Forvaltningsområdet for samisk språk: Forskjell mellom sideversjoner
(Kategori) |
(Prosjektmal språkskifte...) |
||
Linje 42: | Linje 42: | ||
== Lenkjer == | == Lenkjer == | ||
* [http://www.regjeringen.no/en/dep/fad/tema/samepolitikk/samiske_sprak/samelovens-sprakregler-og-forvaltningsom.html?id=633281 Samelovens språkregler og forvaltningsområde] | * [http://www.regjeringen.no/en/dep/fad/tema/samepolitikk/samiske_sprak/samelovens-sprakregler-og-forvaltningsom.html?id=633281 Samelovens språkregler og forvaltningsområde] | ||
{{Språkskifte i norske kommunar 1892-2013}} | |||
[[kategori:samer]] | [[kategori:samer]] |
Sideversjonen fra 17. okt. 2013 kl. 07:49
Forvaltningsområdet for samisk språk i Noreg, òg kalla Det samiske forvaltningsområdet, består av spesifikke kommunar og fylke der norsk og samisk er likestilte i offentlig forvaltning. For innbyggjarane inneber dette rett til å bruke samisk i møte med offentlige etatar i desse kommunane. Kommunane har blant anna ansvar for eit relevant tilbod til samar i barnehage og grunnskule, og tospråklige skilt skal ha det samiske namnet før det norske. Kommunane og fylka får på si side tilskott frå Sametinget — både generelt tilskott og tilskott spesifikt til språkopplæring, språksenter (både i og utanfor forvaltningsområdet), museum, kultursenter, kulturhus og tiltak innanfor helsevesenet.
Dei norske myndigheitene anerkjenner tre offisielle samiske språk: nordsamisk (i skoltesamisk og nordsamisk område), lulesamisk (i lulesamisk og pitesamisk område) og sørsamisk (i umesamisk og sørsamisk område).
På fylkesnivå hører Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark til forvaltningsområdet.
Sørsamisk (og umesamisk) område
I det ume- og sørsamiske området hører desse kommunane inn under Det samiske forvaltningsområdet:
- 2008– : Snåasen tjïelte / Snåsa kommune (Nord-Trøndelag fylke)
- 2013– : Raavrevijhken tjïelte / Røyrvik kommune (Nord-Trøndelag fylke)
I tillegg støttar Sametinget språksenteret Aajege i Røros kommune i Sør-Trøndelag fylke.
Hattfjelldal kommune (Aarborte) i Nordland fylke vedtok i desember 2012 å begynne arbeidet med ein søknad om innlemming i forvaltningsområdet.[1]
Lulesamisk (og pitesamisk) område
I det pite- og lulesamiske området hører berre éin kommune til Det samiske forvaltningsområdet:
- 2006– : Divtasvuona suohkan / Tysfjord kommune (Nordland)
I tillegg støttar Sametinget språksenteret Árran på Drag i Tysfjord kommune.
To kommunar har ikkje søkt om innlemming i fovaltningsområdet, men har vedteke offisielt samisk namn: Bodø kommune (lulesamisk: Bådåddjo) og Hamarøy kommune (lulesamisk: Hábmera suohkan, Hábmer).
Nordsamisk (og austsamisk) område
I det nordsamiske og austsamiske området hører desse kommunane til forvaltningsområdet:
- Guovdageainnu suohkan / Kautokeino kommune (Finnmark)
- Kárášjoga gielda / Karasjok kommune (Finnmark)
- Deanu gielda / Tana kommune (Finnmark)
- Unjárgga gielda / Nesseby kommune (Finnmark)
- Porsáŋggu gielda / Porsanger kommune (Finnmark)
- Gáivuona suohkan / Kåfjord kommune (Troms)
- Loabáid gielda / Lavangen kommune (Troms)
Fotnotar
- ↑ «Tar ansvar for det sørsamiske språket» (Sametinget)
Lenkjer
Forvaltningsområdet for samisk språk er del av prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 som er komme i stand i samband med Språkåret 2013. Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien. |