Forside:Husdyrraser

Om Husdyrraser
Det finst fleire tradisjonelle husdyrrasar i Noreg og nærområda. Det følgjande er ei liste over slike rasar sortert etter dyreslag:
 
Smakebitar
Sauegjeting i Bøgrend i Vinje kommune.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling
(1950-52)
NEG 105 Sauehald er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1964 med tittel Sauehald. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Gustav Nærland.   Les mer …

Kasjmirgeit med kje på Tustna.
Foto: Olve Utne
(2012)
Kasjmirgeit er fellesnamn for ymse geiterasar som gjev kasjmirull — ei botnull av særleg fine fiber. I Norge vart dei aller første kasjmirgeitene importert frå New Zealand av Landbrukshøgskolen (frå 2005 Universitetet for miljø- og biovitenskap) i 1993 i samband med eit forskningsprosjekt, og seinare har det vorte importert sæd frå Skottland. Norsk kasjmirlag vart stifta i Aberdeen i Skottland den 31. august 2003. Rasestandarden for norsk kasjmirgeit vart utarbeidd som ein del av eit forskningsprosjekt i perioden 2004–2008. Kasjmirgeitene har generelt god helse; dei er rolige av gemytt og har eit sterkt flokkinstinkt. Dei er relativt lett å halde inngjerda så lenge dei har eit interessant beiteområde der det er godt med mat. I tillegg til ull- og kjøttproduksjonen er landskapspleie, inkludert vedlikehald og restituering av kulturlandskap, eit viktig bruksområde for kasjmirgeitene.   Les mer …

Kystgeit, òg kalla utegangargeit og villgeit, er ein geiterase som tradisjonelt blir halden på øyane langs kysten. Alle dyra som finst att i dag er etterkommarar etter utegangargeiter frå Stadlandet i Selje i Nordfjord, Sandsøya i SandeSunnmøre og Skorpa i Herøy på Sunnmøre. Kystgeita har tradisjonelt vore halden for kjøtet si skuld og ikkje for mjølking. Tradisjonelt har mange av bukkekjea vorte kastrert.   Les mer …

Islandsgeiter.
Foto:  Magga Dóra
Islandsgeit (islandsk íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit (islandsk íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geiterasen på Island. Ein trur at geitene er ukryssa etterkommarar etter dei geitene som landnåmsmennene tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012).   Les mer …

Foto: Knut E. Haug
Sidut trønderfe og nordlandsfe (nynorsk sidut t.; nynorsk/bokmål sidet t., sidete t.; ofte forkorta til STN), ofte kalt rørosfe, er ein svartsidut og kollut, mellomstor storferase frå Midt- og Nord-Norge med offisielt avgrensa opphav i Trøndelag fylke og Nordland. Det tilsvarande tradisjonelle svartsidute og kollute storfeet på Nordmøre vart derimot — av amts- og fylkesadministrative grunnar? — definert inn under vestlandsk fjordfe da rasane vart definert mot slutten av 1800-talet og utover 1900-talet. I praksis er STN vanlig frå Nordmøre og Nord-Østerdalen og nordover. I Norrland i Sverige finst òg liknande dyr, som der blir kalt fjällkor eller svensk fjällras.   Les mer …

Ein fjording på beite på Hjerl Hede i Danmark.
Foto: Tomasz Sienicki
Fjordinghoppe med føll i Asker utenfor Oslo.
(2003)
Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten. Fjordingen er kjenneteikna med den meir eller mindre blakke fargen sin og med den såkalla ålen — ei mørk stripe frå manke til hale på kvar side av det lysare, gjerne kvite, midtfeltet av manen. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjende. Tradisjonelt blir fakset klipt, slik at fjordingen får ein ståande man. Vanleg mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje uvanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjende nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk.   Les mer …
 
Kategoriar for Husdyrraser


 
Andre artiklar
 
Siste endringer for Husdyrraser

Flere endringer ...