Aure kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 31: Linje 31:
Det vart arrangert rådgjevande folkeavstemning om desse to alternativa og nullalternativet den [[25. april]] [[2016]]. Resultatet vart tydeleg fleirtal mot samanslåing. Samtidig stemte ca. 67 % for Hemne-alternativet om det skulle bli samanslåing, mens ca. 24 % stemte for Kristiansund-alternativet.
Det vart arrangert rådgjevande folkeavstemning om desse to alternativa og nullalternativet den [[25. april]] [[2016]]. Resultatet vart tydeleg fleirtal mot samanslåing. Samtidig stemte ca. 67 % for Hemne-alternativet om det skulle bli samanslåing, mens ca. 24 % stemte for Kristiansund-alternativet.


{{thumb|Midt-Noreg - Nordmøre til Trøndelag.png|Aure hører med til nordmørskommunane som har vedteke å utreie og arbeide for overgang Trøndelag per desember [[2016]].}}
{{thumb|Midt-Noreg - Nordmøre til Trøndelag.png|Aure hører med til nordmørskommunane som har vedteke å utreie og arbeide for overgang til Trøndelag per desember [[2016]].}}
I samband med regionreformen, der Nord- og Sør-Trøndelag har vedteke å slå seg saman til Trøndelag, har Aure kommune og fem andre nordmørskommunar vedteke å arbeide for overgang til den nye Trøndelagsregionen.
I samband med regionreformen, der Nord- og Sør-Trøndelag har vedteke å slå seg saman til Trøndelag, har Aure kommune og fem andre nordmørskommunar vedteke å arbeide for overgang til den nye Trøndelagsregionen.



Sideversjonen fra 28. des. 2016 kl. 14:22

Aure
Imarsundbrua.
Basisdata
Kommunenummer 1576
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Aure
Areal 641.37  km²
Areal land 622.24  km²
Areal vann 19.13  km²
Folketall 3 593 (2018)
Grunnlagt 1837
Sammenslåing(er) 1965: Deler av Valsøyfjord og Tustna innlemma
2006: resten av Tustna innlemma.
Fradeling(er) 1894: Valsøyfjord eigen kommune.
1975: Engdal og Rodal overført til Halsa.
Målform Nøytral
Nettside Nettside
23811 Imarsundbrua.jpg
Imarsundbrua.

Aure er ein av dei elleve kommunane på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til Smøla over Edøyfjorden i nord, til Hitra over Trondheimsleia i nordaust, til Hemne over land i aust, til Halsa og Tingvoll over Vinjefjorden i sør, og til Kristiansund over Talgsjøen i vest. Saman med Smøla og Halsa utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningsområdet mellom Nordmøre, Fosen og Orkdalen. Bunadsskikken varierer mellom nordmørsbunad (særleg på Tustna) og aure/hemne-bunaden. Lokalavisene er Nordvestnytt (Smøla/Aure) og Søvesten (Aure/Hemne). Dei mest lesne regionalavisene er Tidens Krav (Kristiansund) og Adresseavisen (Trondheim). Kystlaget Geitbåtens Venner (og tidlegare Imarsundet kystlag òg) held til i kommunen.

Administrasjonshistprie

Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart ihopslegen med Aure i 1965; og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure, og innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, vart lagt til Aure. Engdal og Rodal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart ihopslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.

Kommune- og regionreform i 2010-åra

I kommunereformen 2014–2020 skreiv Aure kommune under to intensjonsavtalar:

Det vart arrangert rådgjevande folkeavstemning om desse to alternativa og nullalternativet den 25. april 2016. Resultatet vart tydeleg fleirtal mot samanslåing. Samtidig stemte ca. 67 % for Hemne-alternativet om det skulle bli samanslåing, mens ca. 24 % stemte for Kristiansund-alternativet.

Aure hører med til nordmørskommunane som har vedteke å utreie og arbeide for overgang til Trøndelag per desember 2016.

I samband med regionreformen, der Nord- og Sør-Trøndelag har vedteke å slå seg saman til Trøndelag, har Aure kommune og fem andre nordmørskommunar vedteke å arbeide for overgang til den nye Trøndelagsregionen.

Geografi

På Lesundøya ligg Ungdomshuset Strandtun, og øya hadde eigen skulekrins til 2009.

Språk

Den tradisjonelle dialekten i heile kommunen er typisk nordmøring med tjukk l, inkludert i -ord i store deler av kommunen (minst på innersida av Tustna); jamvekt med kløyvd infinitiv; og ulik ending i eintal bestemt form nominativ/akkusativ av svake hokjønnsord (/-a i ord som bókjä, äłvä; /-o i ord som bøttå/bøtto, hokkå/hokko).

En del trekk er typiske for gamle Aure og Hemne prestegjeld — frå Tustna, Smøla og Valsøyfjorden i vest og til Hemne og store deler av Snillfjord kommunar i aust. Hit hører blant anna ordet sný, bruken av pronomenet æ (og dels äg, äk; men Tustna har tradisjonelt é); skjúr (Aure, Valsøyfjord, Hemne, Snillfjord); nektingsadverbet ittj (Stemshaug, Hemne, Snillfjord; Aure varierer; og Tustna har ikkje, som rettnok ser ut til å vera ei yngre form på Stabblandet)...

Kystkultur

Båtar

Nybygd aurgjeldsfyring ved Husasnotra i nabokommunen Halsa.
Foto: Olve Utne (2015).

Aure kommune ligg i skjeringspunktet mellom tre tradisjonsbåtområde:

Søfjordingen hadde sitt tyngdepunkt i Skålvikfjorden, rett innanfor Tustna mot slutten av 1800-talet, medan området kring Aursundet var kjerneområdet for aurgjeldgeita. Utover mot Trondheimsleia, særleg lengst aust, var det vel så vanleg å bruke grisbåtar (åfjordsbåtar). Aurgjeldgeita vart etterkvart òg mykje prega av åfjordstradisjonen.

Til heimefiske og småærend vart òg småe, tverrskotta og flatbotna båtar som blir kalla kokså (Tustna) eller pramo (Aure), bruka.

Dei største tradisjonsbåtane det finst levande tradisjon på at har eksistert i kommunen er åttringar med åtte par årar, og somme har nemnt kjerkjebåtar med ni par årar. Kjerkjebåten «Fjordamerra» frå 1842 med sju årepar er den eldste — og største — kyrkjebåten som er bevart i området, og det er bygd fleire kopiar av han frå 1990-åra av.

Bryggjer og naust

Svalgangsbryggje og svalgangsnaust i ArasvikaErtvågsøya.
Foto: Olve Utne (2015).
Svalgangsbryggje på Innerberg.
Foto: Olve Utne (2008).

I Aure kommune finst den største konsentrasjonen av bevarte svalgangsnaust og svalgangsbryggjer i landet.

Næringsliv

Tjeldbergodden industrianlegg vart bygd av Statoil i 1990-åra. Før utbygginga vart det utført arkeologiske utgravingar, der ein gjorde funn frå Fosnakulturen frå yngre steinalder.

Nyhavn gassterminal tek imot gass frå Ormen Langefeltet.

Aursundbrua går over Aursundet, og bind saman øyene og fastlandet.

Sjå òg

Galleri

Litteratur