Herman Munthe-Kaas

Herman Munthe-Kaas (født 25. mai 1890 i Kristiania, død 3. mai 1977 i Oslo) var ein arkitekt som virka i Oslo frå 1921 til ca. 1972.

Herman Munthe-Kaas.
Foto: Faksimile fra Haugesunds Avis 27. august 1949 (omtale av åpningen av ny rådhusplass i Haugesund, tegnet av Blakstad og Munthe-Kaas).
Herman Munthe-Kaas er gravlagt i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole, Statens Håndverks- og kunstindustriskole og Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm i åra 1910-1919, og arbeidde som arkitekt i Oslo frå 1921, frå 1922 i samarbeid med Gudolf Blakstad. Dette firmaet sto bak ei rekkje hovudverk i norsk nyklassisisme og funksjonalisme i mellomkrigsåra.

Saman med Blakstad har han tegna ei rekkje bygningar i Bodø: Mest kjend er Bodø domkirke frå 1956, etter 1. premie i arkitekttevling frå 1947. Domkirka vart freda i 2002. Den første bygninga firmaet tegna i Bodø var Jakhellngården, ein forretningsgård Sjøgata 15/17 frå 1947, med påbygg i 1957. Bygget vart prosjektert allereie i 1943 for Chr. A. Jakhelln. Andre bygg i Bodø: Merkurgården, ein forretningsgård i Storgata 1 i 1948, og Storgata 3, Grand Hotell,1939 og 1948, og Post- og telegrafbygningen i Havnegata 9 frå 1950, med tilbygg av samme firma 1979. Sandgata 5b, ca 1950. Handelens Hus frå 1958. Tollbugata 9,ca 1960. Bodø rådhus i Kongens gate 23 er frå 1962, med bibliotekfløya tilføyd 1967. I 1962 tegna dei Solparken ved Rådhuset med Musikktribunen frå 1963.

Blakstad og Munthe-Kaas har også tegna Kjølnes fyr i 1949, Slettnes fyr, Gamvik kirke i Hammerfest prosti i 1958, Kautokeino yrkesskole i 1957, Postbygget og telegrafbygget og administrasjonsbygningen til A/S Sydvaranger i Kirkenes, Post- og telegrafbygget i Dronningensgate 54 industribygning for LKAB i Havnegata i Narvik og Nenset kapell, Skien (oppført 1961).

Blant kontoret sine arbeid utanom Gjenreisingsbyane kan særleg nemnast: Kunstnernes Hus 1930, Odd Fellowbygninga 1934, Drammen bybro 1936, Oslo Handelsgymnasium 1940, Saga kino 1934, Klingenberg kino 1938, alle i Oslo. Haugesunds rådhus 1924 -31, Porsgrunnsbrua 1957, Norges Banks avdeling i Gjøvik, Sjømannskirken i Göteborg, 1958 og Elgeseter bru i Trondheim frå 1951. Firmaet har også tegna Alfaset Gravkapell frå 1972.

Galleri

Kilder og lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.