Synnøve Riste (1858–1889)

Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda.

Synnøve Riste i 1880.
Foto: Ukjend

Slekt og familie

Ho var dotter av Rasmus Rasmusson Aarflot (1829–1888) og Ane Severine Andersdotter Aarflot (f. 1833). Dei hadde ein stor barneflokk, der Synnøve var den eldste. Det vart heile tolv born, men berre fire av dei nådde vaksen alder Tre døde som spedborn, tre som småborn og to i ungdomsåra. Dei elleve yngre syskena til Synnøve var:

Den 20. september 1881 vart ho gift i Volda kyrkje med Per Riste (1846–1930). Ho fødte fire born:

Barndom og ungdomsår

 
Øvre Rotset er den framre garden på biletet. Han er òg kjend som Aarflotgarden.
Foto: Arnfinn Kjelland (2004).

Synnøve Aarflot vart fødd på Øvre Rotset i Volda, der faren var gardbrukar. Både han og broren Maurits Andreas Rasmusson Aarflot var stortingsrepresentantar i fleire perioder. Maurits tok over Nedre Ekset etter faren Rasmus Sivertsson Aarflot, medan Rasmus Rasmusson hamna på Rotset - Sivert Aarflot eigde begge desse bruka.

Rett før ho fylde tre år mista ho ein bror, Sivert. I vaksen alder skreiv ho om dette. Guten døydde av hjernehinnebetennelse då han var eitt år gamal, og det gjekk hardt inn på den vesle jenta. Ho ropte etter han, og bad mora om å fyglje ho til himmelen «etter honom Syvert».[1] Mora vart sjuk av alle desse dødsfalla, og reiste ei tid på kvileheim i Modum. Då måtte Synnøve passe dei andre ungane.

Då ho var 19 år gammal reiste ho til Christiania med den seks år yngre systera Gunhild, som skulle på skule for born med lærevanskar. Synnøve var der ei tid for å hjelpe veslesystera å finne seg til rette, og reiste så heim til Volda. I april 1879 døydde Gunhild, og vart gravlagd i Christiania. Nokre månader seinare måtte Synnøve reise til hovudstaden enno ein gong, no med broren Sivert. Han skulle til Anstalten for Aandelig Abnorme Børn på Løkken Vestheim. Han hadde òg lærevanskar. Synnøve fortel i eit brev heim at «Sproget deroppe ... er aldeles dansk», og at dette var vanskeleg for Sivert.[2]

Unge Synnøve drøymde om å verte lækjar, men for ei kvinne på den tida var det ikkje mogleg. Men sjølv om ho ikkje kunne få nokon formell høgare utdanning, las ho mykje heime. Lånebiblioteket som oldefar Sivert Aarflot hadde oppretta i 1797 hadde diverre gått med i ein brann på Ekset i 1844. Med Aarflots prenteverk og bokhandelen som farfaren hadde oppretta på Ekset hadde ho likevel god tilgang på bøker.

I Volda stod haugianismen sterk då Synnøve Aarflot var ung. Berte Kanutte Aarflot, som var salmediktar i den haugianske tradisjonen, var grandtanta hennar, og den haugianske pietismen vart ho tidleg kjend med. Så vart ho, 21 år gamal, elev på ein kveldsskule i Volda som Per Riste dreiv. Han var grundtvigianar, og her kom Synnøve Aarflot i kontakt med ei anna form for kristendom. Det fall i smak, sjølv om «dei vakte», haugianarane, åtvara mot slikt fritenkjeri. Det var heller ikkje berre tankane til den tolv år eldre Per Riste ho likte, ho skreiv på denne tida om samværet med han at «Jeg tror nesten gnisterne vogser til flamme».[3]

Den 4. november 1879 skreiv Per Riste eit brev til Synnøve, der han kom med ei djup kjærleikserklæring, og sporde: «Seg vil du vera mi?».[4] Synnøve svara ja på dette, utan å spørje foreldra først. Per Riste trudde først at ho hadde spurd dei, og då han forstod at det ikkje var tilfelle skreiv han til faren hennar. Den 13. desember 1879 skreiv Rasmus Aarflot til han. Det hadde kommet brått på, men han gjekk med på det. Han skreiv at: «kommen ihu at Ungdom og Visdom sjelden følges ad, maatte jeg tilgive Synnøve at hun ikke havde aabenbaret noget saadant for mig, dog vil jeg ikke sette mig imod hendes eget Valg...».[5]

Per Riste var lærar ved Voldens høiere Almue- og Lærerskole. Han dreiv som nemnt kveldsskule på fritida, og målet der var å fremje norskdomsrørsla. Han hadde reist rundt for å selje litteratur på landsmål. I 1876 var han på lærarkurs hos Christopher BruunVonheim folkehøgskule, og eit par år seinare var han på kurs på Sagatun folkehøgskule. Synnøve ville òg gå på folkehøgskule, gjerne i Danmark. Per Riste tok kontakt med Olav Skinnvik, som var elev på Vallekilde folkehøiskole i Danmark 1879/1880, og han tilrådde at ho først tok eit kurs på Vonheim. Og det gjorde ho: Ho fekk plass på sommarkurset for jenter, og 12. mai 1880 tok ho båten frå Volda. Det var ei lang ferd med båt til Veblungsnes og så hesteskyss opp Romsdalen og ned Gudbrandsdalen. Heile åtte dager tok reisa den gongen. I det ho skreiv i 1879 ser ein at den unge jenta er på veg til å verte ei sterk kvinne, og nå reiser ho altså ut for å gå på skule. I reisedagboka skreiv ho: «Tænk stort! Tro ei min Flicka at Gud dig foreskref, Til låga jorden blika, før det du flicka blef!».[6] Her skulle det ikkje vere senka blikk, ho skulle ut i verda og finne sin eigen plass.

Folkehøgskuletida

 
Vonheim folkehøgskule opna i 1875, og fem år seinare kom Synnøve Riste dit som elev.
Foto: Ukjend

I tida på Vonheim sleit ho med å ta inn over seg alt det nye. Ikkje minst tenkte ho over om ho skulle gifte seg. Å vere gift med Per Riste ville gje ho tilgang til lærdom og bøker, men samstundes var det å vere mor og husmor noko som tar mykje av tida. Christopher Bruun løyste problemet for ho, men ikkje slik han hadde tenkt seg. Han forklara Arne av Bjørnstjerne Bjørnson, og meinte at det var ein feil at boka sluttar med at Arne vart gift. For mannen skal kjempe vidare, mendan kvinna skal leggje til rette for han, og ikkje hindre han på hans veg. Men Synnøve ville kjempe sjølv, ho skreiv til Per at «det er nesten so eg trur eg må vera ein gut, eller rettare sagt ynsker det».[7] Bruun hadde provosert ho til å sette ord på sine eigne kjensler. Ho lengta etter familie og heim, men like mykje lengta ho etter å ta del i kampen. Ho ville vere på Vonheim til hausten, og så reise rett til Danmark. Då ho skreiv til Per og fortalde det, vart han redd for at ho angra på trulovinga. Men han forstod ho òg, i eit brev der han fortel om frykta, seier han og at det smertar han at ho som er skapt til noko stort berre skal verta kona hans. Synnøve svara direkte, og fortalde at ho var dradd mellom den tradisjonelle kvinnerolla og tankane om om frigjere seg. Ho trong meir tid, trong å gå på skule.

Medan ho var i Vonheim traff ho Bjørnstjerne Bjørnson eit par gonger; han budde på Aulestad, som ein kunne sjå frå skulen. Per Riste hadde òg treft han då han var på Vonheim. Møtet gjorde eit sterkt inntrykk på ho, og ho likte ikkje at Bruun hadde brote med Bjørnson. Dei to var ikkje einige om kristendomen; når Bjørnson førde kamp mot kristendomen meinte Bruun at dei som kristne måtte føre kamp mot han. Ein av lærarane på Vonheim var Ingvar Bøhn, som blant anna lærde ho om undertrykkinga av husmennene. Bøhn vart forelska i Synnøve, og denne ulykkelege forelskinga forverre den allereie dårlege helsa hans. Bruun ba ho om å halde seg unna Bøhn, og ho valde då å reise til Christiania. Etter ei kort tid der drog ho opp til Vonheim att, og så heim til Volda. Det vart ikkje noko av skulen i Danmark, heller ikkje et forlenga opphald på Vonheim. Ho hadde òg fått tilbod av nokre vener om å reise til eit møte i Stockholm, men ho gjorde ikkje det heller.

Attende i Volda

 
Synnøve og Per Riste budde på Ristetunet frå 1884, og dreiv skule der.
Foto: Halvor Vreim (1947).

Den neste hausten vart ho gift, den 20. september 1881. To dagar etter flytta paret til Sande, heimbygda til Per, der han hadde fått stilling som lærar og kyrkjesongar. Dei budde på Solbakken i to års tid, og der vart det første bornet, Åslaug fødd. Synnøve reiste ofte til Volda, der mora trong hjelp i heimen. Tida i Sande var ikkje enkel. Både Synnøve og Per hadde mykje å gjere, og ingen av dei følte at dei kom vidare i livet.

I mars 1884 skrev ho til far sin, då ho hadde høyrd at Garvarjorda i Volda skulle seljast på auksjon. Ho vona at faren kunne hjelpe dei, for der kunne dei få nok jord til å leve av, og hus stort nok til å starte ein folkehøgskule. Faren kjøpte garden, som siden vart kjend som Ristegarden, og dei to kunne flytte til ein betre heim sommaren 1884. Den sommaren fekk dei sitt andre barn, Olav.

1884 var òg eit stort år for norskdomsrørsla. Parlamentarismen vart innførd, og Johan Sverdrup frå Venstre vart statsminister. Målfolket sette straks i gong, og allereie tidleg i 1885 kravde 41 stortingsrepresentantar eit prinsippvedtak om jamstilling av landsmål og riksmål. I april 1885 vart det vedteke å gje pengar til landsmålskurs, og 12. mai kom vedtaket om jamstilling. Per Riste sette inn ein annonse i Fedraheimen, der han inviterte til kurs i landsmål i Volda. Fjorten dagers kurs kosta to kroner, med avslag for fattige. Det var ikkje den folkehøgskulen han hadde drøymd om, men det var ein start. Ein av elevane på det første kurset, Jon Aasen, starta kveldsskule då han kom heim til Hovdebygda, og slik spreidde målarbeidet seg utover frå Per Riste sine kurs. I Volda var det ikkkje på langt nær alle som likte verksemda på Ristegarden. Det frilynte miljøet trekte ungdomane vekk frå bedehus og kyrkje, og landsmålet var fritenkjarane sitt språk.

På hausten 1886 var det endeleg skipa folkehøgskule på Ristegarden. Då kom Rasmus Steinsvik til bygda. Han hadde gått på Voldens høiere Almueskole som sekstenåring, men måtte halde fram i Christiania då skulen vart nedlagd. Per Riste søkte om statsstøtte i 1887, og den 14. mai det året kunne Synnøve sin onkel Maurits Aarflot sende telegram frå hovudstaden om at den var innvilga. I byrjinga hadde dei kurs på berre ein månad, der det var undervisning på dagane og foredrag og diskusjonar på kveldane. Her gjekk det i målsak, kvinnesak, kristendom og litteratur. Sosialisten Henry George sin bok Fremskridt og Fattigdom fekk stor innverknad, og dei las til og med anarkisten Krapotkin sine artiklar «Anarkiets vitenskapelige grunnlag» og «Det kommende anarki». Fleire av dei tok til å meine at målsaka berre hadde meining om ein òg dreiv radikal politikk, og at ein måtte kjempe for å oppheve klassemotsetnadene i samfunnet.

Synnøve og Per hadde tre born – Rasmus kom til verda i 1886 – og det var særleg ho som måtte ta seg av dei. Men ho tok del i arbeidet på skulen så mykje ho kunne. Særleg var ho opptatt av at jentene skulle kunne hevde seg med gutane. Ho sette også i gong med eit nytt prosjekt. I september 1887 skreiv ho til farbroren Maurits Aarflot og bad han skipe eit nytt blad, med Steinsvik som redaktør. Maurits Aarflot gjekk med på det, og den 25. oktober 1887 kom første utgåve av landsmålsbladet Vestmannen.Steinsvik gjekk hardt ut. Allereie i den andre utgåva kravde han endringar i røysterettreglane, så alle menn kunne få røysterett. Han meinte at ein skulle vente med kvinneleg røysterett. Jon Aasen skreiv i nr. 4 at han meinte tida var inne òg for røysterett for kvinner, og det vart ein lengre debatt. På nyåret 1888 kom eit skarpt innlegg til støtte for kvinnefrigjering. Det vart prenta anonymt, men stilen, tankane og samanhangen fortel at det var Synnøve Riste som hadde skrive det:

...Eg tenkjer den tidi maa koma no, daa me ikkje ser paa gjenta berre som ei «gjøledokke», som ikkje duger til annat enn aa sulla i svevn ein skrikande unga og koka ein skapeleg graut. Skal kvinna verta det ho skal, lyt ho opplærast ikkje berre til aa skyna mannen sine tankar og interesser – endaa det me vilde vera eit bra framsteg – men ho skal kunne liva sitt eiget tankeliv og hava eit sjølvstendugt, fritt syn paa livets spurssmaal, med eit ord: trælemerket skal sopast vekk fraa panna hennar ogso paa dette umraadet.[8]

Splitting og kamp

 
Maurits Aarflot hjalp niesa Synnøve med trykking av Vestmannen, men kom i konflikt med krinsen kring bladet etter splittinga av Venstre.
Foto: Ludwik Szacinski (1885).

Då Venstre vart splitta i 1888 støtta dei fleste på Ristegarden reine Venstre. Eit unntak var Per Riste, som ikkje valde side med ein gong. Elles i Volda var dei fleste tilhengjarar av Moderate Venstre, mellom dei Maurits Aarflot som fekk ei leiarrolle i denne leiren. Synnøve var ikkje imponert over onkelen, og klaga òg over at han kravde så mykje for trykkinga av Vestmannen. Det er kanskje ikkje så rart, bladet vart raskt mykje meir radikalt enn han hadde trudd, og etter splittinga vart det eit organ for reine Venstre. Maurits Aarflot kom etter kvart under press, mellom anna frå Voldapresten Johannes Barstad, som var syskenborn av Synnøve. Han ville at Aarflot ikkje lenger skulle prente bladet på Ekset. Maurits Aarflot hadde nokre veker tidlegare bede Per Riste om å finne ein annan enn Steinsvik som kompanjong på skulen. Synnøve skreiv til onkelen og bad for Steinsvik og bladet. Det kom eit krast svar, der onkelen meinte at det kom til å ende med ein ny auksjon på garden om dei ikkje slutta i tide. I mars 1889 sa Aarflot opp prenteavtalen. Steinsvik hadde rekna med det, så han hadde skaffa seg ny avtale ved å slå saman bladet med Fjellblomar og nytte P.M. Gjærder si sjølvlaga hurtigpresse.

På nyårsdagen 1888 døydde faren til Synnøve Riste, berre 58 år gamal. Ho tok det tungt, og det vart ikkje lettare av at konflikta mellom dei ulike venstreleirane vart stadig hardare. Per Riste prøvde å få seg ein lærarjobb, mellom anna i Sande, men fekk ikkje noko. Sjølv når han var den klart best kvalifiserte fekk han avslag. Det var hans religiøse standpunkt som var hovudproblemet, han hadde fått eit ry som fritenkjar. I Volda fekk ein på denne tida ei ny vekking, kalla «Sandstormen» etter predikanten Paul Gerhard Sand som tala der fem gonger, første gongen i desember 1887. Synnøve vart fortvila over at jentene i bygda fall for vekkinga, og la frå seg alle ambisjonar dei måtte ha hatt – og all livsglede. Ho vende seg til teologistudent Anders Hovden, og had han om å skrive eit stykke til Vestmannen. Hovden svara med visa «Voldsgjentorne». Eit halvår seinare vart visa brukt mot Per Riste då han ville på valmannslista for Romsdals amt. Vestmannen hadde òg eit problem med at mange av målfolka ikkje ville ha så mykje anna politikk der. Ottar Birting ville ha ufarlege tekster som kunne utvikle og spreie landsmålet, ikkje politikk. Men Steinsvik sto på sitt. Mange sa opp abonnementet, og fleire let vere å fornye det. Synnøve måtte til og skrive til folk for å be om økonomisk støtte.

Sommaren 1888 var Synnøve Riste i Kristiania, der ho mellom anna vitja Stortinget. Maurits Aarflot tok ho med for å møte Ivar Aasen. Rundt midten av juli kom han heim til Volda, og då var valkampen i gong. Steinsvik ville ha Per Riste inn på Stortinget, og nytta Vestmannen som valkamporgan. Men Riste sitt ry som fritenkjar arbeider mot han, og som nemnd hjelpte heller ikkje Anders Hovden sitt angrep på vekkinga i Volda. Motstandarane nemner at han kom frå gode kår og fekk ein gard av svigerfaren, men at han samstundes ikkje får til noko – han fekk jo ikkje noka lærarstilling. Steinsvik gjekk til åtak på Maurits Aarflot og Sverdrup, og på eit politisk folkemøte i Volda den 24. august 1888 gjekk kallskapellan Barstad til motåtak. Steinsvik kjempa hardt mot dei moderate, men på valdagen den 13. september vann Maurits Aarflot lokalvalet med stor margin. Ingen frå reine Venstre fekk fast plass, berre varaplass. Men i amtet vart Maurits Aarflot kasta etter 34 år på tinget. Steinsvik meinte det var romsdølane og nordmøringane som hadde tenkt nytt, medan dei konservative sunnmøringane hadde stemt som før.

I oktober 1888 kom første utgåve av Ugebladet, eit blad for moderate Venstre. Det var skrive på dansk, og vart trykt på Ekset. Redaktøren var Lauritz Barstad, som var bror av presten og syskenborn av Synnøve. Krisa i Vestmannen vart forverra. Steinsvik sto i gjeld, og og var også sjuk. Synnøve skreiv til Bjørnstjerne Bjørnson for å få hjelp. Bjørnson skreiv til andre og oppfordra til å gje bidrag, men det kom lite pengar ut av det. Synnøve var redd for korleis det skulle gå med Steinsvik; det to hadde fått eit godt venskap som også hadde utvikla seg til kjærleik.

I januar 1889 vart eit lag av reine Venstre skipa i Volda, med Per Riste som leiar og Steinsvik som nestleiar. Så kom det kort tid etter eit tilbod til Steinsvik frå Ivar Mortensson-Egnund om å verte medredaktør av Fedraheimen. Vestmannen skulle halda fram, men med same innhald som Fedraheimen. Steinsvik takka ja, og den 8. mars 1889 melde Vestmannen flytting til Tynset. P.M. Gjærder tok med seg hurtigpressa si til Østerdalen. Det var ikkje greit med økonomien, og Steinsvik sa seinare at dei i den tida var fråhaldsfolk både i mat og drykk. Synnøve og Rasmus Steinsvik skreiv brev til kvarandre. Han sende dei gjennom ein ven, som leverte dei til ho; ein del av innhaldet var det nok ikkje bra om mannen las. I Fedraheimen var det fleire anarkistar, og Steinvik trekte òg i den retninga. Han skreiv mellom anna kritisk om maktkonsentrasjonar som slekta Aarflot i Volda.

Folkehøgskulen hadde sitt siste kurs hausten 1888, utan statsstøtte. Reglane hadde blitt stramma inn, då ein meinte at lærarane på målskulene dreiv radikal agitasjon. I januar 1889 starta Per Riste opp målskulen att. Han hadde fått med seg Anders Hovden, og meir overraskande pastor Barstad. Det var nok enklare å få til det etter at Steinsvik hadde reist. I påska 1889 var det prostilærarmøte i Volda, og der fekk Hans Vartdal sett målsaka på sakslista. Per Riste argumenterte for at om det er så at målsaka er ei fritenkjarsak, er det fordi prestar og kristne lærarar ikkje engasjerte seg i saka. Lars Høidal var einig i dette, og gjekk inn for å råde kristne til å jobbe for målsaka. Barstad støtta også målsaka no. Den 25. mai 1889 kom første nummer av bladet Stille Stunder, med Johannes Barstad som redaktør. Det var ikkje berre eit målblad, men òg eit vekkingsblad. Anders Vassbotn klaga over at det ikkje var lett å drive frilynt ungdomslagsarbeid i Volda etter dette.

Oppi alt dette var Synnøve Riste gravid med born nummer fire. Men denne gongen var det Rasmus Steinsvik som var faren. På sommaren fortalde ho Per om forholdet. Dei snakka om skilsmisse, men Per gjekk ikkje med på det. Steinsvik og Synnøve trefte kvarandre ein gong på hausten 1889, og då verka ho frisk og sterk. Han skreiv et dikt til ho, «Elsk», under psevdonymet Gorm og sette det på prent i Vestmannen.

Barnet vart fødd i oktober 1889. Dottera var frisk, men Synnøve fekk barselsfeber. Den 22. oktober 1889 døydde ho, berre 31 år gamal. Rasmine Støylom, som var hushjelp på Ristegarden og ven av Synnøve, har fortald at Synnøve måtte ha Per Riste hos seg heile tida dei siste dagane. Han sa at ho ikkje kunne døy, men ho ville ikkje høyre på det. Ho som hadde vist så mykje styrke i sitt korte liv, hadde ikkje lenger nok styrke til å halde på livet.

Ettermæle

 
Høgskulen i Volda - Synnøve Riste-bygget frå 2010 til venstre og samanhengande med Berte Kanutte-bygget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2011).

Den vesle jenta fekk namnet Synnøve etter mor si då ho vart døypt den 8. desember 1889.[9] Per Riste er ført opp som far, og det er ingen tvil om at det faktisk var han som i røynda vart faren til vesle Synnøve sjølv om han ikkje var biologisk opphav. Per Riste sat att med fire born, og sjølv om han framleis sleit med å få seg lærarjobb tok han seg godt av dei. I 1891 fekk han endeleg jobb i barneskulen i Volda. Han døydde i 1930, 84 år gammal. Det kan nemnast at Synnøve vart lærar ved Volda millomskule og gymnasium i 1915,[10] og at Olav vart redaktør, skulemann og lokalhistorikar.

Rasmus Steinsvik får vi òg nemne. Han heldt fram i Fedreheimen til 1891. Han prøvde seg i Skien med eit anarkistisk blad, men arbeidarane der var ikkje interesserte. Han hoppa frå stad til stad, inntil han skipa Den 17de Mai i 1894. Han vart gift med Marta Tonstad. Steinsvik døydde i 1913, 49 år gammal.

I 1894 vart det første frilynte ungdomsstemnet på Sunnmøre halde iVolda, og det var då avduka ein bauta til minne om Synnøve Riste i hagen til Ristegarden. I 2010 kom eit større «monument» over ho, for då opna Synnøve Riste-husetHøgskulen i Volda, der store delar av Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er samla. Det er eit tilbygg til Berte Kanutte-huset, oppkalla etter grandtanta Berte Kanutte Aarflot.

Referansar

  1. Sitert i Synnøve Riste 1995: 10.
  2. Sitert i Synnøve Riste 1995: 11.
  3. Sitert i Synnøve Riste 1995: 12.
  4. Sitert i Synnøve Riste 1995: 12.
  5. Sitert i Synnøve Riste 1995: 13.
  6. Sitert i Synnøve Riste 1995: 14.
  7. Sitert i Synnøve Riste 1995: 15.
  8. Sitert i Synnøve Riste 1995: 10.
  9. Synnøve i Ministerialbok for Volda prestegjeld, Volda sokn 1878-1890 fra Digitalarkivet
  10. Plan for Volda millomskule og gymnasium 1924-25. Volda. 1925. Digital versjonNettbiblioteket

Litteratur og kjelder


  Synnøve Riste (1858–1889) er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.