Aure kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 40: Linje 40:


== Kystkultur ==
== Kystkultur ==
 
{{thumb|29701g fyring etter Gressetgeita.jpg|Nybygd aurgjeldsfyring.|Olve Utne|2015}}
Aure kommune ligg i skjeringspunktet mellom tre tradisjonsbåtområde:
Aure kommune ligg i skjeringspunktet mellom tre tradisjonsbåtområde:



Sideversjonen fra 19. apr. 2016 kl. 11:34

Aure
Imarsundbrua.
Basisdata
Kommunenummer 1576
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Aure
Areal 641.37  km²
Areal land 622.24  km²
Areal vann 19.13  km²
Folketall 3 593 (2018)
Grunnlagt 1837
Sammenslåing(er) 1965: Deler av Valsøyfjord og Tustna innlemma
2006: resten av Tustna innlemma.
Fradeling(er) 1894: Valsøyfjord eigen kommune.
1975: Engdal og Rodal overført til Halsa.
Målform Nøytral
Nettside Nettside
23811 Imarsundbrua.jpg
Imarsundbrua.

Aure er ein av dei elleve kommunane på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til Smøla over Edøyfjorden i nord, til Hitra over Trondheimsleia i nordaust, til Hemne over land i aust, til Halsa og Tingvoll over Vinjefjorden i sør, og til Kristiansund over Talgsjøen i vest. Saman med Smøla og Halsa utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningsområdet mellom Nordmøre, Fosen og Orkdalen. Bunadsskikken varierer mellom nordmørsbunad (særleg på Tustna) og aure/hemne-bunaden. Lokalavisene er Nordvestnytt (Smøla/Aure) og Søvesten (Aure/Hemne). Dei mest lesne regionalavisene er Tidens Krav (Kristiansund) og Adresseavisen (Trondheim). Kystlaget Geitbåtens Venner (og tidlegare Imarsundet kystlag òg) held til i kommunen.

Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart ihopslegen med Aure i 1965; og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure, og innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, vart lagt til Aure. Engdal og Rodal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart ihopslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.

I kommunereformen 2014–2020 har Aure kommune skrive under to intensjonsavtalar:

Det blir arrangert rådgjevande folkeavstemning om desse to alternativa og nullalternativet den 25. april 2016.

Geografi

På Lesundøya ligg Ungdomshuset Strandtun, og øya hadde eigen skulekrins til 2009.

Språk

Den tradisjonelle dialekten i heile kommunen er typisk nordmøring med tjukk l, inkludert i -ord i store deler av kommunen (minst på innersida av Tustna); jamvekt med kløyvd infinitiv; og ulik ending i eintal bestemt form nominativ/akkusativ av svake hokjønnsord (/-a i ord som bókjä, äłvä; /-o i ord som bøttå/bøtto, hokkå/hokko).

En del trekk er typiske for gamle Aure og Hemne prestegjeld — frå Tustna, Smøla og Valsøyfjorden i vest og til Hemne og store deler av Snillfjord kommunar i aust. Hit hører blant anna ordet sný, bruken av pronomenet æ (og dels äg, äk; men Tustna har tradisjonelt é); skjúr (Aure, Valsøyfjord, Hemne, Snillfjord); nektingsadverbet ittj (Stemshaug, Hemne, Snillfjord; Aure varierer og Tustna har ikkje)...

Kystkultur

Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne (2015).

Aure kommune ligg i skjeringspunktet mellom tre tradisjonsbåtområde:

Søfjordingen hadde sitt tyngdepunkt i Skålvikfjorden, rett innanfor Tustna mot slutten av 1800-talet, medan området kring Aursundet var kjerneområdet for aurgjeldgeita. Utover mot Trondheimsleia, særleg lengst aust, var det vel så vanleg å bruke grisbåtar (åfjordsbåtar). Aurgjeldgeita vart etterkvart òg mykje prega av åfjordstradisjonen.

Til heimefiske og småærend vart òg småe, tverrskotta og flatbotna båtar som blir kalla kokser, bruka.

Dei største tradisjonsbåtane det finst levande tradisjon på at har eksistert i kommunen er åttringar med åtte par årar, og somme har nemnt kjerkjebåtar med ni par årar.

Næringsliv

Tjeldbergodden industrianlegg vart bygd av Statoil i 1990-åra. Før utbygginga vart det utført arkeologiske utgravingar, der ein gjorde funn frå Fosnakulturen frå yngre steinalder.

Nyhavn gassterminal tek imot gass frå Ormen Langefeltet.

Aursundbrua går over Aursundet, og bind saman øyene og fastlandet.

Sjå òg

Galleri

Litteratur