sogn og Fjordane
ingen underkategorier


 
Andre artiklar